Atelier-serien har mange år bak seg. Det første spelet blei lansert på den originale PlayStation-konsollen heilt tilbake i 1997, og sidan då har det nesten kome eit spel i året. Det er uhorveleg mange spel, og dei fleste av dei når eit ganske lite publikum, noko som merkast tidleg.
Atelier Resleriana med det lange namnet er eit pent og fargerikt spel frå utviklarar som verkeleg kjenner sitt publikum. Det er moderne anime dette her. Alle stereotypar er på plass, og det krydra med uendelege mengder små, barmfagre damer med pipestemmer og digre auge, i møte med ei lang rekke stoiske menn med overdetaljerte frakkar, og mistenksame evner til å dra logiske og ikkje minst korrekte konklusjonar ut av tynn luft.
Det eg prøvar å seie er at dette er ikkje stor forteljarkunst. Om du vil ha ei god historie bør du heller spele Final Fantasy Tactics: The Ivalice Chronicles. Det du får her er fanservice av typen det blir cosplay av.
Kva ligg i eit namn?
I Atelier Resleriana møter vi i første omgang to unge, velkledde eventyrarar med dei svært tysklåtande namna Slade Clauslyter og Rias Eidreise. Spelet kastar kjapt nye tyskarar på deg, og ein kan bli reint svimmel når japanske skodespelarar prøvar å så godt dei kan å uttale namn som Wilbell Voll-Ersleid. Dei skal ha for innsatsen, men eg klarar ikkje heilt legge frå meg tanken om at utviklarane hadde gjort det lettare for seg sjølve om dei hadde henta inspirasjon frå eit anna språk.
Spelet er, som du kanskje skjønar, ikkje dubba til engelsk, noko som ikkje treng vere eit problem, men fort kan bli det her. Dei fleste dialogane og filmsekvensar går heilt fint, eg kan lese undertekstar, men når du høyrer dialogen startar medan du spring rundt i verda, er det lett å miste mykje av det som blir sagt. Mykje blir òg sagt på tidspunkt der det ikkje er mogleg å tekste, og då gir eg opp. Eg tvilar på at det er viktige ting som blir sagt då, men det er døme på eit spel som godt kunne ha blitt dubba.
Saman med Slade og Rias reiser vi uansett til ein forfallen by som er i desperat naud, og det blir raskt tydeleg at vår jobb blir å få denne byen på beina igjen. Det gjer vi ikkje gjennom å faktisk bygge ein by, eller delta i gardsarbeid og slikt, men ved å utforske verda, sanke ressursar og selje dei for ein god peng. Når det er gjort, blir byen sterkare, får nye butikkar og nye ting til sals.
Nye folk dukkar opp, og dei fleste har eit eller anna oppdrag som stort sett kan utførast ved å reise til ei av fleire soner der du får springe rundt, samle ressursar og kjempe mot monster. Det er god moro. Spelet byr på kart av fornuftig storleik og eit artig kampsystem. Likar du å samle ting vil du definitivt få ei god oppleving, sidan du jamnleg vil erfare at inventaret med plass til 500 ting blir fullt.
Hakket for lett
Noko av det eg set mest pris på med Atelier Resleriana er at ting går i eit fint tempo. Du får ei rekke ulike område å utforske, men ingen av dei er særleg store. Eit nytt tokt treng ikkje bety ein innsats på fleire timar, men gjerne godt under ein.
Hovudfokuset når du fartar rundt er å samle inn ressursar, samt kjempe mot monster. Du kan sjå alle beista i verda, og kampane er turbaserte. Eg veit ikkje om det er meininga, men ein kan få inntrykket av at kampsystemet er skrudd saman for å gjere det nærast umogleg å døy.
Ikkje misforstå, kampsystemet er artig og fint samansett, men det kunne godt ha bydd på ei større utfordring. Den største gleda kjem når du klarar noko som pressa deg. Her er fokuset i staden på at du møter drøssevis med svake fiendar. Dei fleste er døde før dei får sjansen til å reagere.
