Førsteinntrykk

Baldur's Gate 3

Årevis sidan eit spel har vore så oppslukande

Det kjem til å bil mange langtidssjukemeldingar i månadane som kjem.

Baldur's Gate III.
Larian Studios

Det er nesten litt rart å vere her. Over 20 år sidan førre gong vi fekk leike oss i eit Baldur's Gate-rollespel, ligg no verda for våre føter. Og for ei verd.

Det er lenge sidan eg har brukt så ufatteleg mykje tid på så lite. Eg er av typen som helst unngår fyllstoff. Eg likar jamt over ikkje sideoppdrag, fordi dei jamt over stinkar roten fisk, og eg prøvar å halde meg til historia der godsakene ligg.

I Baldur's Gate III ligg dei overalt. Brått finn eg meg sjølv på ein avstikkar i skogen eg ikkje heilt veit korleis eg kom over. Eg ramlar over nokre folk som pratar om noko frykteleg dramatisk, og brått er eg på eit nytt eventyr. Om det har vesentleg verdi eller om det er viktig på nokon måte veit eg ikkje. Eg bryr meg ikkje heller, for Larian har skapt noko av det sjeldne.

Stakkaren har fått litt bank.
Øystein Furevik/Gamer.no

Dei har skapt ikkje eit spel, men ei verd. Det er nesten som å spele Dungeons & Dragons rundt bordet, der ting du seier og gjer skapar nye historier. Som den vesle feilberekninga eg gjorde i møte med nokre goblins som hadde bitta ein gnom til ei vindmølle. Dei skulle lære han å fly, så eg brukte alt eg hadde av intellekt og utstråling og snakka dei ned, berre for å sende stakkaren på den flygeturen goblinane hadde venta på etter eit lite uhell med bremsene til vindmølla.

Det er sånt det blir historier av. Kanskje eg der og då beit tennene saman i frustrasjon over å kanskje ha mista noko der eg såg gnomen sigle over tretoppane, men i ettertid er det humoren ved situasjonen som sit igjen.

Det er imponerande mange utvegar av ein gitt situasjon, og eg merkar eg konstant blir litt paralysert. Eg veit ikkje kva eg skal gjere, kva eg skal velje, eg vil jo velje riktig, må vite, men kva er riktig? Det har skjedd så mange gongar no at hovudet mitt er litt slitent. Eg har eit indre moralsk kompass som fortel meg kva linje eg bør ligge på, men spelet gjer sitt beste for å sende meg på feil kurs, og om det er noko eg har tenkt meir enn noko anna dei siste dagane, er det «kvifor gjorde eg det?».

LES OGSÅ: Tilbakeblikk på Baldur's Gate-serien »

Kritisk suksess

Hugs fakkel!
Øystein Furevik/Gamer.no

Den kanskje aller største oppturen i løpet av den første tosifra mengda med timar er strengt tatt rollelista. Vi møter raskt eit knippe figurar som blir med deg på ferda, og alle har noko spesielt ved seg som gjer at du vil ha dei med i gruppa heile tida. Det kan vere at du likar kven dei er av reint personlege grunnar, eller dei kan ha nyttige eigenskapar både i og utanfor kamp.

Men av ein eller annan sær grunn har Larian bestemt at du berre får springe rundt med tre eventyrar i tillegg til din figur, noko som resulterer i eit bittelita eventyrgruppe på fire. Dei andre må vente i ein provisorisk leir som alltid er tilgjengeleg for ein kvil når dagane og øktene blir lange og harde.

Eg ser ingen fornuftig grunn til at det berre skal vere fire eventyrarar på tur. Det er ingen praktiske restriksjonar her som gjer at det må vere slik, og dei fleste som har spelt Dungeons & Dragons har spelt med grupper godt over dette. Ein kjip bieffekt er at ein nesten gløymer dei som sit og ventar i leiren. Etter fleire timar på eventyr med ein utvald gjeng er eg investert i dei, eg lurer på kvar forteljingane deira er på veg, og eg har eigentleg inga interessa av å skifte dei ut med nokon eg ikkje veit noko om.

Det er slik det blir når du lagar gode, interessant karakterar spelaren har lyst til å ha med seg.

