Anmeldelse

Rayman: Origins

Smellvakker og fornøyeleg plattform for barn i alle aldrar.

Det er vel ikkje så mykje anna å seie enn endeleg. Ikkje berre har Rayman dei siste åra blitt erstatta av stadig meir rabiate og irriterande kaninfjottar, men det er samtidig ikkje lenger vanleg at sideskrollande plattformeventyr blir stilt opp i butikkhyllene. Denne ein gong så dominante og populære sjangeren har svunne hen til å nesten bli ein kurositet berre Nintendo verkeleg kan sko seg på.

Rayman: Origins har trass sitt uhyre uoppfinnsame namn all rett til å få sole seg i nøyaktige den same glansen som Nintendo sine største plattformheltar. Ubisoft med Michel Ancel i spissen har skrudd saman eit herleg og fyldig plattformspel som er så hinsides lekkert at det er noko alvorleg gale med verda om dette ikkje blir starten på ein ny trend.

Denne karen blei altså skapt før Top Model blei eit begrep.
Denne karen blei altså skapt før Top Model blei eit begrep.

Kast tradisjonane!

Kor lenge er det sidan sist du såg eit handteikna spel som ikkje var frå eit lite og ukjent selskap som leverer underhaldning til spesielt interesserte gjennom digital nedlasting? Eit spel der alt var todimensjonalt og mana fram av dyktige illustratørar som ikkje måtte ty til polygonar og avanserte lyssystem for å vekke ei verd til live? Det er langt frå kvardagskost at eit sideskrollande og handteikna plattformspel blir dytta ut i butikkhyllene midt i det verste julerushet, men Ubisoft har all grunn til å ha stor tru på produktet sitt, for Rayman: Origins er eit herleg og variert plattformspel som rivaliserer det beste Nintendo har å kome med.

Men det var desse handteikna figurane. Om du aldri før har sett 2D-animasjon i 1080p er det berre å halde seg fast. Den første gongen du ser kva spelet har å by på reint estetisk er det lett å få hakeslepp. Det er så hinsides vakkert at ein kan gå seg vill i å utforske dei mange små detaljane som ligg gøymt i kulissane. Over nydelege og panorerte bakgrunnar spring karikerte og lattervekkande animerte figurar over skjermen og gjer alt det skikkelege plattformheltar skal gjere.

For å sørgje for at latteren sit laust kan du spele aleine eller saman med opp til tre andre spelarar på same skjerm. Spelet er stor moro uavhengig av om du er aleine eller sosial, men når to eller fleire absurde figurar spring over skjermen blir spelet noko heilt anna.

Du skjønar, i Rayman: Origins handlar det ikkje berre om å kome seg frå punkt A på venstre ende av skjermen, til punkt B på høgre ende av skjermen. Her skal det samlast inn lysande små skapningar, myntar og kister fulle av rosa electoons. Sjølv om ingen av spelarane teknisk sett vinn noko som helst på å samle mest, endar spelet naturleg opp med å skape ein beinhard konkurranse der ein prøvar å kome først fram, hoppe høgst, sabotere for den andre om det skulle passe seg, og ikkje minst denge kvarandre med ei flat handside som hadde fått Barney Stinson til å flykte i panikk.

Litt venskapleg knuffing.
Litt venskapleg knuffing.

Organisert kaos

Det sosiale Rayman: Origins er som ei kaotisk blanding av tradisjonelle Rayman og Super Smash Bros. Ein jagar kvarandre over brettet og bannar og ler om kvarandre medan ein kontinuerleg gjer sitt beste – eller verste – for å sitje igjen med flest av dei små og lysande skapningane. Desse fungerer som ein slags økonomi i spelet, og har du mange nok av dei kan du vinne ein ny electoon.

Electoon er på si side ein meir verdifull kurs. Om dei lysande skapningane er dollar, er electoons gullbarrane du kjøper for den dollaren, og har du nok electoons kan du låse opp spesielle nivå som let deg jage ei kiste i høgt tempo. Fakkar du den låser du opp spelets siste og aller høgste kurs; raude kystalltenner. Kva desse er gode for får du finne ut sjølv.

Skal du gjere alt dette aleine endrar spelet seg ganske drastisk, og det kaotiske preget forsvinn i stor grad. Dette betyr derimot ikkje at spelet spelast saman med andre. Rayman: Origins er eit glimrande spel okke som, og byr på ei lang rekke geniale sekvensar som får testa koordinasjonen din grundig. Av og til blir spelet så hektisk at ein nesten kan bli raud i trynet over kva spelet forventar av deg. Nokre gongar skal du prestere ei lang rekke med perfekte hopp medan du flyg framover i full fart, og andre gongar skal du klatre opp metallbitar og treplankar som fell nedover.

Du møter stadig ei utfordring, men det mest imponerande er strengt tatt kor varierte desse utfordringane maktar å vere. Gjennom dei forskjellige verdene vi reiser til møter vi eit mangfaldig og uhyre kreativt spel som sprikar i mange retningar og har full kontroll i alle situasjonar.

