Den siste veka har det klødd i fingrane til internett. Klokka 18 i kveld skulle Bethesda i teorien lansere ei oppussa utgåve av The Elder Scrolls 4: Oblivion.
Slik blei det ikkje.
MEN. Utviklaren har lagt ut ei nedteljing til ei sending klokka 17 tysdag. Dei seier ingenting om spelet kjem eller om det berre skal visast, men dei lovar at alt skal bli avslørt.
Me får berre smøre oss med tolmod i ein dag til.