Feature

Desse spela gler vi oss til i mars

Einhjørningar, mummidalen og eldsprutane drakar er nøkkalorda denne månaden.

Capcom, Hyper Games, Nintendo, montasje Gamer.no

Du store mi tid! Vinterens siste månad blei ein knallsuksess på spelfronten. Månaden starta sterkt med det herlege japanske actionrollespelet Granblue Fantasy: Relink, før det gjekk kast i kast med alt frå den rørande filmen Ibelin, til den sterke Diablo-konkurrenten Last Epoch, og vidare til actioneventyret Banishers: Ghosts of New Eden og ein utfordrande køyretur i Pacific Drive.

Vi var ikkje heilt overbeviste når det kom til Skull and Bones og Mario vs. Donkey Kong, men vi kan ikkje få alt heller.

Medan vi ventar på at vår mann skal bli ferdig med Final Fantasy VII Rebirth, er det på tide å sjå framover for å finne ut kva årets første vårmånad har å by på.

Snusmumrikken på eventyr i stemningsfulle Mummidalen.
Raw Fury

Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen

Plattform: Switch, Windows
Ute: 7. mars

Mummitrollet og alle venene hans har levd godt i hjarterøtene til dei fleste nordmenn i mange tiår. Om det så er bøkene til Tove Jansson, samleobjekt i form av koppar og kar, eller den gamle, koselege teiknefilmserien som rulla på skjermane for nokre tiår sidan, har dei fleste eit forhold til det som skjer i Mummidalen.

No er det endeleg tid for eit spel basert på denne finurlege verda. Vi følgjer Snusmumrikken som etter ein vinter på vandring vender tilbake til Mummidalen ein fager vårdag. Her har det derimot skjedd dramatiske og forferdelge endringar sidan sist, for ei parkvakt har laga nye reglar, sett opp strigla og ekle parkar, og demma opp alt vatn bak ein diger deming. Her må det ryddast opp, og kven betre til det enn Snusmumrikken?

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen

Vanillaware sine spel er noko for seg sjølv.
Atlus

Unicorn Overlord

Plattform: Switch, PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox Series S/X
Ute: 8. mars

Unicorn Overlord er kanskje eit noko snodig namn, men det kjem frå Japan og der er snodige namn eigentleg grunnregelen. Dette spelet kjem frå dei kyndige animatørane hos Vaniallaware som tidlegare har lagra lekre og todimensjonale actionrollespel som Odin Sphere og Dragon's Crown.

Denne gong lagar dei eit ambisiøst taktikkrollespel med ei noko uvanleg tilnærming til sjangeren. Her vandrar vi over eit verdskart før vi hamnar i kjappe kampar som går heilt av seg sjølv basert på korleis du har organisert soldatane dine, og diktert korleis dei skal oppføre seg i kamp. Spelet lovar òg å by på ei solid og dramatisk historie med store mengder krig, politikk og intriger, noko som bør legge opp til ei spanande oppleving.

SJå bilete, les artiklar og finn beste pris på Unicorn Overlord

Prinsessa er klar til å hamle opp med slaskane.
Nintendo

Princess Peach: Showtime!

Plattform: Switch
Ute: 22. mars

Det er vel strengt tatt på høg tid at Peach får seg eit nytt spel. Denne gong blir ho for ein gongs skuld ikkje kidnappa av Bowser. I staden for å vere pokalen i enden av eventyret, er ho no midtpunktet, og må redde eit teater under angrep av nokre slemmingar utan betre ting å ta seg til.

I Princess Peach: Showtime! får Peach sitt eige sideskrollande eventyr, og dette med eit stort fokus på mange forskjellige kostymer som lar ho byte rolle og løyse ein drøss med utfordringar. Blant kostyma ho kan velje mellom finn vi blant anna ninja, cowboy og kung fu-mester, for å nemne noko. Alt vil bli nyttig når ho skal bekjempe ei lang rekke flunkande nye fiendar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Princess Peach: Showtime!

Eventyr ventar i Dragon's Dogma 2.
Capcom

Dragon's Dogma 2

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 22. mars

Etter heile tolv år med venting får endeleg det fantastiske actionrollespelet Dragon's Dogma sin oppfølgjar. I dette spelet får vi igjen ta turen til ei klassisk eventyrverd full av fantastiske artar, monster og ei lang rekke karakterklassar spelaren kan bryne seg på for å finne sin perfekte spelestil.

