Feature

Spill vi gleder oss til: august 2020

Desse spela gler vi oss til i august

Store verder og nære historier er fellesnemnarar denne månaden.

Gamer.no

Atter ein månad er forbi, og for dei fleste vil eg tru denne sommaren har bydd på mange gode moglegheiter for å kose seg med nokre saftige spel. Juli har ikkje vore krydra med lanseringar akkurat, men noko moro har vi fått prøve oss på.

Spesielt begeistra blei vi over Sonys storspel Ghost of Tsushima som bydde på eit vakkert møte med ei japansk øy. Men juli har bydd på solid underhaldning innan mange sjangrar. Trackmania-serien dukka opp med eit nytt spel, medan Iron Man dukka opp i VR. Om du elskar orceslakt, fekk vi eit gledeleg gjensyn med Orcs Must Die!-serien, sjølv om biletekvaliteten til Stadia ikkje akkurat overbeviste oss.

No er det derimot tid for å akseptere at sommaren er på hell, og sjå på kva vi skal kose oss med når alt går meir eller mindre tilbake til normalen.

Microsoft Flight Simulator

Plattform: Windows
Ute: 18. august

Alt klart for liftoff.
Xbox Game Studios

Det er ei stund sidan førre gong Microsoft lanserte eit av sine flysimulatorspel, så det passar ganske godt at dei slår på stortromma når dei no omsider er klare med ei ny utgåve. Utviklarane hos Asobo har brukt uhorvelege mengder med kartdata frå Bing for å byggje opp ein autentisk representasjon av planeten vår, og vil krydre den med planter, dyreliv, vegar og tettstadar. Spelet nyttar samtidig oppdatert værdata som vil få sola til å skine eller regnet til å fosse avhengig av kva som skjer på den aktuelle staden i den verkelege verda.

Sjølve flyopplevinga kjem gjennom simulerte fly frå ei rekke ulike produsentar, og dei skal vere så autentiske som teknologien tillet. Med desse flya kan du i tur lande og ta av frå over 37000 flyplassar frå rundt omkring på Tellus. Kanskje ikkje ein dum måte å sjekke ut fasilitetane før ein bestiller neste sommarferie?

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Microsoft Flight Simulator

Tell Me Why

Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 27. august

Om det er action du vil ha, har du kome feil.
Dontnod

Episodiske spel har ikkje heilt den same slagkrafta som dei hadde for nokre år tilbake, men Dontnod har jamt og trutt levert kvalitetsspel eit kapittel om gangen. No har studioet lagt Life is Strange-serien bak seg og byr på eventyret Tell Me Why i staden. I denne historia møter vi tvillingane Alyson og Tyler som reiser tilbake til barndomsheimen deira i Alaska for å sjå tilbake på barndomen og finne fred med ting som skjedde med dei og mor deira då dei var små.

I løpet av spelet vil vi få sjå ting frå synspunkta til begge tvillingane, og dei vil ikkje alltid verken hugse eller tenkje det same, noko som kan få konsekvensar for gameplayet sidan dine val vil bli basert kven av dei to du trur mest på. Spelet vil by på tre episodar, og alle skal vere ute før året er omme.

Les også
Anmeldelse: Tell Me Why

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tell Me Why

Baldur's Gate III

Plattform: Windows, Stadia
Ute: august (early access)

Det har tatt nokre år, men no reiser vi endeleg tilbake til Forgotten Realms.
Larian Studios

Det er ikkje ofte vi inkluderer Early Access-lanseringar i denne artikkelserien, men for Baldur's Gate III gjer vi eit solid unntak. Ein av dei meste respekterte, for ikkje å nemne populære, rollespelseriane gjennom tidene er tilbake. Ein del har riktig nok endra seg sidan sist. Det var BioWare som stod for utviklinga av dei to første spela i serien, men no er det dei dyktige folka hos belgiske Larian Studios, som har utvikla Divinity-serien, som står ved roret.

Som før er spelet basert på regelsettet til Dungeons & Dragons-rollespelet, og du kan velje ein av fleire figurar, eller lage din eigen. På vegen vil du møte fleire interessante personar som kan bli med på ferda, og Larian lovar ei spanande historie vi kan ta del i. I motsetning til dei tidlegare Baldur's Gate-spela blir Baldur's Gate III heilt turbasert, noko som bør gi spelaren god anledning til å planlegge kva han skal gjere. Sjølv om dette er ei Early Access-lansering betyr ikkje det lite å gjere: Spelet skal vere omlag like stort som Divinity: Original Sin 2 i omfang. Litt å bite i altså.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Baldur's Gate III

Project Cars 3

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 28. august

Meir å bryne seg på for bilelskarane.
Slightly Mad Studios

Den populære Project CARS-serien er tilbake atter ein gong, og denne gongen blir vi lova ein haug med oppgraderingar. I bilar du kan skru og mekke på så mykje du vil, kan du race over 120 baner pent dandert over heile verda, Medan du køyrer går klokka, og skiljet mellom natt og dag er heilt naturleg. Det same vil gjelde vêr og vind som jobbar hardt for å gjere køyrekjensla meir autentisk. Ein bit som derimot har blitt fjerna er slitasje på dekk og forbruk av drivstoff, eit par ting du no slepp tenkje på.

