Feature

Desse spela gler vi oss til i april

Denne månaden står eit klassisk JRPG, ei spenstig dame med utfordrande garderobe, samt afrikansk mytologi på menyen.

God vår! Om det held fram slik har vi eit godt år i vente. Mars har vore uvanleg gavmildt på spelfronten, og vi kan ikkje gjere anna enn å nemne i fleng:

Norske Hyper Games leverte eit koseleg eventyr med Snusmumrikken-spelet sitt, Dragon's Dogma 2 gav oss herlege eventyr og kampar mot digre beist, medan Unicorn Overlord bydde på uvanleg strategi i ei nydeleg innpakning. Nintendo diska opp med eit sjarmerande eventyr i Princess Peach: Showtime!, og sjølv om det strengt tatt kom ut siste dag i februar, må det vere lov å ta med Final Fantasy VII: Rebirth som eg vil tippe mange har brukt vårdagane på.

No er det derimot framover snuten skal rettast, for her kjem ein ny bunke svært spanande spel.

Europa ser frykteleg sjarmerandes ut.
Future Friends Games

Europa

Plattform: Windows
Ute: Utsett på ubestemt tid

I Europa tek vi turen til månen Europa, eit frodig paradis i skuggen av Jupiter. I rolla som ein android får vi utforske denne fargerike verda, løyse mysterium og nøste opp i kva som skjedde med det siste mennesket. Vi får utforske ei verd full av vakker natur som omkransar ruinane av ein gammal sivilisasjon.

Spelet blir skildra som midtpunktet mellom Studio Ghibli-filmar og The Legend of Zelda: Breath of the Wild. Det er utvilsamt store ord, men når ein kikar på korleis det heile ser ut er det ikkje vanskeleg å vere einig. I motsetning til mange andre spel der ute som satsar på action som fremste form for underhaldning, skal dette bli eit roleg og fredeleg spel utforsking og meditasjon står i sentrum.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Europa

Tales of Kenzera: Zau tek oss med på ei mytologisk reise til Afrika.
EA

Tales of Kenzera: Zau

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X/S, Nintendo Switch, windows
Ute: 23. april

Sjølv om namnet kanskje skulle tilseie noko anna, er ikkje dette det nyaste leddet i Tales-serien. I staden er dette det første spelet frå spelstudioet til Abubakar Salim, ein skodespelar best kjend for sine roller i Assassin's Creed: Origins og Raised by Wolves.

I Tales of Kenzera: Zau får vi fortalt eit eventyr inspirert av mytane frå den afrikanske Bantu-kulturen. Vi møter den atletiske helten Zau som må navigere seg gjennom eit Metroidvania-inspirert spel der nye område låser opp nye krefter og nye krefter låser opp nye område. Afrikansk mytologi er absolutt utappa potensiale for nye spelverder, og vi får berre håpe Tales of Kenzera: Zau kan opne dørene for fleire spel basert på kulturar spelindustrien enno ikkje har utforska.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tales of Kenzera: Zau

Erketradisjonell JRPG-moro frå bransjeveteranar.
505 Games

Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X/S, Nintendo Switch, Windows
Ute: 23. april

Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes er eit erketradisjonelt japansk rollespel frå skaparen av Suikoden-serien. Det blei finansiert gjennom Kickstarter og blei så populært der at det enda opp som den tredje største Kickstarter-spelet gjennom tidene.

Det er mange som har venta lenge på dette rollespelet som tek oss med tilbake til 90-talet for å reise på eventyr i ei verd inspirert av dei gamle klassikarane. Det er likevel ikkje utan ein solid porsjon vemod. Suikoden-skapar Yoshitaka Murayama døme i februar, berre månader før spelet skulle ut til folk, og dette blir såleis det siste spelet frå ein mann som skapte nokre av 90-talets mest minneverdige spel.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes

Eve er klar for ein dans.
SHIFT UP

Stellar Blade

Plattform: Stellar Blade
Ute: 26. april

Sidan kunngjeringa for tre år sidan har Stellar Blade vakse seg opp til å bli eit av dei mest etterlengta PlayStation 5-spela i år. Det er eit intenst actionspel der vi i rolla som Eve skal hamle opp med diverse beist og mannevonde fiendar som står i vegen for at menneskearten skal overleve.

Stellar Blade kjem frå studioet til den koreanske illustratøren Kim Hyung-tae, som tidlegare har jobba på blant anna Magna Carta-serien, og dette kan sjå ut til å bli hans største spel så langt. Stellar Blade har har blitt ein fanfavoritt lenge før lansering, mykje takka vere noko så sjeldant (i 2024 i alle fall) som ein supersexy hovudperson som ikkje er fjern frå å kle seg utfordrande. Det spørs om Korea er inne på noko i ein industri hardt ramma av nedskjæringar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Stellar Blade

Bygg din eigen mellomalderby.
Slavic Magic

Manor Lords

Plattform: Windows
Ute: 26. april

Om du har leita etter eit nytt strategispel der målet er å både bygge byar og kjempe mot rivalar, er kanskje Manor Lords spelet for deg. Her får du bygge ein by heilt frå ei lita grend til landets store midtpunkt. Det heile er inspirert av mellomalderåra på 1300-talet, og utviklarane går hardt inn for å skape eit spel som er så historisk korrekt som på nokon måte mogleg.

Mekanikkane for å bygge ein by skal vere inspirerte av korleis verkelege mellomalderbyar vaks fram, og korleis landskapet forma viktige handelsårar. Spelet byr på vanskelege og viktige val om korleis ein skal nytte ressursane rundt seg, samt enda større utfordringar når du før eller seinare endar opp i konflikt med andre herrar som tvingar deg ut i krig og konflikt om all diplomati skulle feile.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Manor Lords

Sand Land byr på figurar i klassisk Akira Toriyama-stil.
Bandai Namco Entertainment

Vårmoro

April byr på ein variert bunke spel, sjølv om det ikkje er så mange frå dei verkeleg store aktørane. Japanske Bandai Namco har derimot noko spanande å by på i form a Sand Land, eit spel baser på eit univers skapt av den legendariske manga-teiknaren Akira Toriyama, som døydde berre 68 år gammal i mars.

Med hakket lågare budjsett finn vi Freedom Planet 2, eit sidekrollande actioneventyr som hentar mykje inspirasjon frå 16-bit-eraen. Meir sidekrolling finn vi i Biomorph, eit Metroidvania der vi blir alle fiendar vi drep.

Botany Manor er noko heilt anna. Dette er eit eventyrspel der du skal løyse mysterium ved å plante planter. Children of the Sun er på si side eit taktisk skytespel der du berre har ei kule på kvart nivå, men den kan til gjengjeld skifte retning kvar gong den treff noko.

Whisker Waters er eit fiskespel der vi tek på oss rolla som kattar, og det kan jo vere triveleg det medan vi ventar på SaGa: Emerald Beyond, eit nytt spel i Square Enix sin svært så sære SaGa-serie.

Til slutt tek vi med nokre eldre spel som får ny utgjeving denne månaden. MOBA-spelet Gigantic dukkar overraskande nok opp igjen i Rampage Edition, medan Sea of Thieves tek turen over til den store konkurrenten PlayStation 5, medan Grounded kjem til både PlayStation og Switch.

Ï tillegg kjem eit av dei mest ikoniske spela frå byrjinga av Xbox Live Arcade ut i ny utgåve; Braid: Anniversary Edition.

Siste fra forsiden