Dragon's Dogma 2 blir på alle måtar eit større og meir ambisiøst spel enn sin forgjengar, men dei grunnleggjande prinsippa ser ut til å vere inntakte. Saman med tre datastyrte krigarar fartar du rundt i ei diger verd full av livsfarlege utfordringar. Her møter vi legendariske fabeldyr som kyklops og griffen, og ikkje berre må du kjempe mot dei, men du kan klatre på dei for å nå fram til svake punkt, dynke dei i olje og setje fyr på dei, samt mykje meir.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dragon's Dogma 2

Rise of the Ronin sender oss over hundre år tilbake i tid til Japan.
Koei Tecmo

Rise of the Rōnin

Plattform: PlayStation 5
Ute: 22. mars

At Legendariske Team Ninja – som under maestro Tomonobu Itagaki bygde seg opp eit namn som kompromisslause sadistar lenge før nokon utanfor Otogi-fanklubben hadde høyrt om Soulslike – skulle ende opp som eit Soulslike-studio, fell kanskje enkelte tungt for brystet, men her er vi.

Rise of the Rōnin ser likevel ikkje ut til å bli ditt stereotypiske Souls-spel. Her får vi eit historietungt spel sett til Japan i 1863 der vi møter samuraiar med sylskarpe katansverd som blir utfordra av vestlege makter som bankar på ivrig på døra. Utviklarane hevdar i tillegg at dette er deira mest ambisiøse spel nokon gong. Spelet byr på noko så sjeldant som fleire vanskegrader, noko som burde gjere det mogleg for folk utan superkrefter å kose seg utan for mykje frustrasjon.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Rise of the Rōnin

Ei stor og mystisk verd ligg for dine føter i Outcast: A New Beginning.
THQ Nordic

Mykje vil ha meir!

Som med alle månader kjem det langt fleire enn berre dei fem spela vi spesielt trekk fram. I mars ventar mykje spanande, og fleire av dei kunne raskt ha hamna på topp fem om dei ikkje hadde blitt dumpa av eit negativt terningkast.

Ta til dømes Outcast: A New Beginning, ein oppfølgjar til klassikaren Outcast frå 1999. Dette spelet var ein pioner som bydde på ei diger og opa verd lenge før det blei skikkeleg populært. og Outcast: A New Beginning satsar på å gjere mykje av det same. Vi gler oss.

Ein annan gammal slager som vender tilbake denne månaden er Alone in the Dark som dukkar opp i ei heilt ny innpakning. Om den gufne grøssen frå 90-talet fungerer like godt i 2024 vil berre tida vise.

Vi er langt frå ferdige med gamle heltar. Vi må ta med den interaktive dokumentaren Llamasoft: The Jeff Minter Story som tek oss med på ei reise gjennom spelutviklarlegenda Jeff Minter sitt skaparverk. Her får vi spele klassiske spel som Centipede, Tempest 2000 og Gridrunner.

Vidare finn vi Star Wars: Battlefront Classic Collection, som hentar fram nokre gamle Star Wars-klassikarar, medan Contra: Operation Galuga hentar tilbake ein legendarisk skytespelserie.

Av nyare dato finn vi nokre spel som kjem til nye plattformer denne månaden. Xbox-spela As Dusk Falls og Hi-Fi Rush kjem til PlayStation, medan Kingdom Come: Deliverance kjem til Switch. Vi må og ta med at det trivelege 3DS-spelet The Legend of Legacy kjem i ny og oppussa HD-drakt.

Før vi gir oss for denne gong tek vi med nokre heilt nye spel. The Thaumaturge er eit isometrisk rollespel frå blant anna eit knippe tidlegare The Witcher-utviklarar. South Park: Snow Day! er noko heilt anna og byr på vinterkrig slik berre South Park kan.

Bulwark: Falconeer Chronicles er eit strategispel der du skal få bygge byar og samfunn i ei opa verd, og kjem frå soloutviklaren bak The Falconeer.

Heilt til slutt tek vi med at skrekkserien Outlast får sitt tredje kapittel i The Outlast Trials.

Siste fra forsiden