Feature

Desse spela gler vi oss til i februar

Alt frå trolldom til monsterjakt med og utan VR-briller står på menyen denne månaden.

Januar er forbi, og med det kan vi konstatere at Square Enix sitt nye storspel Forspoken på ingen måte leverte varene, og godt kunne hatt bruk for meir tid i gryta. Langt betre gjekk det med EA sin nyversjon av romgrøssaren Dead Space som leverte bektjukk og intens stemning. Vidare fekk vi nokre sånn passe greie spel i One Piece Odyssey og Fire Emblem Engage.

Ein av dei tinga vi har kosa oss mest med i januar er deirmot dei første episodane av HBO sin påkosta The Last of Us-serie som rullar og går på skjermane akkurat no.

Og med det ser vi atter ein gong framover.

Hogwarts Legacy

No er det snart din tur til å leike med trolldom.
Warner Bros Interactive

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X, Windows
Ute: 10. februar

Ein av dei mest populære bokseriane gjennom tidene ser no ut til å endeleg få det spelet den fortener. I Hogwarts Legacy tek vi på oss rolla som ein ny student ved trolldomsskulen Hogwarts, og får utforske den store skulen og alt det spanande rundt den. Du får lage din eigen elev, og gjennom spelets historie får du meistre ulike former for trolldom, lage trylledrikkar, og til og med temje magiske dyr.

Naturlegvis er det trøbbel i gjere, og som lovande magistudent blir du sjølvsagt ei viktig brikke i utfordringane som følgjer. I Hogwarts Legacy tek turen heilt tilbake til 1890 for å få eit solid innblikk i ein heilt annan tidsperiode i Harry Potter-universet.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Hogwarts Legacy

Wild Hearts

Det er ingenting å seie på utsikta i alle fall.
EA Originals

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 17. februar

Det er ikkje ofte store vestlege spelselskap samarbeider med japanske utviklarar, men det fant EA ut det var på tide å gjere, allierte seg med Dynasty Warriors-studioet Omega Force, og er no berre veker unna å lansere monsterjaktspelet Wild Hearts.

I Wild Hearts reiser vi til Azuma, ei fantasyverd inspirert av gamle Japan. Her får opp til tre spelarar reise ut på eventyr saman for å jakte massive monster. At spelet hentar bittelitt inspirasjon frå Monster Hunter-serien må vere lov å seie, men det er ikkje nødvendigvis noko gale i det, så lenge spelet blir bra. Wild Hearts ser uansett ut til å by på nokre originale idear der du til dømes får bygge gjenstandar og maskiner i kampen mot beista.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Wild Hearts

Horizon Call of the Mountain

Her har vi intens VR-action i vente.
Sony Computer Entertainment

Plattform: PlayStation 5
Ute: 22. februar

I februar lanserer Sony PlayStation VR2, eit flunkande nytt sett med VR-briller for PlayStation 5, og då treng vi nagturlegvis eit spanande spel som demonstrerer kva den nye maskinvara er i stand til. Horizon Call of the Mountain er som du sikkert skjønar eit spel i Horizon-universet. Vi tek på oss rolla som Ryas, ein meister i fjellklatring og bogeskyting som må bryne seg på mange av dei same utfordringane Aloy allereie har møtt.

I motsetning til dei andre Horizon-spela er dette spelet i førsteperson, og det er ganske lineært i struktur, sjølv om du skal få mange vegar og måtar å nå målet ditt på. Om du berre vil ta inn det lekre landskapet byr spelet på River Ride-modusen der du får ein guida tur gjennom det vidstrakte landskapet.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Horizon Call of the Mountain

Company of Heroes 3

Plattform: Windows
Ute: 23. februar

Skal vi krige eller gå på stranda i dag?
Sega

Nesten ti år etter det førre spelet i serien er det endeleg på tide med nye strategiske utfordringar basert på andre verdskrig. Denne gong tek vi turen eit stykke lenger sør, og får spele som dei allierte styrkene under invasjonen av Italia, medan aksemaktene går til åtak på Nord Afrika.

