Anmeldelse

Your Shape: Fitness Evolved

Ikkje så glad i treningssenter? Då er dette midt i blinken.

Ubisoft tek treningsspela eit langt steg vidare med Your Shape: Fitness Evolved. No er det slutt på dagane der du kunne lure deg til å fullføre ved å jukse med kontrollane. Kinect les alt du gjer, og dette sørgjer for at du gjennom mange treningsøkter i Your Shape kontinuerleg vil få tilbakemeldingar på kva du gjer, korleis du gjer det, og om du kan gjere det betre.

Inn i manesjen

Det er lett å bli litt imponert når du først startar opp Your Shape: Fitness Evolved. Spelet – eller treningsprogrammet om du vil – set umiddelbart i gong med å måle dine fysiske forhold. På skjermen får du sjå ein tredimensjonal versjon av deg sjølv plassert i eit elegant og stilreint område, medan horisontale og vertikale linjer går over kroppen din for å måle kor langt kvart ledd er. Etter dette vel du berre kor mykje du veg, kva kjønn du er, og nokre andre simple livsstilsval, og du får servert dine første treningsforslag.

Kroppsskanneren på flyplassen er ingenting mot dette

Your Shape: Fitness Evolved har ei oppbygging som gjer det meir imøtekomande enn dei fleste andre Kinect-spel. I staden for å flytte ein musepeikar rundt på skjermen med handa, legg små runde ikon seg rundt 3D-versjonen av deg. I staden for å flytte ein peikar over desse, strekkjer du berre handa til kva du vil gjere, noko som opnar ein undermeny der du berre held handa i ro nokre korte sekund for å gjere ditt val. Det er eit veldig brukarvenleg og elegant system som gjev deg ei mykje større kjensle av å vere inne i spelet enn andre Kinect-spel får til. Det er mykje grunna at du heile tida har deg sjølv på skjermen som referanse, men berre det å sleppe å navigere ein peikar er forfriskande.

Designet er i det heile svært godt i spelet, og Ubisoft har sørga for å gjere det heile så enkelt og umiddelbart som mogleg. Av denne grunn har du difor veldig få val å halde styr på. Du kan velje ei kort og spesifisert treningsøkt, justere personlege innstillingar, eller gå i gang med ein treningstime som består av lengre og meir samansette økter innanfor spesielle felt som Zen og kardioboksing.

Det blir raskt klart at Your Shape: Fitness Evolved handlar meir om å la deg velje akkurat den økta du vil, enn å setje klare mål. Blant dei forskjellige treningsøktene kan du velje nøyaktig kva du vil arbeide med, og du kan gå frå intensitet for nybyrjarar, til meir krevjande saker. På lista over økter finn vi alt frå å trene rumpe og lår, etter fødselen (eg forstår ikkje heilt kvifor eg får tilbod om dette), hardkøyr for armane, og mykje meir. Det er mykje å velje i uavhengig av om du vil byggje musklar, eller om du vil gå ned i vekt.

Kva no?

Når du går i gong med ei økt blir du sendt inn i eit kvitt treningsrom med to store kvadrat på golvet. Det eine er for din personlege trenar, og det andre er for deg slik at du kan sjå kvar du bør stå. Ved å sjå på trenaren din, samt følgje med på rytmen i musikken i bakgrunnen skal du følgje med så godt du kan, og dette fungerer heilt utmerka. Alt du gjer har små undermål for maksimalt utbytte, og på toppen av skjermen får du sjå kva du bør vere obs på. Dette kan vere alt frå å ha brei beinstilling til å strekke armane ut, og spelet er svært merksamt på at du gjer det riktig.

Ein time Zen om dagen gjer godt i magen

Om du skulle gjere noko feil, får du tilbakemelding både visuelt og gjennom ei stemme som fortel deg korleis det eigentleg skal gjerast. Du får beskjed om korleis du skal stå, om du må lengre ned når du skal ta eit utfall, og når du treff riktig får du umiddelbart positiv respons. Slike ting hjelper faktisk stort. Eg kan merke enorm forskjell på dei minste endringar i korleis eg utfører ting, og at Kinect klarar å sjå så nøyaktig om eg gjer det riktig eller ikkje er veldig imponerande.

Dei forskjellige øktene er lagt opp i fleire delar. Som regel består ei økt av tre mindre økter som igjen består av tre forskjellige repetisjonar. Spelet varierer godt på kva du gjer, og sørgjer for at du får pausar der det trengst, og at du ikkje tyner dei same muskelgruppene for mykje. Samtidig nyttar spelet desse pausene til å kome med nyttig informasjon. Det høyrest kanskje litt vel opplagt ut å måtte minne folk på å drikke medan ein trenar, men med tanke på kort viktig det er, skadar det ikkje å opplyse om det. Det er likevel ikkje alltid så elementært som dette. Sidan eg valte at eg vil trene for å få ned stressnivået, har Your Shape-stemma informert meg om fleire studier som viser kor mykje det vil hjelpe akkurat meg å trene litt.

