Feature

Desse spela gler vi oss til i juni

Denne månaden blir det eksklusive spel, og den årlege sommartørka er langt unna.

Endeleg er han her, sommaren. Den fine tida der vi slappar av hakket meir, og pandemien som har gjeve mange ein god grunn til å sitje inn med ein bunke gode spel, ser ut til å sleppe taket litt.

Månaden som ligg bak oss har produsert både det eine og det andre i så måte. Vi har fått nokre fantastiske opplevingar frå spel som Resident Evil Village og Mass Effect Legendary Edition, men vi var langt frå like entusiastiske for Shin Megami Tensei III: Nocturne: HD Remaster og Biomutant.

No skal vi til på ein månad stappfull med spel av alle tenkjelege typar, og det er best vi hiv oss i det, først som sist.

Ratchet and Clank: Rift Apart

Plattform: PlayStation 5
Ute: 11. juni

Ratchet og Clank er klare for nye, kaotiske eventyr.
Sony Interactive Entertainment

Ratchet og Clank er to av dei aller best kjende figurane i PlayStation-stallen. Dei har vore med oss heilt sidan det første spelet i serien blei lansert på PlayStation 2, og då passar det veldig godt at eit nytt Ratchet & Clank-spel er blant dei første førstepartspela frå Sony til PlayStation 5. Vi kan vente oss mykje plattform og action i eit blendande vakkert spel, noko vi fekk erfare etter ei runde med spelet:

«Basert på det vi har sett av spelet fram til no, er det absolutt ingen tvil om at Rift Apart kjem til å bli det penaste og teknisk mest avanserte spelet i Ratchet & Clank-serien. Opplevinga ser ut til å utnytte PlayStation 5 for alt det er verdt, med silkemjuke overgangar mellom ulike dimensjonar, spanande bruk av oppdelte skulderknapper og eit aldeles nydeleg univers.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Ratchet & Clank: Rift Apart

Game Builder Garage

Plattform: Switch
Ute: 11. juni

Bygg dine eigne spel med Game Builder Garage.
Nintendo

Opp gjennom åra har det vore laga fleire forsøk på å lage spel som lar deg lage nettopp spel. Vi har alt frå RPG Maker, Little Big Planet frå Sony, Project Spark frå Microsoft, og ikkje minst Nintendos eige Super Mario Maker. No er Nintendo snart klare med enda eit spelmakarspel, og denne gong går dei hakket meir i detalj enn før.

I Game Builder Garage skal du med enkle verkty få lage dine eigne spel i ein haug med sjangrar. Med eit lettfatteleg system skal du kunne bestemme kva alle knappar på kontrollarane gjer, samt byggje opp spelverder med med ei rekke utfordringar. Når du har skapt noko du er nøgd med, vil du naturlegvis kunne dele dette med omverda, eller kanskje berre ta ein kikk for å hente inspirasjon i kva andre har fått til.

Les også
Anmeldelse: Dungeons & Dragons

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Game Builder Garage

Dungeons & Dragons: Dark Alliance

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 22. juni

Drizzt Do'Urden blir ein av heltane i Dark Alliance.
Wizards of the Coast

Det byrjar å bli nokre år sidan Baldur's Gate: Dark Alliance gav oss fleirspelarmoro og sanntidskampar i Dungeons & Dragons-universet. No, mange år seinare, er ein ny oppfølgjar på veg, om enn ein andeleg ein. I staden for å ta opp tråden etter det andre Baldur's Gate: Dark Alliance-spelet, vel utviklarane bak dette spelet å presentere ei ny historie med nokre kjende figurar i hovudrollene. Her får vi spele som drow-alven Drizzt, bogeskytaren Catti-Brie, barbaren Wulfgar og den trauste dvergen Bruenor.

I rolla som ein av desse klassiske heltane skal du aleine, eller helst saman med tre andre spelarar, leggje ut på eventyr for å jakte monster, og samle inn skattar i form av både gull og nytt utstyr. Her blir det viktig å finne si rolle, og nytte den godt. Mange rollespel blir laga for berre ein spelar, men her satsar utviklarane på å skape ei oppleving der samarbeid og samhald står i sentrum. Om dei får det til finn vi tids nok ut.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dungeons & Dragons: Dark Alliance

Scarlet Nexus

Plattform: PlayStation 4, PLayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 25. juni

Scarlet Nexus byr på fargerik action i eit høgt tempo.
Bandai Namco

Scarlet Nexus tek oss med til ei fjern framtid der mannevonde mutantar utgjer ein konstant trugsel mot samfunnets ve og vel. Ein gjeng krigarar med telepatiske evner tek opp kampen mot beista, og det er her du kjem inn, i dette anime-inspirerte actionrollespelet. Som dei fleste actionrollespel har du ditt kjære sverd, men i Scarlet Nexus er det berre ein liten del av kva du kan denge fiendar med.

Dine telepatiske evner let deg bruke ting du finn i verda rundt deg som våpen, og saman med sverdet ditt vil verda bli eit mektig våpen du kan bruke for å byggje opp mektige komboar. Spelet lovar ei solid historie sett i ei verd inspirert av både klassisk anime og science fiction. I tillegg får du velje å spele som ein av to ulike karakterar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Scarlet Nexus

Mario Golf: Super Rush

Plattform: Switch
Ute: 25. juni

Slapp av med litt Golf i sommar!
Nintendo

Eg skal innrømme eg aldri heilt har skjønt kva greia er med golf, men det er ingen tvil om at sporten er populær. Populære har òg Mario sine golfeventyr vore, og no, etter sju lange år, er det endeleg tid for eit nytt spel i den gamle serien. Her får vi naturlegvis spele golf som enten Mario eller ein av dei mange venene og uvenene hans frå soppriket, og det over nokre temmeleg ulike modusar.

