Feature

Spel i august 2022

Desse spela gler vi oss til i august

Western-taktikk og høgre utdanning er berre nokre av stikkorda denne månaden.

Vi har nett lagt bak oss ein uvanleg produktiv sommarmånad. Juli har vore full av gode spelopplevingar, og dei har bydd på alt frå hektisk og tankelaus action, til tankevekkande historier.

Fire Emblem Warriors: Three Hopes serverte eit Warriors-spel i god tradisjon, og for den som vil ha ei hakket større utfordring kunne Capcom by på den første utvidinga til Monster Hunter Rise. Frå Japan kom òg det nydelege vesle rollespelet Live A Live.

Minst like spanande var kattespelet Stray, og As Dusk Falls, eit spel om eit ran som går veldig feil. Ein jamt over strålande månad der, men no ser vi atter framover.

Hard West 2

Hard West 2 lovar okkult western-taktikk.
Ice Code Games

Plattform: Windows
Ute: 4. august

Hard West 2 inviterer oss til å ta turen til eit ville vesten fylt med demonar og levande døde. Du tek kontrollen over ein gjeng bandittar som set seg føre å kapre eit spøkjelsestog som skal vere fullt av gull, men viser seg å by på langt meir enn skurkane var førebudde på.

Om du likar taktikk og turbaserte utfordringar kan Hard West 2 vere spelet for deg denne månaden. Sjølv om spelet hentar mykje inspirasjon frå klassikarar som XCOM, er fokuset på å høvle over fiendane hakket større. Med Bravado-systemet blir du oppmuntra til å aggressivt jakte fiendane sidan du får tilbake alle actionpoenga om du likviderer ein fiende. Det bør kunne by på ei unik taktikk-oppleving.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Hard West 2

Two Point Campus

No får du sjansen til å gjere høgre utdanning skikkeleg.
Sega

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 9. august

Two Point Campbus er det nyaste spelet frå gjengen bak den fantastiske sjukehussimulatoren Two Point Hospital. Denne gong er det høgre utdanning som står på agendaen, og det blir ditt ansvar å bygge eit universitet som kan handtere alle dei absurde faga dei skrullete studentane er der for å lære meir om. Vi har tatt ein liten kikk på det allereie, og likte svært godt det vi såg:

«Spelet soknar framleis til tørr, absurd og lettbeint humor, og eg tok meg sjølv i å le høgt gjentekne gongar undervegs. Dette kjem nok også utdanningsretningane til å bære preg av, der kvart påfunn er meir oppfinnsamt og skrullete enn det førre.»

Les også
Anmeldelse:

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Two Point Campus

Farthest Frontier

Om korrekt foredling av jorda er din våte draum, er dette spelet for deg.
Crate Entertainment

Plattform: Windows
Ute: 9. august

Som slike spel gjerne startar, byrjar reisa di i Farthest Frontier med ei lita gruppe nybyggjarar stranda i aude land som må byggje opp eit samfunn frå grunnen av. Farthest Frontier lovar å by på ei solid utfordring, og tvingar deg til å gjere langt meir enn å berre plassere dei bygningane du treng.

Mat er ei enorm og konstant utfordring i Farthest Frontier, ikkje berre må du tenkje på korleis du skal oppbevare maten du produserer i sommarhalvåret utan at den rotnar bort før vinteren kjem. Du må òg tenkje på korleis du skal produsere effektivt utan å utarme jorda. Som om det ikkje er krevjande nok kan vandrande bandittar ta turen innom for å naske med seg det vesle du måtte ha liggande.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Farthest Frontier

Rollerdrome

Rollerdrome lovar både triksing og skyting i herleg blanding.
Provate Division

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Windows
Ute: 16. august

Om vi skal tru folka bak det komande actionspelet Rollerdrome går ting snart veldig, veldig skeis. Allereie i 2030 har samfunnet gått så pass av skaffet at organisasjonen bak den valdelege sporten Rollerdrome leiger heile kjøpesenter for å bruke den som arenaer for eit spel der både liv og helse står på spel, medan eit apatisk publikum følgjer med på det einaste som ser ut til å engasjere dei.

På rulleskøyter som vere inspirert av den store populariteten 80-talet har hatt i seinare år, surfar du rundt i eit spel der du både skal trikse og grinde, men òg plaffe ned motstandarane dine for å lande på topp. Kunsten er altså å kverke motstandarane, og sjå kul ut medan du gjer det.

Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Rollerdrome

Saints Row

Saints Row lovar like mykje galskap som vi er vande med.
Deep Silver

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 23. august

Saints Row er tilbake med eit nytt spel som berre for å forvirre folk og søkemotorar verda over, heiter nøyaktig det same som det første spelet i serien. Denne gong reiser vi til ein flunkande ny by der du får skru saman ditt eige crew for å klatre til toppen av den kriminelle pyramiden. Du kan vente deg solide mengder tøys, tull og galskap, og vi likte det vi såg då vi tok ein kikk på det for litt sidan:

«Når du får cruise gjennom byen som ein desperado med rakettar i ryggsekken, ser dette ut til å kunne bli ein vinnar. Du får bygge opp ditt eige kriminelle imperium bit for bit, ta del i ville biljakter og jakte gjengar med helikopter. Den mildt sagt omfattande valfridomen ser òg ut til å la deg lage nøyaktig dei figurane du sjølv vil ha, dei våpna du vil ha, og ikkje minst dei køyretya du vil ha.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Saints Row

Sommarsalat

Mørk action i Thymesia.
Team17

Juli månad byr på litt av kvart å kose seg med, og om du likar retromoro, men er bittlitt lei pikselgrafikk er kanskje Frogun spelet du har venta på. Dette spelet hentar inspirasjon frå plattformspela frå Nintendo 64- og PlayStation 1-eraen. South of the Circle er kanskje den rake motsetning, for her får vi eit emosjonelt drama frå den kalde krigen.

Rumbleverse ser ut til å kunne bli eit kaotisk Battle Royale-spel der ein skal bruke nevane i staden for skytevåpen. Er du lei slikt kan du heller prøve å starte di eiga sekt i Cult of the Lamb. Er du derimot ein Marvel-fan utan PlayStation-konsoll, kan du sjå fram til Spider-Man Remastered.

Vikingspelet Tribes of Midgard kjem til konsoll denne månaden, men om dette ikkje skulle freiste, kan kanskje det Zelda-inspirerte spelet Blossom Tales II: The Minotaur King pirre eventyrlysta.

Thymesia er mørkt og intenst actionrollespel som går i eit høgt tempo, og det ser såleis ut til å ha ein og annan ting til felles med det litt Doom-inspirerte skytespelet Scathe, der du reiser til helvete for å drepe demonar. Litt lystigare blir det i Midnight Fight Express der du skal banke kriminelle.

For dei som er interesserte i spel som relaterer hakket meir til verda vi lev i, kan kanskje det amerikanske fotballspelet Madden 23, eller racingmanagementspelet F1 Manager 2022 vere det som skal til.

Heilt til slutt tek vi med Pac-Man World Re-Pac, som er ein ny versjon av spelet frå 1999.

Det var alt for denne gong, og framleis god sommar.

Siste fra forsiden