Anmeldelse

Baten Kaitos

Kva ville du ha gjort om familien din blei drept, og alt du hadde å forsvare deg med var kort? Tatt opp kampen sjølvsagt.

Side 1
Side 2

Følg med, eller dø Det er veldig mange ting å tenke på, og det gjer kampane til noko veldig spesielt. Det er umogleg å spele på autopilot, sidan du alltid vil ha maksimal kombo, og det du legg inn i ein kamp kan bety svært mykje for utfallet. Du har heller ikkje spesielt mykje tid på deg i ei runde, så du må tenke raskt. Likevel er ikkje alt heilt som ein skulle ynskje. Det er veldig mykje bra med kampane, men i og med at korta blir stokka før kvar kamp (og midt inne i ein kamp om du brukar opp alle korta), er det ein relativt stor sjanse for at du av og til får heilt feil kort, til heilt feil tid. Det er ikkje så mykje nytte i at du blir tildelt forsvarskort på rekke og rad når du skal angripe. Det er heller ikkje spesielt tilfredsstillande å ikkje kunne forsvare seg når du blir angripen, sidan du kun har angrepskort.

Etter kvart blir det ein god del kort å halde styr på. Derfor er det veldig greit med alle sorteringsvala du har frå menyen. Du kan enkelt bla mellom karakterane for å sjå kva kort dei kan bruke, samtidig har alle kort ei linje med ikon for alle karakterane, der dei som ikkje kan bruke kortet er i svart kvitt. I tillegg til dette kan du velje å sortere korta etter kva du fant sist, kva som gir mest skade, osv. Det gjer det veldig greit å finne det du vil ha, sidan alle korta hamnar i ein svær dunge, som det lett kunne tatt mykje tid å bla gjennom.

Kjenner eg deg? Med nokre små irritasjonsmoment, er den viktigaste delene av Baten Kaitos eigentleg svært god. Kampsystemet lev opp til dei fleste krav du måtte ha, og sidan du i tillegg kan sjå kvar fiendane er på kartet, hamnar du aldri i kampar om du ikkje vil. Kva med resten av spelet? Eit langt spel på to diskar bør ha ei fengande historie for å halde på interessa, og dessverre er det her ting byrjar å skurre. Baten Kaitos har absolutt sterke punkt, og ein sjokkerande vri på plottet som for ein gongs skuld faktisk er veldig sjokkerande. Det hindrar likevel ikkje det faktum at Baten Kaitos har ei god historie fortalt på ein gørrkjedeleg måte. Det er ikkje interessant. Først og fremst på grunn av karakterar fullstendig blotta for sjarme.

"Kvifor det?" spør du deg kanskje. Alt ser jo fabelaktig flott ut, og stemninga er til å ta og føle på med bokstaveleg talt nydeleg musikk. Det kan verke som om alt i spelet er tenkt ut med omhu, før utviklarane ved slutten av prosjektet innsåg at dei hadde gløymt å ta med karakterane. "Å pokker!" tenkte dei kanskje då, og putta inn nokre flate og ukarismatiske papirdokker i staden. Det er ikkje berre skodespelet til karakterane som er dårleg. Karakterane i seg sjølv er mindre enn tilfredsstillande. Du føler aldri at du kjenner dei. Det er ikkje som med GameCube sitt kanskje beste rollespel; Tales of Symphonia, der du blir glad i karakterane. Her bryr du deg ikkje i det heile tatt, og dialogen er direkte tåpeleg.

Ikkje nok med det, sjølv om Baten Kaitos introduserar ein vri der du faktisk spelar deg sjølv, og karakterane snakkar direkte til deg, føler du deg aldri som stort meir enn ein tilskodar. Du ser alt frå same vinkel. Det er aldri nærbilde av karakterane, du kan aldri sjå interessante vinklar på ting. Alltid er det frå akkurat same vinkel som når du spring rundt og leitar etter ting. Einaste indikasjon du har på kjenselene til folk kjem i form av små teikningar kvar gong dei seier noko. Det er ikkje godt nok, og absolutt ikkje nok til å få spelarane til å i det heile tatt bry seg. Hadde det vore i eit action-spel der all fokus er på kampar, kunne det ha fungert, men i eit spel som dette er det viktig å faktisk bry seg om det som skjer.

Konklusjon Baten Kaitos: Eternal Wings and the Lost Ocean kunne verkeleg ha blitt noko stort. Om Namco hadde brydd seg nok om lokaliseringa til å hyre inn folk som fortener å gi stemmer til karakterar, kunne det ha blitt meir engasjerande. Ei heilt grei historie kan bli løfta opp om du faktisk trur på karakterane, men det gjer du ikkje her. Baten Kaitos har steintøffe kampar og nydelege område, men det er eigentleg alt. Historia er heilt grei, men kunne definitivt ha blitt fortalt på ein betre måte. Samtidig er det svært tydeleg at dette kan bli ein slager blant folk som likar japanske rollespel, og kanskje har lyst på noko litt anna enn det vanlege. Det finnest absolutt spel med verre historier der ute, og det er eigentleg ikkje så ille om du slår av stemmene. Faktisk er det temmeleg bra, og har eit av tidenes kampsystem.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden