AMD avslørte planen for nye skjermkort og prosessorar

Det er ein ny generasjon av Ryzen-prosessorar og RDNA-skjermkort på veg.

AMD

Det kjem fram i referatet frå eit investormøte hos AMD.

– Me ligg an til å lansere vår neste generasjon av produkt i 2022, sa AMD-direktør Lisa Su.

Zen 4 kjem altså i løpet av 2022 på ein 5-nanometer-node, og det same skal RDNA 3-skjermkorta.

Su fortalde at dei har jobba hardt med å auke produksjonen for å møte den ekstreme etterspurnaden for skjermkort, og at forholda har blitt betre i løpet av dei siste månadane.

– Me gjer framgang kvart kvartal. Eg vil tru at det blir knapt med tilgang til enden av dette året, men eg trur det kjem til å bli betre i 2022. Me planlegg for betydeleg vekst, sa Su.

Produsenten er altså ikkje heilt trygg på dette sjølv, så ein må berre vente og sjå om tilgjengelegheita av skjermkort blir større etter kvart. Dette sannsynlegvis òg at dei skyhøge prisane ikkje går nemneverdig ned med det første.

Tener gode pengar

Selskapet har hatt ein fenomenal vekst det siste året, og har tatt ein større del av PC-marknaden. Visepresident Devinder Kumar i AMD kunne fortelje at selskapet auka omsetninga med 99 prosent i andre kvartal, samanlikna med året før. Totalt omsette dei for 3,85 milliardar dollar i andre kvartal.

Omsetninga av prosessorar og skjermkort gjekk opp med 65 prosent.

– Me trur ikkje det var noko stor kryptokomponent i skjermkortomsetninga vår. Det handlar om auke i sal av RDNA 2, sa Lisa Su.

Kumar ventar endå større vekst i tredje kvartal i år, og siktar på ei omsetning på 4,1 milliardar dollar. Dei ventar rett nok at ein større del av inntektene kjem frå datasenter, ikkje skjermkort, men etterspurnaden for forbrukarskjermkort er framleis sterk, meiner AMD.

– Me leverte endå eit glimrande kvartal med veldig sterkt år-til-år-vekst, og leverte eksepsjonell avkastning, sa Kumar.

Siste fra forsiden