Godt nytt år!
2025 er over, og for eit år. Perlene hang som på ei snor, og berika liva våre med mange fantastiske opplevingar. Blant favorittane frå i fjor finn vi minneverdige opplevingar som Kingdom Come: Deliverance II, Blue Prince, Clair Obscur: Expedition 33 og Hades II.
Vi kan berre håpe året som ligg framfor oss blir like prega av høg kvalitet og varierte opplevingar.
Kejora
Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Switch, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 14. januar
Kejora er eit fargerikt og handteikna eventyr som tek oss med på ei reise til Indonesia. Her møter vi den unge jenta Kejora som bur i ein fredeleg liten landsby, men ho innser gradvis at dei lev den same dagen om att utan ende. Eit ynskje om å finne ut av kva som skjer får ho og venene hennar til å legge ut på ei reise for å forstå kvifor dagen går om att, og korleis dei skal få slutt på det.
Spelet er eit sideskrollande eventyrspel der Kejora og venene må løyse ei lang rekke praktiske gåter knytt til områda dei reiser gjennom ved å kombinere sine ulike eigenskapar. Vi får utforske mange vakre område som speglar landet spelet er sett til, og vi får reise djupt inn i mørke skogar der noko nifst ventar på dei tre eventyrlystne ungane.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Kejora
MIO: Memories in Orbit
Plattform: PlayStataion 4, PlayStation 5, Switch, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 20. januar
2025 var eit godt år for alle som kosar seg med metroidvania-spel, og det kan sjå ut til at 2026 følgjer i same gate. MIO: Memories in Orbit er blant årets første metroidvania-spel, og her møter vi androiden MIO. Du vaknar opp på eit enormt romskip som sig gjennom verdsrommet utan mål og meining. Dette skipet er ditt å utforske, og finne ut kvifor det finnest, og kva det var bygd for.
Som metroidvania flest får vi her ei diger sideskrollande verd å utforske. Stadig nye område opnar seg opp, og nye vegar knyt områda saman. Som Mio får du eit stadig større arsenal med ferdigheiter å leike med og oppgradere, noko som kan kome godt med i møte med alle dei mannevonde beista skipet byr på, samt eit mylder av praktiske utfordringar og hinderløyper.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på MIO: Memories in Orbit
Highguard
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 26. januar
Highguard er årets første store konkurrent på skytespelfronten. Denne raidskytaren kjem frå folk som tidlegare har jobba på svært populære skytespel som Titanfall og Apex Legends, og dei bør såleis vite kva dei driv med. I dette spelet tek spelarane på seg rollene som «Wardens», og får bruke både våpen og magi i kampen om å kome sigrande ut av slaget.
Spelet byr på to delar. I starten skal ein kjempe om å få kontroll over ein såkalla «Shieldbreaker», og når eit lag har tatt denne, skiftar spelet fokus og handlar om at det eine laget skal ta over basen det andre laget må forsvare. Utover dette ser spelet ut til å blande både science fiction og fantasy i gode doser, der spelarane kjempar om siger i eit fargerikt fantasiland. Highguard blir gratis å spele.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Highguard
The Seven Deadly Sins: Origin
Plattform: PlayStation 5, Windows, Android, Ios
Ute: 26. januar
The Seven Deadly Sins er ein svært populær manga- og animeserie som no får seg eit digert spel der du får utforske ei stor og opa verd. Spelaren tek på seg rolla som Tristan Liones, som er sonen til to av hovudpersonane frå serien. Som Tristan får du utforske Britannia, og legge ut på ei reise for å gjenopprette ro og orden.
I spelet får du både farte rundt og utforske alle hjørne av verda, men og kjempe mot ei lang rekke monster og fiendar med eit kampsystem som lovar at du skal få byte inn og ut rollefigurar medan du krigar. Om du vil ta livet litt meir med ro kan du både fiske og sanke ressursar for å lage mat og andre ting som kan bli nyttige for ein eventyrar.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Seven Deadly Sins: Origins
Code Vein II
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 30. januar
Code Vein frå 2019 falt ikkje heilt i smak er på berget, men kanskje kan oppfølgjaren trå til der originalen feila. Dette animerollespelet hentar meir enn berre litt inspirasjon frå Dark Souls-spela, men i oppfølgjaren prøvar utviklarane å puste inn ei rekke nye idear. Størst blant desse er det nye partnersystemet. I spelet vil du møte ei rekke ulike allierte som du kan la kjempe ved di side. Dei har alle ulike eigenskapar, men om du ikkje vil ha hjelpa deira, kan du i staden ta dei til deg, og absorbere kreftene deira.
Dette partnersystemet skal la deg utvikle eigne kampstilar basert på kva partner du til ei kvar tid har med deg. Utover dette byr Code Vein II på ei heilt ny og sjølvstendig historie. Å ha spelt originalen er difor ikkje nødvendig.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Code Vein II
Noko for ein kvar smak
Årets startar med romveseninvasjon og strategi når Terra Invicta omsider ser seg ferdig med Early Access-perioden sin. Om du vil ha noko meir jordnært kan kanksje bybyggaren Nova Roma vere eit godt alternativ.
I Pathologic 3 spelar du ein lege som får berre 12 dagar på å redde ein by frå ein mystisk pest. Hakket trivelegare blir det i Hytale, eit svært Minecraft-inspirert spel som skal ut i Early Access.
Om du heller vil spele store japanske rollespel er The Legend of Heroers: Trails Beyond the Horizon ditt beste alternativ denne månaden, men det er lurt å ha spelt dei tidlegare spela i serien først.
BrokenLore: Unfollow er ein grøssar som utforskar kva konsekvensar sosiale medie kan på mental helse. Her blir det heslege monster og mørke rom.
Blightstone er eit turbasert taktikkspel med fokus på kamp som snart tek turen ut i Early Access.
Arknights: Endfield er på si side er kinesisk actionspel med basebyggeelement.
I det isometriske overlevingsspelet I Hate This Place skal du lage nytt of betre utstyr for å overleve mot heslege monster. I Cairn skal du derimot berre overleve medan du prøvar å klatre til toppen på eit massivt fjell.
Ein bunke spel er på veg til nye plattformer denne månaden òg. Superheltspelet Dispatch tek turen til Switch of Switch 2, medan Front Mission 3 Remake take turen frå Switch til alt anna.
Switch 2 er den store fellesnemnaren denne månaden, og fjorårets actionfest Dynasty Warriors: Origins landar på Nintendokonsollen denne månaden. Det gjer Final Fantasy VII Remake Intergrade òg, i tillegg til at det får ein Xbox Series S/X-versjon.
Månadens høgdepunkt for mange blir likevel garantert den nye Switch 2-oppdateringa til Animal Crossing: New Horizons. Som om det ikkje var nok, kjem ein haug med nytt innhald til Nintendos koselege lansbyspel.
Det var alt for januar, god speling.