Du kan spele vanleg gold, Speed Golf, eller rollespelgolf. Vi kan som vanleg for Mario-spel vente oss ei rekke spektakulære teknikkar og triks for å knuse motstandarane med, om dei så er styrte av maskina, eller av motspelarar. Spelet byr på kontrollsystem basert på både knappar og rørsler, slik at både sofapoteter og energibomber finn noko som passar for dei.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mario Golf: Super Rush

Regntid

DeEt blir actionn ala Games Workshop i Necromunda: Hired Gun.
Focus Home Interactive

Som regel på denne tid kvart år plar eg spytte inn nokre ord om korleis det er den årlege speltørka, og difor er det ikkje så mykje å skrive om akkurat no. Vel, det er inga speltørke i vente heilt enno, snarare ser vi på ein liten monsun som veltar inn over landet, og ein formidabel haug med spel eg er litt usikker på korleis vi skal kome oss gjennom.

Vi startar med noko mange, bortsett frå enkelte puristar kanskje, har venta på. World of Warcraft Classic: The Burning Crusade er rett rundt hjørnet, og du skal ikkje sjå bort frå at vi om nokre år sit der med World of Warcraft Classic: Shadowlands, og alle sit der og spent ventar på World of Warcraft Classic Definitively Classic This Time Edition.

Det er sikkert like mange som ventar på siste nytt frå Midgar. Det vil Square Enix gjere noko med snarleg, og lanserer Final Fantasy VII Remake Intergrade. Her får vi endeleg ein PlayStation 5-versjon av rollespelet, samt ein haug med nytt innhald Square Enix valde å bruke tid på i staden for å få ut del to så kjapt som mogleg.

Vidare finn vi ei rekke, nye, spanande spel. Først ut er actionspelet Necromunda: Hired Gun som lovar eit grumsete skytespel basert på Games Workshop sitt miniatyrspel. Stonefly lovar eit nesten meditativt eventyr, medan Operation: Tango påstår vi må vere to for å overleve i denne nøtteknekkaren.

Legend of Mana satsar på å introdusere eit nytt publikum for litt magi av gamlesorten.
Square Enix

Ender Lillies: Quietus of the Knights byr opp til eit mørkt fantasispel basert på Metroidvania-formelen. Den rake motsetning finn vi kanskje i Olympic Games Tokyo 2020 - The Official Video Game. Griftlands er eit kortbasert rougelike med ganske kul teikneseriestil, medan Astalon: Tears of the Earth hentar inspirasjonen sin frå 8-bit sideskrollande actionspel.

I DC Super Hero Girls: Teen Power skal nokre kjende superheltinner redde Metropolis frå ein bøling superskurkar, medan vi i indierollespelet Edge of Eternity skal ut på ei lengre reise sterkt inspirert av japanske rollespel. I Chivalry 2 skal du i staden denge laus på opp mot heile 63 andre spelarar i blodige middelalderkampar. Blod blir det heilt sikkert i Sniper Ghost Warrior Contracts 2, sjølv om det her blir å finne på hakket lengre avstand.

For å snu den blodige trenden litt, tek vi med Chicory: A Colorful Tale. Dette er eit rollespel der verda gradvis går frå svart/kvitt til fargar etter kvart som ein spelar.

Og med det går vi igjen laus på den faste spalta «Gamle spel om att», og først ut denne månaden er Virtua Fighter 5 Ultimate Shodown som ser ut til å ha henta namneinspirasjon frå Street Fighter-serien. Vidare finn vi det ganske ferske Ghosts 'n Goblins Ressurection som tek seg ein tur til nye plattformer.

Ender Lilies ser ut til å kunne bli eit stemningsfullt spel.
Binary Haze Interactive

Metro Exodus Complete Edition får det kanskje til å høyrest ut som spelet aldri blei heilt ferdig, men neida, dette er berre ei ny utgåve til dei nye konsollane. Ninja Gaiden: Master Collection er på si side ei samling ninjaspel i ei pakke, noko som burde glede mang ein sverdglad gamer. Atter ei samling får vi frå Lucasfilm som har samla dei gamle slagerane Zombies Ate My Neighbors og Ghoul Patrol i ei snasen lita pakke.

Til slutt kjem ein sildrande bekk av spel til Switch. Først av dei er Legend of Mana, ein oppussa versjon av det gamle PlayStation-spelet som byr på nydelege nyteikna bakgrunnar, samt ei og anna ekstra forbetring under panseret.

Tony Hawk's Pro Skater 1 and 2 rullar sin veg inn i Switch-biblioteket, medan nyversjonen av Destroy All Humans! omsider dukkar opp i Nintendo sitt hjørne. Til slutt kjem eit potensielt tidkrevjande spel når det taktiske rollespelet Disgaea 6: Defiance of Destiny blir lansert.

Det var det vi fekk plass til denne gongen. Lukke til med å bestemme deg for kva du skal spele denne månaden! Sjåast.

Siste fra forsiden