Ved sidan av dette har utviklarane hos Slightly Mad Studios jobba med å forbetre karriæremodusen, blant anna ved å implementere meir avansert kunstig intelligens. Spelet vil òg støtte VR for dei som spelar på PC. Om dette ikkje skulle vere nok til å overbevise deg, lovar Slightly Mad Studios i tillegg ein betre fleirspelarmodus med ei rekke nye utfordringar å bryne seg på.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Project CARS 3

Wasteland 3

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows, Linus, Mac
Ute: 28. august

Vi reiser til det kalde nord i Wasteland 3.
inXile Entertainment

Wasteland er ei moderne suksesshistorie. Frå å vere eit gammalt PC-spel som er best kjent som den store inpirasjonskjelda til Fallout-serien, har det gjennom folkefinansiering gått frå å vere eit gløymt kapittel, til å bli nøyaktig det dei som kanskje ikkje var heilt med på Bethesda sine Fallout-spel har venta på; isometrisk moro med taktiske utfordringar på rekke og rad.

Her får vi ei dystopisk verd full av farer, turbaserte kampar og ei rekke ulike fraksjonar som kjempar mot kvarandre. Denne gongen tek vi turen til eit kaldare klima i Colorado der du må byggje opp ein base, trene rekruttar og prøve som best du kan å halde litt lov og orden blant ei rekke ulike folk og fe som ikkje vil deg vel. Dette blir etter alt å døme siste gong inXile leverer eit multiplattformspel sidan dei nyleg blei kjøpt opp av Microsoft.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Wasteland 3

Litt for alle

Om du synest EDM er noko skit, er No Straight Roads spelet for deg.
Metronomik

Det kan sjå ut til å bli ein uvanleg travel august i år, for der det ofte er ganske slapt og stille før haustrushet set inn for fullt, er det no mykje å ta i for ein kvar smak. Om det så er action, fart og spenning, eller roleg pludring du er på jakt etter, har august noko for deg.

For strategen kan det sannsynlegvis friste med A Total War Saga: Troy, som tek føre seg den legendariske myten om krigersk list. Strategi av ein mykje rolegare sort finn vi i det ekstremt fargerike dinosaurparkbyggespelet Parkasaurus.

Hakket meir action blir det i eit spel som kombinerer hakk og slå-mentalitet med dating-simulator i Is it Wrong to Try to Pick Up Girls in a Dungeon? Infinite Combate. Høyrest dette absurd ut bør du ta turen innom anime-serien på Netflix aller først.

Litt mindre dating, men desto meir samhald mellom fleire spelarar finn vi når Final Fantasy Crystal Chronicles Remastered lanserast på nye plattformer etter svært mange år. Blir det for roleg kan du heller vurdere å sjekke ut Horizon Zero Dawn som dukkar opp på PC.

For den som helst vil ha noko litt anna, og gjerne litt absurd, finnest det rikeleg på programmet. No Straight Roads er eit spel der du med rock og riffing skal redde verda frå høgst destruktive EDM-rytmar. Skully er eit spel der du i rolla som ein hovudskalle skal rulle fram, over og gjennom ting, medan Fall Guys: Ultimate Knockout handlar om å overleve lengst mogleg.

Actionfantastane får sitt i skytespela Serious Sam 4 og 90-talshyllesten Hellbound.

På tampen kan vi ta med at Samurai Jack dukkar opp i det nyt spelet Samurai Jack: Battle Through Time, Fast and Furious-gjengen er tilbake i bilspelet Fast and Furious: Crossroads, medan fans av djupe rollespel inspirert av Bethesdas største suksessar kan vurdere å sjekke ut Isles of Aladar, eit spel med stort fokus på å la spelarane sjølve lage innhald.

Til slutt tek vi med det nyaste spelet i den gamle Battletoads-serien. Det er heile 26 år sidan førre gong, så dette blir eit solid gjensyn.

Det var alt for no, sjåast til hausten.

Siste fra forsiden