Anmeldelse Street Fighter IV

Ei legende er tilbake

Gløym alle andre slåssepel, sjefen over alle sjefar er her for å sparke rumpa di.

Street Fighter er storebroren til alle slåssespel. Han er den barske karen som alltid var der, som alltid såg over skuldra di, og alltid gav deg ein sarkastisk kommentar om at det du gjor i livet ditt ikkje levde heilt opp til hans høge standard. No har han tatovert ein I og ein V bak namnet sitt, og er klar til å for alvor vise deg kven sjefen eigentleg er.

Før eg går vidare må eg putte opp eit kvitt flagg, og rekkje ut ei venleg hand til min eigen storebror; dette er ikkje personleg meint. Men her er noko ein generelt sett bør vite om storebrør: Dei trur dei er betre enn deg. Sidan dei har levd nokre år lengre, trur dei at dette gir dei retten til å automatisk ha rett i alle ting. Dei trur òg at dette gjer deira merkelege vegar meir meiningsfulle. Dei trur det er deira livrett å gjere ting litt vanskelegare, berre fordi. Sjølv om du har leika mykje med dei yngre brørne, betyr ikkje det at du automatisk får leike med han. Skal du få innpass i denne heilage sfæren, skal du skulerast, testast og gå gjennom ein elddåp av halsbrekkande proporsjonar.

Det verste er at han har rett, heilt fullstendig udelt og hjarteknusande rett.

Grisebank!

Om du er ein av dei som berre har leika med veslebrørne til Street Fighter, vil du ikkje vite kva som traff deg før du ligg langflat på bakken med knekt nase. Street Fighter IV er blodhardt. Det er eit spel som trass i at utviklarane har gått og sagt dei har gjort det lettare for nykomarar (blank løgn), krev ein dedikasjon få andre spel på nokon måte tør nærme seg.

Dette finn du ut veldig tidleg. Om du er ny med denne serien, og berre vil slå nokre slag mot maskina, vil du bli slått ut i løpet av få sekund, sjølv på lett vanskegrad (her må det nemnast at spelet har to vanskegrader under lett, så alt håp er ikkje ute). Street Fighter IV er eit spel som på eit svært tidleg tidspunkt informerer deg om at retningslaus knappetrykking er kjappaste vegen ut av ringen. Skal du stå ein sjanse, må du lære deg dei forskjellige kampkjempene å kjenne. Det er ikkje nok å kunne alle angrepa til krigaren du vel å bruke, du må i tillegg kunne alle angrepa til dei andre krigarane, slik at du veit instinktivt korleis du skal handtere alle situasjonar som måtte oppstå.

For å oppnå denne kunnskapen har Street Fighter IV ein svært hendig treningsmodus som let deg gå gjennom dei forskjellige angrepa til kvar krigar. Det byrjar lett nok, og du trur du får ting til, men det tek ikkje lang tid før du ser kor avansert dette spelet er. Det er ikkje nok å berre kunne Ryus flammekule, eller Chun Lis turbospark. Dette er berre starten. Snart må du lære deg å lenkje saman dei forskjellige angrepa i eit tempo som krev presisjon på millisekundnivå.

Du kan nok lett ende opp med å tenkje at dette ikkje er heilt nødvendig, og at du klarar deg fint utan, men dette er ein stor feil å gjere. Det er først når desse kombinasjonane av angrep sit i fingrane, at spelet verkeleg opnar seg opp, og visar seg som det kompromisslause beistet det er.

Som i gamle dagar

Street Fighter IV har kanskje overført dei todimensjonale figurane vi kjenner frå gammelt av til 3D på ein fantastisk måte, men dette er likevel eit spel i berre to dimensjonar. I motsetning til dei fleste andre slåssespel på marknaden, har du ikkje ein arena å kjempe på. Du kan ikkje gå til sida, rulle unna, eller på nokon måte utnytte omgivnadane (bortsett frå eit vegghopp om du når kanten av skjermen). Du kan berre gå til høgre eller til venstre på skjermen i god retrostil, og dette i seg sjølv er noko som gjer spelet heilt unikt om vi samanliknar det med sine umiddelbare konkurrentar.

Det er mindre å tenkje på, samtidig som tempoet og den manglande fridomen tvingar deg til å ha tunga beint i kjeften heile tida. Blir du pressa opp i eit hjørne, har du ingen veg å gå, der er berre eitt hjørne, og skal du kome deg ut, hjelper det ikkje å prøve å forsvare seg med armane framfor hovudet. Du må gå til motangrep, og dette er eit av områda der det kjem til stor nytte å vite nøyaktig korleis dei forskjellige krigarane fungerer. Når du veit til punkt og prikke kor lang tid eit spesielt spark tek frå å bli avfyrt, til det hamnar i panna di, veit du samtidig nøyaktig når du skal gripe tak i motstandaren for å kaste han i bakken.

Om du ikkje skulle kunne spelet så pass, har du likevel måtar å hamle opp med konkurrenten, om du skulle kome deg ut av den kinkige situasjonen sjølvsagt. Først ut kjem fokusangrep. Ved å halde inne medium slag- og spark-knappane samtidig, vil du lade opp eit angrep som kan bryte gjennom det meste. I tillegg kan det absorbere eit angrep, noko som gjer det til eit ypparleg verkty i tronge situasjonar.

