Feature

Desse spela gler vi oss til i februar

Denne månaden blir det monsterjakt og skyteaction i store doser.

Montasje Gamer.no

Vi visste det var lite å rope hurra for i januar, men alvorleg talt. Eitt spel har vi fått inn til vurdering, og det er i knappaste laget. Rainbow Six Extraction vil nok ikkje lande i historiebøkene med det første, men grei underhaldning var det likevel.

Den største saka denne månaden var uansett at Microsoft har bestemt seg for å bli Disney og kjøpe opp all konkurranse. Etter å ha sikra seg Activision Blizzard er ingen trygge (kanskje med unntak av Bungie som nett blei oppkjøpt av Sony.

Men no er det over til moroa vi har i vente i februar, og denne månaden byr på mange saftige godbitar.

Dying Light 2

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 4. februar

Det blir rikeleg med plass å boltre seg på i Dying Light 2.
Techland

Zombier er og blir ei greie folk elskar å ta knekken på, og det er ikkje rart dei har dukka opp i eit mylder av former. Nokre er trege og lette å få has på, andre er kjappe og livsfarlege sjølv i små flokkar. Med Dying Light skapte Techland eit univers der det i aller høgste grad er viktige å vere kjapp i både kropp og hovud.

Her skal ein ikkje berre overleve i ei diger verd full av zombier, men ein skal gjere det med stil. Dying Light 2 byr etter alt å døme på ein betre og større versjon av originalen, og her blir det action, parkour og ei enorm mengde innhald å ta inn. Sjølv om spelets historie skal vere mogleg å runde på rundt 20 timar, skal det vere mogleg å halde det gåande i fleire hundre om du vil finne alt spelet har å by på. Noko for ein kvar der med andre ord.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dying Light 2

CrossfireX

Plattform: Xbox One, Xbox Series S/X
Ute: 10. februar

CrossfireX byr på taktisk action.
Smilegate

CrossfireX er eit snodig beist. Sjølv om dei færraste kanskje har høyrt om det her til gards, er det faktisk det mest spelte spelet i verda. Vi snakkar over ein milliard spelarar fordelt på 80 land. Svimlande tal, definitivt, og det er kanskje difor Microsoft insisterte på å få serien over på sine konsollar med Crossfire X.

Dette spelet er som dei tidlegare spela i serien utvikla av Sør-Koreanske Smilegate. Som vanleg har dei skrudd saman ein fleirspelarmodus i velkjend taktisk stil, men i tillegg til det har dei hyra inn finske Remedy, studioet bak Max Payne, Alan Wake og no sist Control, til å utvikle ein historiemodus for die som helst vil spele aleine. Det blir spanande å sjå korleis dette ekteskapet fungerer når CrossfireX lanserast denne månaden.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på CrossfireX

Total War: Warhammer 3

Plattform: Windows
Ute: 17. februar

Her blir det krig.
Sega

Miniatyrspelet som gjer stadig større suksess i den digitale verda er tilbake med tredje del av Creative Assembly sin Warhammer-trilogi. Her får vi ei rekke nye fraksjonar å leike oss med, blant anna den tåleleg motbydelege rasen nurgle, samt ein og anna ogre for smaken si skuld. Utviklarane lovar naturlegvis det beste spelet så langt, med nye måtar å spele på, og soldatar og taktikkar som passar deg.

Naturlegvis får spelet eit grafisk løft, og ein robust kampanjemodus du kan surfe gjennom eine og aleine. For dei som treng fleire utfordringar byr spelet sjølvsagt på ein fleirspelarmodus, og med tida vil det dukke opp ein «Mortal Empires»-kampanje som hentar inn karta og fraksjonane frå tidlegare spel til ein stor saftig middag. Her blir det krig.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Total War: Warhammer 3

Horizon Forbidden West

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5
Ute: 18. februar

Spørsmålet er kor mange gongar Guerilla såg Avatar under utviklinga av Horizon Forbidden West.
Sony

Ei av Sonys største nysatsingar dei siste åra er no tilbake med kapittel to. Serien der vi reiser til ei frodig post-apokalyptisk verd der robotar inspirerte av dyr og dinosaurar har teke over planeten lovar ei rekke nye utfordringar og forbetringar utover det første spelet. Ved sidan av eit solid grafisk hopp som dreg nytte av kva PlayStation 5 kan bidra med, får vi utforske ei større verd som byr på kjende landemerke frå vår eiga verd.

Hovudpersonen Aloy tek turen vestover til den mystiske grensebyen Forbidden West for kå finne kjelda til ein grusom pest som drep alt den kjem i kontakt med. På vegen vil ho møte nye utfordringar og hjelpedingsar, til dømes ein paraglider henta rett ut av The Legend of Zelda: Breath of the Wild.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Horizon Forbidden West

Elden Ring

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 25. februar

Her blir det inga kjære mor.
FromSoftware

Det er vel få spel med høgre forventningspress i år enn Elden Ring. Det kan etter kvart sjå ut som alt From Software tar i blir til gull, og folk stiller seg i kø for å få pryl i spela deira. Med Elden Ring byr dei på ei diger verd full av livsfarlege utfordringar, samt eit univers skapt i samarbeid med George R.R. Martin. Vi likte i alle fall det vi fekk prøve:

«Sjølv etter fem timar har vi berre fått ein ørliten smakebit på alt det Elden Ring har å by på. Spelet gjer ingen massive endringar frå FromSoftwares føregående prosjekt, men framstår i staden som ein smeltedigel fylt med det beste utviklarane har gjort dei siste ti åra. Særleg Dark Souls 3-inspirasjonane står sterkt her, med mange unike spelestilar, spesialangrep og eksepsjonelt kule sjefsfiendar.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Elden Ring

Etterpåklattane

Vinterglede i Shredders.
FoamPunch

Sifu er eit spanande actioneventyr der temaet er kung-fu. Kvar gong du døyr kjem du tilbake som ein eldre versjon av deg sjølv som er sterkare og flinkare, men toler litt mindre, så dette bør bli moro.

Om det ikkje fungerer for deg kan du sjå fram til at heileKingdomHearts-sagaen kjem til Switch. Dette er derimot ein skyversjon av serien, så om du ikkje har den kjappaste linja bør du kanskje halde hovudet kaldt.

Eit anna alternativ er det Sør-Koreanske MMO-et Lost Ark som byr på eventyr i fugleperspektiv. Det blir det ikkje i Dynasty Warriors 9: Empires. Her blir det kjend oppskrift for Dynasty Warriors-fansen. Fiendar skal flagre og kongedøme skal erobrast.

For eit komplett taktiskifte kan vi ta ein kjapp kikk på Grid Legends, eit racingspel frå Codemasters der du blant anna kan lage dine eigne race.

Race av ein litt anna art får vi bryne oss på i Shredders, eit lovande snowboardspel som ser ut til å by nokre nydelege turar ned snødekte fjelltoppar.

Med det takkar vi for denne månaden. Over og ut.

Siste fra forsiden