Då Relic Entertainment starta utviklinga samla dei inn modderar og spelarar for å finne ut kva dei burde fokusere på i det tredje spelet. Dette er blant anna grunnen til at spelet utforskar heilt nye område i krigshistoria. Moglegvis som ein konsekvens av dette har vi fått ein ny pausefunksjon der du kan legge fleire kommandoar i kø som blir utførte når ein starta opp spelet igjen.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Company of Heroes 3

Octopath Traveller II

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Nintendo Switch, Windows
Ute: 24. februar

Octopath Traveler II introduserer oss for nye heltar.
Squaare Enix

Octopath Traveler frå 2018 var eit ganske spesielt spel då det kom. Det blanda ein visuell stil inspirert av pikselgrafikken på konsollar som Super Nintendo med tredimensjonale miljø og moderne effektar, og det til stor suksess. Spelet blei god butikk for Square Enix, noko som det er tydeleg dei vil bygge vidare på når Octopath Traveler II er rett rundt hjørnet.

I Octopath Traveler II møter vi ein heilt ny gjeng med eventyrarar i ei heilt ny verd som vil vere hakket meir moderne enn den tradisjonelle middelaldersettinga frå det første spelet. I tillegg skal historia bli meir samanknyta denne gong, i staden for ei rekke separate historier som knapt rører kvarandre. Vi kan og vente oss meir av det herlege turbaserte kampsyetemet som gjorde kampane i originalen så underhaldande.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Octopath Traveler II

Alt mellom himmel og jord

Destiny 2: Lightfall byr på nye eventyr.
Bungie

Vi har mange spel i vente i februar, og dei vi allereie har nemnt er berre byrjinga. For dei som elskar solide doser action kan spel som skytespelet Atomic Heart, eller actionspelet Wanted: Dead frå ei rekke Ninja Gaiden-utviklarar kanskje vere noko for deg. PlayStaton 5-spelet Returnal kjem til Windows, og Journey to the Savage Planet tek turen til nye plattformer òg.

Meir action blir det i Destiny 2-utvidinga Lightfall som satsar på å få litt ekstra fart på spelarane igjen. Meir action med ein sci-fi-tvist får vi i Deliver Us Mars og Scars Above.

For dei som tenker det passar seg betre med eit rolegare tempo og å bruke dei små grå, byr Ubisoft på The Settlers: New Allies. Her ser utviklarane ut til å fokusere mindre på ressursar og meir på krig, eit risikabelt trekk spør du meg. Vidare finn vi restaurantsimulatoren Chef Life, Football Manager 2023, og ikkje minst Blood Bowl 3.

Treng du di månadlege dose med japanske spel, er det eit par å bryne seg på. Grottekravlaren Labyrinth of Galleria: The Moon Society byr på turbaserte kampar frå Nippon Ichi, medan Like a Dragon: Ishin! sender oss tilbake i tid for nye Yakuza-eventyr.

Blanc by på noko svært unikt.
Gearbox Publishing

Theathrhythm Final Bar Line er eit nytt spel i rytmemusikkserien frå Square Enix, og om rytmespel er di greie, kan det vere ein idè å sjekke ut Rhythm Sprout òg.

Vidare finn vi både det eine og det andre denne månaden. Fashion Police Squad er på veg til ein konsoll nær deg, medan Life is Strange 2 tek turen til Switch. Det er det ikkje aleine om, sidan Digimon World: Next Order og Kirby's Return to Dream Land Deluxe gjer akkurat det same.

Til slutt kan vi ta med det sideskrollande actionspelet Helvetii, Sons of the Forest som blandar overleving med horror, og til slutt det sjarmerande spelet Blanc, der vi i ein handteikna svart og kvitt stil møter eit lite rådyr og ein ulv som må ut på reise saman.

God speling!

Siste fra forsiden