Har du til dømes to figurar som angrip etter kvarandre utan at eit monster kjem mellom, vil den første som angreip få eit ekstra oppfølgingsangrep etter at figur nummer to har angripe. Dette held fram, slik at den andre angriparen får oppfølgingsangrep etter den tredje angriparen. Som om det ikkje var nok, kan du når som helst hente inn heltar som ikkje er med i den aktive gruppa.
Som i mange rollespel har formasjon litt å seie, og du kan plassere tre krigarar i front. Resten hamnar i bakre rekke, men er framleis teknisk sett med i kampane, og får erfaringspoeng på lik linje med alle andre. Det interessante er at du med ein krigar frå fremste rekke kan utføre eit angrep saman med to stykk frå bakre rekke, noko som i praksis gir deg tre turar på ein. Eventuelt kan krigarar frå bakre rekke når som helst bryte inn for å til dømes gi nokon litt medisin.
Eg klagar ikkje, det er eit artig system, men det er først og fremst artig – og ikkje minst nyttig – i dei få skikkeleg utfordrande kampane spelet har å by på. Dei er det diverre ikkje mange av.
Det hadde og gjort seg om den stort sett fine bakgrunnsmusikken ikkje starta på ny kvar gong du kom ut av ein kamp. Eg trudde vi hadde kome lengre.
Lag det du vil
For alle spela i Atelier-serien er det å lage ting gjennom alkymi eit stort fokus. Her snakkar vi om alt frå å lage nytt utstyr for å sanke betre ressursar, til våpen og gjenstandar du må levere som del av eit oppdrag.
Alkymiprosessen er såre enkel. Du går til den store gryta i atelieret ditt, og vel kva du vil lage frå ei stadig meir omfattande oppskriftsbok. Deretter vel du ingrediensar, og lagar det du vil. Det er ein viss fridom til å lage det du vil her. Du kan lage gjenstandar med eit mylder av eigenskapar. Du kan til dømes bruke ein igrediens som gir deg fleire av gjenstanden du lagar, eller bruke ein ressurs som gir auka sjanse for kritisk treff.
Det er mykje å leike seg med, men eg fekk aldri kjensla av at det var ein essensiell del av spelet. Som sagt er det ikkje akkurat eit utfordrande spel vi har med å gjere, og det sjølv om eg tok meg sjølv i å i periodar heilt gløyme at eg kunne lage ting.
Det fine er at om ein ikkje skulle vere interessert i å bruke timar over gryta, treng ein ikkje det. Mykje er eigentleg opp til deg, og det kjekkaste i spelet er å reise ut på tokt i nye område. Spelet tek deg stadig med til nye stadar, og det manglar ikkje på ting å gjere.
Konklusjon
Blant alle dei flotte spela denne hausten kan knapt Atelier Resleriana: The Red Alchemist & the White Guardian nemnast blant dei viktige. Det er eit spel som først og fremst er laga for spesielt interesserte, og dei får nøyaktig det ein kan vente.
Spelet tek oss med på ei reise i ei fin og fargerik verd der vi får kjempe mot mengder av monster med eit lettbeint og artig kampsystem. Det byr sjeldan på nemneverdige utfordringar, noko som er litt synd sidan det kunne ha løfta opplevinga nokre hakk.
Atelier Resleriana byr på ei fin oppleving som er fornøyeleg å bruke tid på. Eg skulle likevel ynskje det var litt meir kjøt på beinet her. Spelet framstår litt som det har blitt snikra i hop kjapt, og historia er ditt vanlege ekstradimensjonale vås. Med ei litt meir jordnær historie, og kanskje litt færre fiendar som i seg sjølve byr på større utfordring, tippar eg opplevinga hadde blitt desto betre.
Atelier Resleriana: The Red Alchemist & the White Guardian er ute no for Nintendo Switch, PlayStation 5 (testa) og Steam.