Det er ikkje akkurat vondt å sjå på dette spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Alt er ikkje gull

Eit av høgdepunkta i Baldur's Gate III så langt er dei mange dialogsekvensane som dukkar opp i møte med både vener, fiendar og dei eller det som skulle vere midt i mellom. Det er verkeleg her Baldur's Gate III viser sitt opphav. Du får ei rekke måtar å ragere på, mange ulike svar, og du kan bruke eigenskapar og ting du er god på til å dytte ei samtale i den retninga du ynskjer. Her blir det etter kvart mange terningkast, og ein må ta det gode med det dårlege. Det er slik det er, men kjensla av å vinne eit strengt tatt uviktig munnhoggeri med ein mindre viktig bikarakter har fått meg til å knytte neven i eit gledesrop meir enn ein gong. Kjensla av å få eit godt tal på terningen er berre for god.

Noko av det som løftar dialogane mest er det nydelege skodespelet. Dei ulike skodespelarane som er hyra inn gjer verkeleg ein eksemplarisk jobb i å skape eit persongalleri som overbeviser. Samstundes blir det heile forsterka av karaktermodellar med tydeleg mimikk som både kan vere subtil og overdriven. Det spelar inga rolle kven du snakkar med, alle framstår som om dei kan vere like viktige. Det er ein ganske skarp kontrast til dei nesten pinleg statiske og keisame dialogane i ferske Final Fantasy XVI.

Ingenting er betre enn dette.
Øystein Furevik/Gamer.no

Alt er derimot ikkje like fagert, og om det er ein ting eg verkeleg ikkje likar så langt, er det korleis Baldur's Gate III handterer persongalleriet. Du er ikkje aleine, du reiser i ein gjeng, men spelet skapar aldri det inntrykket. Dei deltek ikkje i samtaler, og du får ikkje valet om å inlkudere dei heller.

Har du gått inn i ei samtale med feil person er det synd for deg. Sjølv om du har ein person i gruppa som briljerer med å snakke rundt, over og under folk, står han berre og nikkar og skuler i bakgrunnen om du skulle vere så tankelaus at du ikkje hadde han aktiv då samtala starta. Det er ubegripeleg irriterande. Kvifor ikkje berre la oss velje kven som seier kva? Å feile i samtale med nokon fordi muskelberget stod for praten medan ordsmeden filte negler er enormt frustrerande.

LES OGSÅ: Anmeldelse av Baldur's Gate: Enhanced Edition »

Eit massivt eventyr ventar

Du kan plukke opp det meste som ligg strødd i verda.
Øystein Furevik/Gamer.no

I løpet av mine nesten 20 første timar med Baldur's Gate III sit eg først og fremst igjen med ei kjensle av at eg knapt har sett og gjort noko enno. Eg trur eg kan telje på ei eller to hender kor mange kampar eg har vore i, og det seier sitt om kor stort fokus dialogar og enkel og grei utforsking tek. Det er klart, eg kunne sikkert ha kjempa mykje meir, men eg har ikkje heilt tatt sjansen på det i frykt for å få rumpa mi servert på sølvfat.

Spelet har absolutt sine irritasjonsmoment. Eg var på ingen måte ein fan av karakterbyggaren som knuste alle mine draumar om å skape den karakteren eg hadde i tankane, og spelet er kanskje litt for dårleg på å forklare fundamentale ting. Mange ting er utydelege, og eg har meir enn ein gong leita gjennom menyar for å finne ut korleis eg eigentleg gjer noko eller finn noko. Eg er strengt tatt glad eg har spelt Dungeons & Dragons i mange år, hadde eg ikkje det hadde mykje av det som skjer gått fullstendig over hovudet på meg.

Baldur's Gate III forklarar så og seie ingenting, det blir nesten forventa at du veit alt frå før, eller at du har Player's Handbook liggande klar.

Det sagt. Baldur's Gate III er allereie på topplista mi. Det er årevis sidan eit spel har sugd meg inn så fullstendig, og fått timane til å fly som om dei var laga av tørt lauv i ein storm. At eg må sitje her og kaste bort verdiful speletid på skrive dette i staden for å finne ut kva eg skal gjere med den kjeringa i sumpa gjer meg nesten forbanna.

Baldur's Gate III er ute på PC i dag. En versjon til PlayStation 5 kjem 6. september.

Siste fra forsiden