Feature

Desse spela gler vi oss til i juni

Denne månaden blir det demmonarr, fotball og frenetisk action.

Sommar! Endeleg, vinteren er over, ferien er snart over oss, og vi kan endeleg setje oss ned med godt samvit for å kose oss på så egosentrisk vis som vi skulle ynskje. Ikkje at vi har mangla grunnar til å gjere det allereie. Mai har vore ein svært spanande månad på spelfronten. Vi har fått artige actioneventyr som Eiyuden Chronicle: Rising, avslappande pause i Dorfromantik, spenstig sport i Nintendo Switch Sports, og destruktiv moro i Teardown.

Best av alt var kanskje Early Access-lanseringa av det nydelege strategispelet Songs of Conquest som hentar all den rette inspirasjonen frå Heroes of Might & Magic.

No er det derimot framover vi skal sjå, og kanskje mot enda lysare tider.

Er du klar for litt demonslakt på farta?
Blizzard

Diablo: Immortal

Plattform: iOS, Android, Windows
Ute: 2. juni

Sjeldan har vel ei kunngjering fått verre respons enn då Blizzard avslørte mobilspelet Diablo Immortalt. Nokre år seinare er spelet derimot klart for lansering, og det som i utgangspunktet berre skulle bli eit mobilspel, kjem også til PC. Som vanleg skal du ta på deg rolla som ein krigar som brukar enten magi, rå makt, eller ein kombinasjon i kamp mot endelause mengder monster og vandrande lik.

Spelet tek plass mellom Diablo II og Diablo III og vil by velkjent gameplay, sjølv om det naturlegvis er nokre endringar for å passe mobilmarknaden. Viktigast og mest kontroversiell av desse er nok lootboksane som faktisk hindrar spelet frå å bli lansert i Belgia og Nederland. Som dei fleste spel med lootboksar er Diablo Immortal gratis å spele.

Sjå bilete og les artiklar

The Quarry

Plattform: Xbox One, Xbox Series S/X, PlayStation 4, PlayStation 5, Windows
Ute: 10. juni

The Quarry byr på ei lang rekke kjende skodespelarar.
Supermassive Games

Supermassive Games er tilbake med enda eit skrekkspel, og som vi lett kan forvente oss er det klassiske skrekkfilmar dei hentar inspirasjonen sin frå. I denne omgang skal spelaren ta kontroll over ni tenåringar som må overleve sommarleiren Hackett's Quarry. Alle dei ni tenåringane skal ha rundt eit dusin måtar å døy på, så her kan alt skje, og spelet legg på alle måtar opp til at du skal forme di eiga historie.

Heile eventyret kan du oppleve aleine eller saman med andre både lokalt eller over nett, og spelet tilbyr i tillegg ein eigen filmmodus der du skal få oppleve historia med så få utfordringar som mogleg. Hakket meir interessant er kanskje rollelista som inkluderer kjende namn som Skrik-veteran David Arquette, skrekklegenda Lance Henriksen, Ariel Winter og Justice Smith, for å nemne nokon.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Quarry

Mario Strikers: Battle League

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 10. juni

Mario-fotball er ikkje som vanleg fotball.
Nintendo

Sommaren er tiden for sport og fysisk aktivitet, så kva er vel då betre enn eit flunkande nytt fotballspel i Mario-universet? Mario Strikers: Battle League er det tredje spelet i Mario Strikers-serien, og lovar å by på mykje galskap. Grunnreglane er som i vanleg fotball; form eit lag, og få ballen i mål. Alt anna er derimot ganske annleis. Du vel deg nokre kjende figurar frå Mario-universet for å forme eit lag, og gjer alt du kan for å få ballen i mål.

Som i Mario Kart kan du bruke gjenstandar som skjelpaddeskal og bananer for å hindre motstandarane, og heile bana er omkransa av eit elektrisk gjerde du kan bruke til din fordel. Spelet byr sjølvsagt på fleirspelarmodus både lokalt og over nett.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mario Strikers: Battle League

Fire Emblem Warriors: Three Hopes

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 24. juni

Du kan vere trygg på store mengde overdådig action.
Nintendo

Etter suksessen med Fire Emblem- og Zelda-actionspel utvikla av Dynasty Warriors-studioet Omega Force, er det endeleg klart for ein ny tur til Fire Emblem-universet. Denne gongen hentar utviklarane inspirasjonen sin frå Fire Emblem: Three Houses, og vil introdusere oss for fleire personar frå det spelet.

Som vanleg frå eit Warriors-spel kan vi vente oss heftige action der eit mylder av ulike krigarar alle byr på sine eigne unike måtar å pryle fiendar på. Her er eit slag med sverdet nok til å få ei tosifra mengde fiendar til å fly. Fire Emblem Warriors var eit av dei betre spela i Warriors-serien, og vi kan berre håpe at Fire Emblem: Three Hopes tviheld på underhaldningsfaktoren. Ei hakket betre historie hadde derimot ikkje gjort noko.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Fire Emblem: Three Hopes

Monster Hunter Rise: Sunbreak

Plattform: Ninteno Switch: Windows
Ute: 30. juni

Gjer deg klar for nye blodtørstige monster.
Capcom

Etter å ha brukt nesten eit heilt år på å ta steget frå Nintendo Switch til PC, er det godt nytt at den første, store utvidinga til fjorårets fantastiske Monster Hunter Rise lanserast på begge plattformer samstundes. I denne utvidinga får vi ei lang liste med nye utfordringar å bryne oss på. Etter å ha oppnådd fred og ro i landsbyen Kamura, er det no tid for å vende snuten vestover mot nye eventyr. Her finn vi digre nye område, samt ein haug med nye beist å jakte.

Utvidinga lovar å by på ei rekke forbetringar, samt små og store tillegg for å gjere livete betre for deg. Blant dei mest interessant nye elementa er kanskje dei nye solooppdraga som let deg ta med ein følgjar i ein slags simulert fleirspelar, om du vil. Om vi skal døme etter Capcoms evne til å levere dei siste åra, bør dette bli noko å vente på for Monster Hunter-fansen.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Monster Hunter Rise: Sunbreak

Noko i sommarvarmen

Klassisk pikselgrafikk på sitt beste.
Sega

Sjølv om sommaren som regel er ei roleg tid, så er det rikeleg å kose seg med i år. Vi finn blant anna det mørke undervannsskrekkspelet Slit, som reint visuelt kan minne om herlege Limbo. For litt meir farge kan du prøve deg på eventyrspelet Card Shark der du skal skal slå frå deg ved å spel kort. Medan vi held oss i eventyrland kan vi kanskje nemne den japanske visuelle novella Loopers.

Hakket meir fysisk (om enn simulert) blir det i årets Tour de France der – du gjetta riktig – skal sykle for harde livet. Omlag like hektisk blir det garantert når Fall Guys-utvidinga Ultimate Knockout landar. Lande må du rekne med å gjere i ulike mindre flatterande posisjonar når bilknusespelet Wreckfest kjem til Nintendo Switch.

Til Nintendo Switch kjem òg legendariske Star Wars: Knights of the Old Republic II. Du kan jo ta ein kikk på det mellom episodane frå den nye Obi-Wan Kenobi-serien.

Til slutt tek vi med noko smågodt frå Japan. Metroidvania-spelet Overlord: Escape from Nazarick lovar å by på stemningsfull underhaldning, medan Sonic Origins byr på oppussa versjonar av fire klassiske Sonic-spel.

Og med det er det berre å seie God Sommar!

Siste fra forsiden