Spelet har i tillegg eit hemn-meter som byggjer seg opp etterkvart som du mottek skade. Når denne fyller seg opp kan du utføre ultra-angrep som gir enormt mykje skade til motstandaren, så det gjeld å vite når ein skal bruke dei. Desse angrepa er i motsetning til mange av krigarane sine individuelle angrep temmeleg lette å utføre, og kan ende opp med å snu ein kamp fullstendig på hovudet. Utteljinga kjem både i form av massiv skade som snur vektene, samt ein herleg liten animasjonssekvens som påpeikar kor heftig det du nett gjorde var.

Eit levande måleri

Animasjonene er utan tvil noko av det som umiddelbart viser kvifor Street Fighter-serien fortente ei heilt ny utgåve. Spelet er vanvittig pent, og maktar å overføre dei gamle og velkjende kamphanane over i 3D på ein forbløffande måte. Kvar enkelt krigar er full av liv, og alt frå kva kroppshandling dei har, til korleis ansiktsuttrykka deira endrar seg gjennom ein kamp, er med på å få heile spelet til å framstå som mykje meir levande enn noko anna kampspel på marknaden.

Krigarane er karakteriserte på ein så god måte at du verkeleg forstår kven dei er. Det er ei utstråling som er direkte uvanleg i eit spel, og den er veldig velkommen. Samtidig har Capcom spytta inn enda litt liv i spelet ved å la krigarane kome med forskjellige kommentarar medan du spelar. Det er ikkje djup prosa vi får høyre, men det er nok til at sirkelen blir komplett. Det er ikkje nok at den smellfeite tornadoen Rufus sparkar deg frå sans og samling, han hånar deg medan han gjer det, og det gjer deg forbanna.

Sjølv om det er dei fantastiske mekanikkane i spelet som først og fremst får deg til å spele meir, er forholdet til krigarane òg ein stor grunn. Du sluttar å sjå på dei som enkle motstandarar i eit spel, og ser dei heller som rivalar du skal knuse. Sjølv om spelet udiskutabelt er best når du spelar mot andre spelarar, er dette noko som får deg til å kome tilbake sjølv om du skulle bli sitjande heilt aleine.

Det er bra, for ved å sitje aleine med din nye ven og rival Street Fighter IV, kan du etter kvart låse opp mange godsaker. Du kan til dømes låse opp nye karakterar å kjempe med, samt teikningar og videoar i galleriet.

Presisjonshelvete

Mykje av utfordringa Street Fighter IV byr på er eigentleg å få til dei forskjellige angrepa. Dei er ofte vanskelege å utføre, og krev presisjon og timing som dei fleste andre slåssespel held seg unna. Dette blir litt verre av at total presisjon krev ein kontrollar som òg har total presisjon, og dette kan raskt bli litt problematisk, både på Playstation 3 og Xbox 360. Mange vil nok ty til D-paden, sidan denne gir mykje meir presis kontroll enn ei analogstikke, men sidan D-paden på Xbox 360 er direkte tragikomisk, er dette noko som raskt svekker Xbox 360-versjonen.

Du kan sjølvsagt bruke analogstikka, og til mange angrep er denne faktisk lettare å bruke enn D-paden, både på Xbox 360 og Playstation 3. Det er likevel mange angrep som er veldig vanskelege å utføre med stikka, spesielt om du skal trykke til dømes bak og fram veldig kjapt, noko som i mi erfaring med analogstikker får krigaren min til å ta eit ufrivillig hopp. Resultatet er at presisjonen er udiskutabelt betre på Playstation 3, og med mindre du har planar om å skaffe ei arcade-stikke til dette spelet, er det ingen tvil om kva versjon du bør velje.

Konklusjon

Det er ingen tvil. Street Fighter IV leverer varene, og så til dei grader. Det er eit spel som berre tar og tar, heilt til noko brått seier stopp og det berre gir og gir til du ikkje greier gjere noko anna enn å le medan gledestårer trillar nedover kjakane dine. Spelet gjer eigentleg ingenting nytt, men det er polert og modernisert i ei slik grad at det framstår som nytt. Det har ei utstråling vi ser sjeldan, og å bruke tid på dette spelet er rein og skjær glede.

Playstation 3-versjonen når litt høgre enn Xbox 360-versjonen, sjølv om dette ikkje er på grunn av Capcom sitt arbeid. Begge versjonane er identiske, men med Xbox 360-sin dårlege D-pad, blir spelet mykje vanskelegare å spele. Om du skal ha deg ei arcade-stikke, kan du derimot sjå på begge versjonane som like fantastiske.

Merk: Anmeldelsen er basert på fullversjonar av spillet som ikkje kunne koplast mot nett. Difor er ikkje nettfunksjonen vurdert.

Diskuter artikkelen

Vurdering


Street Fighter IV PS3

Street Fighter IV X360

Street Fighter IV PS3 PS3 9/10 Windows X360 9/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. juli 2009
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Capcom
  • Utvikler: Capcom

Street Fighter IV X360 X360 9/10 Windows PS3 9/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. juli 2009
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Capcom
  • Utvikler: Capcom

Forsiden akkurat nå

Til toppen