Nokre område byr på ordinære plattformsekvensar i eit avslappa tempo medan andre er den rake motsetning. Spelet byr òg på nokre av dei beste undervannsnivå eg nokon gong har spelt i eit plattformspel. Du sym gjennom eit mørkt vatn der du heile tida må halde deg innanfor lyktene til djuphavsfiskar som kan vere både venlege og agressive, medan du prøvar å unngå alle farane som ventar ute i mørket. Det er nesten hypnotiserande vakkert samtidig som den forførande musikken kilar deg i øyret. Slapp jazz med eit abstrakt og nesten skrullete kor pitcha opp til LocoRoco-nivå er ikkje kvardagskost, men det funkar så vanvittig bra!

Har aldri vore så glad i havet som no.
Har aldri vore så glad i havet som no.

Ein audiovisuell fest

Musikken i Rayman: Origins er ein rein fest for øyra, og den passar fantastisk godt i kvart område du måtte vere. Samtidig maktar den å gjere originale og heilt uventa ting som får deg til å stoppe opp og berre lytte ei stund. Den største suksessen er i og for seg ikkje at den er så gjennomført, men korleis den alltid kler kvart unike område på ein imponerande god måte.

På ferda gjennom det absurde Rayman-universet vil du reise gjennom vanlege plattformutfordringar, og vi startar i ein frodig jungel. Etter det ber det som sagt ut mot havet, men vi får i tillegg klatre litt i fjella, skli på glattisen og passe oss for den intense varmen som her og der skapar brennheite situasjonar. Det er altså ikkje her den store kreativiteten ligg. Vi har sett alle desse områda før i mange variantar i ekstremt mange spel, men eg kan love deg at du aldri har sett dei slik. Ikkje berre ser det heile heilt vanvittig bra ut, men i tillegg er det lett å få inntrykket av at heile verda er i live. Noko kan skje kvar som helst, og du veit veldig godt at det ligg skjulte skattar og ventar på deg overalt.

Dette skapar enorme moglegheiter for gjenspeling. Ikkje berre for at du skal leite gjennom område du allereie har vore gjennom, men òg sidan kvar nye verd byr på ei ny kraft. I starten kan du berre springe og hoppe, men etter kvart kan du slå, gli gjennom lufta, og springe langs veggar for å nemne noko.

Område som tidlegare var umoglege å nå, eller berre vanskelege å nå blir gradvis lettare etter kvart som vår helt byggjer opp repertoaret sitt. Du klarar sjeldan å gjere alt nokon stad på første forsøk, og du har difor mange gode grunnar til å halde fram med å spele sjølv om du teknisk sett skulle vere ferdig.

Til og med R-Type har snike seg inn i Rayman: Origins.
Til og med R-Type har snike seg inn i Rayman: Origins.

Konklusjon

Sideskrollane plattformspel har hatt behov for ei solid vitamindose i lengre tid. Ikkje sidan det som måtte finnest der er dårleg, men fordi det er for lite av desse herlege spela. Det vesle som skulle vere der er òg gjerne ikkje noko som skrik mamma til veslemann på 7 år i trynet når ho går på butikken for å finne ei julegåve.

Rayman: Origins er derimot eit offensivt forsøk på å gjere noko med dette. Det er eit heilt glimrande spel som gjer så og seie alt riktig. Spelet demonstrerer med glans at det framleis kan tenkjast nytt og kreativt med ein av dei eldste sjangrane vi har. Vi reiser til mange herlege område som alle byr på sine unike og krevjande utfordringar. At opp til fire stykk kan gjere dette samtidig gjer i tillegg spelet til eit fantastisk spel for sosiale samlingar der latteren vil sitte ekstremt laust medan ein prøvar å samarbeide og spolere for kvarandre på ei og same tid.

Ein skal heller ikkje gløyme at dette spelet utan tvil er årets vakraste spel. Gløym Battlefield 3 med sine grå soldatar, grå byar, og grå røykskyer. Rayman: Origins byr på ei solid og forferdeleg nødvendig overdose med fargerik glede. Jula er i boks!

Rayman: Origins kjem i sal torsdag 24. november, for Xbox 360, PlayStation 3 og Wii.

Vurdering


X360 | PS3 | Wii
Klassisk

Rayman Origins PS3

Rayman Origins Wii

Rayman Origins X360

Rayman Origins PS3 PS3 9/10 X360 9/10 Wii 9/10 Vita 3DS Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. november 2011
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft Montpellier

Beste priser

På leverandørlager 199,- Til butikk
Forventet lagerdato 203,- Til butikk
Ikke på lager 289,- Til butikk

Rayman Origins Wii Wii 9/10 X360 9/10 PS3 9/10 Vita 3DS Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. november 2011
  • Plattform: Nintendo Wii
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft Montpellier

Rayman Origins X360 X360 9/10 PS3 9/10 Wii 9/10 Vita 3DS Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 24. november 2011
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft Montpellier

Kommentarer (33)

Forsiden akkurat nå

Til toppen