Feature

Desse spela gler vi oss til i desember

Årets siste månad byr på eit solid utval svært forskjellige spel.

Need for Speed Unbound (t.v) og The Callisto Protocol.

Og med det var hausten – og ein nesten overveldande månad på spelfronten – over. Ein heil drøss med herlege spel har velta over oss dei siste vekene. Heile to spel har fått full pott denne månaden. Både actioneventyret God of War: Ragnarök og det historiske dramaet Pentament imponerte oss stort.

Lista med spel som har imponert er uvanleg lang. Evil West slo oss i bakken med sine fantastiske og intense kampar, medan Tactics Ogre: Reborn gjorde nesten det same, berre på eit mykje rolegare og taktisk vis.

Som om det ikkje var nok har Marvel levert eit av dei beste samlekortspela på mange år med Marvel SNAP.

Men no er det framtida som står for tur.

Need for Speed Unbound

Kult eller teit? Du bestemmer!
EA

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 2. desember

Det har gått nokre år sidan førre gong eit flunkande nytt Need for Speed-spel dukka opp, men no er Criterion Games klare med ein kanskje litt ny vri på serien. Spelet har fokus på gateløp i den fiktive storbyen Lakeshore City. Som i tidlegare spel kan du leike deg med å provosere politiet gjennom Heat-systemet.

Need for Speed Unbound byr på ein ganske frisk visuell stil for denne serien å vere. Inspirert av grafitti og gatekunst får vi fargerike bilar og menyelement. Bilane kan du leike med som du vil for å bygge det køyretyet som passar deg best. Spelet droppar førre generasjon fullstendig, og det blir spanande å sjå kor mykje det visuelle tener på akkurat det.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Need for Speed Unbound

The Callisto Protocol

Vakkert blir det i alle fall.
Krafton, Inc.

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X, Windows
Ute: 2. desember

Når folka bak romskrekken Dead Space skal lage nytt spel er det kanskje ikkje heilt overraskande at vi får meir skrekk i rommet. I det nifse actionspelet The Callisto Protocol møter vi Jacob Lee som må reise ut på eit utriveleg eventyr der han må kjempe mange livsfarlege kampar mot blodtørstige romvesen.

Det blir mykje blod og gørr i spelet, og akkurat dette er vel kanskje det som har fått aller mest merksemd i tida opp mot lansering. Ikkje berre har Jacob eit solid arsenal med våpen for å likvidere beista på mest mogleg brutalt vis, men hovudpersonen sjølv har ei lang rekke grufulle måtar å døy på. Desse dødsanimasjonane har blitt så populære at utviklarane har gjort det til ein eigen prioritet å lage mange fleire av desse for spelets sesongpass.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Callisto Protocol

Marvel's Midnight Suns

Taktikk med superheltar.
Firaxis

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 2. desember

Når folka bak XCOM lagar nye taktikkspel er det all grunn til å følgje med. Denne gong er det ikkje eit nytt XCOM-spel som er på veg, men i staden eit spel bygd på same oppskrift berre pakka inn i Marvel-figurar. Dette medfører naturlegvis at spelet blir noko annleis enn ditt typiske XCOM-spel. Vi har tross alt med superheltar å gjere, noko som skal by på langt meir eksplosive kampar enn vi er kjende med.

Spelet byr òg på samlekort som vil la dei ulike superheltane bruke ei røys med spesialangrep. Mellom slaga kan du ta turen innom The Abbey der du kan bli kjend med dei mange heltane, og låse opp kostyme og eigenskapar til heltane gjennom ei rekke ulike dialogval.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Marvel's Midnight Suns

Crisis Core: -Final Fantasy VII- Reunion

Zack leikar med fiendane i Crisis Core.
Square Enix

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X, Windows
Ute: 13. desember

Crisis Core: -Final Fantasy VII- Reunion er ein oppussa og forbetra versjon av PSP-spelet Crisis Core: Final Fantasy VII frå 2008. Denne versjonen byr på ei lang rekke forbetringar. Grafikken er heilt ny og no meir i tråd med Final Fantasy VII: Remake, medan gameplayet har fått seg nokre justeringar her og der for å passe betre på moderne konsollar med større skjermar og fleire knappar på kontrollaren.

I spelet møter vi Zack som jobbar for Shinra i tida før alt som skjedde i Final Fantasy VII. Vi møter han, Sephiroth og ei rekke andre kjende og ukjende karakterar frå Final Fantasy VII-universet. Ting som har så vidt blitt nemnt og referert til i Final Fantasy VII får no si tid i sola.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Crisis Core: -Final Fantasy VII- Reunion

High on Life

Nokon som treng ei dose snakkande våpen?
Squanch Games

Plattform: Xbox One, Xbox Series X, Windows
Ute: 13. desember

Når fyren bak Rick and Morty lagar spel kan du vere ganske sikker på at vi har bisarre greier stappa til randen med drøy humor i vente. I High on Life spelar vi ein ung dusørjegar som må redde menneska etter at romvesen har invadert. Våre slemme nye eigarar vil bruke oss til å lage narkotiske stoff, og det blir med det din jobb å få slutt på galskapen.

Til hjelp har du ein haug bevisste våpen som tyt og skravlar i eitt køyr. Det blir med andre ord svært spanande å sjå om denne galskapen blir så galen at til og med spelaren blir gal. Som dei fleste andre Xbox-eksklusive spel kan du spele High on Life via Game Pass.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på High on Life

Roleg no

Sjarmerande piksellandskap i Kynseed.
PixelCount Studios

Etter nokre hektiske månader så fulle av nye spel at ein lett kan bli svimmel av mindre, er det nesten litt godt at det no roar seg ned eit par hakk. Som dei fleste månader dukkar det opp litt av kvart, men desember byr på ein markant nedgang samanlikna med føregåande månader.

Først på programmet står Choo-Choo Charles, eit skrekkspel der du skal prøve å kome deg unna eit edderkopptog. Naturlegvis. Alternativt kan du sjekke ut det snodige rougelike-kortspelet Inscryption som kjem til Switch.

Blacktail er på si side noko ganske anna. Her møter vi den unge jenta Yaga som blir bannlyst grunna mistankar om heksekunst. Det som følgjer er historia om korleis den slaviske legenda Baba Yaga blei til.

For dei som treng litt japansk rollespelmoro er det eit par spel i vente rett før jul. Dragon Quest Treasures let deg reise ut på skattejakt med Erik og Mia frå Dragon Quest XI. I Valkyrie Profile: Lenneth får vi ei oppussa utgåve av PSP-versjonen av det første spelet i Valkyrie-serien.

Til slutt tek vi med at nokre interessante indiespel er ute rett før året er omme. Kynseed er eit noko Stardew Valley-inspirert spel frå eit knippe Fable-veteranar som no er ute av Early Access, medan Chained Echoes er ein hyllest til japanske rollespel laga av berre ein person.

God speling, god jul, og godt nytt år.

Siste fra forsiden