I tillegg til øktene har Your Shape: Fitness Evolved nokre alternativ om du ikkje er interessert å å jobbe for hardt. Fleire små spel byr på forskjellige fysiske utfordringar du kan halde på med over lengre tid, om det så er å bokse klossar, balansere boksar på eit langt bord eller herje med ein rockering. Desse leikane kan godt brukast som oppvarming, og spelet kunne gjerne ha opplyst deg om akkurat det.

Oppvarming eller ikkje, det viktigaste er om Your Shape: Fitness Evolved er i stand til å få deg til å sveitte godt, og verke i kroppen dagen der på. Det kan det så absolutt. Mi første økt i spelet vara ikkje lenge, men eg klarte knapt å gå resten av kvelden. I løpet av dagane etterpå har eg tydeleg merka framgang, og sjølv om det ikkje er heilt synleg på kroppen enno, presterer eg mykje betre, og det skal meir til før eg blir skikkeleg sliten. For min del har trening med Kinect med andre ord vore ein stor suksess så langt.

Nei, det er ikkje Tetris. Det er boksing

Kritiske manglar

Your Shape: Fitness Evolved er likevel ikkje feilfritt. Problemet er først og fremst at sjølv om du har mange ting å velje mellom, er det ikkje alltid like lett å vite kva ein bør velje. Spelet er alt for fokusert på å forbrenne kaloriar, noko som for ei flis som meg er heilt meiningslaust. Eg har ingenting å tene på å låse opp alle belønningspoenga for kaloriforbrenning når eg ikkje har eit gram fett å brenne opp. Likevel er det dette som er det overhengande målet med alt du gjer. Uavhengig av kva økt du skulle velje vil ein teljar på skjermen kontinuerleg vise deg kor mange kaloriar du har sendt til flammane så langt i dag, samtidig som hovudmenyen viser totalsummen.

Dette i seg sjølv gjev Your Shape: Fitness Evolved eit veldig snevert preg. Kva om eg berre vil jobbe med spenst? Kva med kondisjon? Kvifor kan eg ikkje velje kva eg vil at mine mål skal vere når spelet innleiingsvis spør meg kvifor eg vil trene? Når spelet ber meg skrive inn vekta mi, kva skal den med den om det ikkje forstår at eg ikkje treng miste eitt einaste kilo?

At spelet manglar klare mål utover det å miste kaloriar går naturleg nok ut over i kor stor grad spelet maktar å motivere deg. Motivasjonen min har vore delt mellom det å tyne kroppen min for ein gongs skuld, og det å måtte gjere ein jobb. Du kan ikkje leggje opp eit treningsprogram i spelet, og dette er forferdeleg synd. Teknologien i spelet er fabelaktig, men den blir brukt dårleg. Om eg kunne ha gjeve spelet beskjed om at eg vil trene styrke i overkroppen, samt litt kondisjon, for så å leggje opp eit program over fleire dagar eller veker, hadde Your Shape umiddelbart blitt enormt mykje betre.

Treninga i spelet har eg ingenting å utsetje på, eg har sveitta som ein gris, men innpakninga er for dårleg. I tillegg til å ikkje kunne leggje opp dine eigne mål, seier spelet aldri noko om kor viktig det er å varme opp og tøye ut. Sjølv om det er mange harde økter som krev tøying etterpå, er det ikkje eit einaste program for akkurat du. Ditt einaste alternativ kjem når spelet oppmodar deg om å roe ned kroppen med eit Zen-kurs. Greitt nok det, eg kan setje pris på å kople sjel og kropp ei stund, men det fjernar ikkje brennande strekk i låra dagen der på.

Her er det inga nåde. Gjer som du får beskjed om

Konklusjon

Your Shape: Fitness Evolved er eit veldig godt startpunkt for ei ny merkevare. Spelet osar av potensiale, og dei treningsøktene spelet byr på er så gjennomførte som eg kan førestille meg at dei kan bli. Spelet ser dine minste rørsler, og sørgar gjennom konstante tilbakemeldingar for at du gjer nøyaktig det du skal. Om du veit kva du vil, er det mykje å hente her. Den flotte presentasjonen og den behagelege musikken gjer det veldig lett å kome i gong, og å halde på ei stund.

Det er likevel mykje som kunne – og burde – ha vore betre. At spelet ikkje let deg setje opp dine eigne mål, og ein spesifisert treningsplan for kva du vil oppnå, er ganske dårleg. Alt Ubisoft vil med dette spelet er tydelegvis å få overvektige i betre form, noko som sjølvsagt ikkje kan skade, men det hadde vore fint om spelet kunne innrette seg litt for oss som ikkje treng gå ned i vekt òg. Dette einsidige fokuset på kaloriar er hakket for lettvindt, og ignorerer fullstendig at det er mange fleire element til eit sunt liv enn kor mange kaloriar du et kvar dag.

Treninga du får i spelet er glimrande, men utan å kunne skru den skikkeleg saman for å oppnå spesielle mål, skal du ikkje sjå bort frå at du blir ståande framfor skjermen medan du lurer på kva ditt neste steg skal bli.

Siste fra forsiden