Feature

Desse spela gler vi oss til i september

Her er ein bunke spel du kan kose deg med når hausten tek over.

Ein ny månad er over oss, og vi er sjølvsagt tilbake med ei rykande fersk liste over kva vi meiner er verdt å ta ein kikk på i tida framover. Med mindre sola enno ikkje er lei av å steikje oss levande, kan vi sjå fram til mange våte haustkveldar, og gode grunnar til å breie seg framfor ein skjerm.

Vi legg bak oss ein på alle måtar tørr augustmånad. Spela har vore få, og blant dei fann vi få perler. Risen 3 makta ikkje å engasjere oss, og sære Hohokum blei kanskje hakket for sært til at vi forstod mykje av det.

Det store høgdepunktet i august har vore Gamescom, der vi både gjennom pressekonferansar og turar ut på messegolvet har fått med oss det nyaste nye på spelfronten. No er det derimot på tide å sjå framover, og her er det vi meiner lovar best i september.

Xbox One

Ute: 5. september

Endeleg blir Xbox One lansert i Noreg.

Strengt tatt har Xbox One vore tilgjengeleg sidan november i fjor, men den offisielle lanseringa her til lands skjer ikkje før no. Konsollen blei opprinneleg lansert med Kinect som obligatorisk tilbehør, men dette sløyfa Microsoft tidlegare i år, og ved norsk lansering vil du sjølv få velje om du vil ha med kameraet eller ikkje. Vi tok ein omfattande kikk på Xbox One i fjor, og då konkluderte vi med blant anna dette:

«Måler man rein muskelstyrke ligg den eit lite stykke bak PlayStation 4, men eit par kreative løysningar fører nok til at forskjellane ikkje blir altfor merkbare for forbrukarane. Overgangen til Blu-ray er også velkomen, sjølv om ein no må installere samtlege spel før bruk.»

Les våre vurderingar av Xbox One-lanseringsspela

Destiny

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360
Ute: 9. september

Fleirspelarhygge i Destiny.

Etter eit godt tiår via til sagaen om Master Chief og andre eventyr i Halo-universet hadde Bungie omsider fått nok. Dei sa takk og farvel til Microsoft, og satsa i staden på å byggje opp eit heilt nytt univers. Destiny kan minne mykje om Halo innleiingsvis, men byr på ei langt støtte verd der du samarbeider med andre spelarar for å reise på utfordrande eventyr. I vår ferskaste sniktitt meinte vi spelet har stort potensiale:

«Når heile spelet ligg framfor oss i den endelege versjonen, veit vi at vi har eit stort og forseggjort spel i vente. At det blir ei interessant oppleving er det liten tvil om, men det gjenstår framleis å sjå kor god den faktisk blir, og kor lenge Bungie kan halde skuta gåande. Uansett er det sannsynligvis ikkje siste gang du hører om dette spillet på mange år enda.»

Les også
Anmeldelse: The Vanishing of Ethan Carter

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Destiny

Hyrule Warriors

Plattform: Wii U
Ute: 19. september

Link svingar sverdet som aldri før i Hyrule Warriors.

At det første Zelda-spelet til Wii U skulle kome frå skaparane av Dynasty Warriors-serien kom nok som eit lite sjokk på dei fleste. I staden for eit stort eventyr i klassisk Zelda-stil får vi i Hyrule Warriors, eit spel der du vel deg ein av fleire krigarar og legg ut på tokt for å banke så mange fiendar som mogleg.

Vi kan vente oss godt overdrivne angrep som får monster i aller storleikar til å flagre veggimellom. Alle dei ulike kampheltane kjem med sine eigne angrep, og kan byggjast opp etter kvart som du sankar inn erfaringspoeng. Om du likar Zelda-serien, men synest den godt kunne hatt eit langt større fokus på kampar og pryling av fiendar i stor stil, er Hyrule Warriors godt mogleg spelet for deg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Hyrule Warriors

Wasteland 2

Plattform: Windows, Mac
Ute: 19. september

Wasteland 2 byr på rollespelmoro av gamlesorten.

Wasteland 2 er eit av dei store Kickstarter-prosjekta. Folkefinansieringa samla inn tre gongar så mykje som utviklarane bad om, og resultatet har vore ei rekke utsetjingar sidan eit større budsjett har resultert i eit større spel. For dei som ikkje kjenner Wasteland, var originalen frå 1988 forløparen til den populære Fallout-serien. Du kan med andre ord sjå fram til eit grå og dyster post-apolkalyptisk verd. Vi var ikkje heilt overbeviste i vår ferskaste sniktitt, men forhåpentlegvis har utviklarane fylt ut alle tomme rom sidan den tid:

«Eg ser fleire utfordringar som bør takast på alvor av utviklarane. Spelaren treng noko som gjer at ein bryr seg om figurane og verda vi spelar i. Det er kanskje naturleg at ei betautgåve ikkje inneheld den komplette innpakninga spelet vil ha når det er ferdig, men det er i alle fall ingen tvil om at ein treng grundigare introduksjon for å nyte turen i audemarka.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Wasteland 2

FIFA 15

Plattform: Alt (Android, iPad, iPhone, PlayStation 4, PlayStation 3, PlayStation Vita, Xbox One, Xbox 360, Windows)
Ute: 25. september

Ballen går i FIFA 15.

Eit nytt år, eit nytt FIFA. Ved sidan av at hjørneflagga endeleg svaiar i vinden, byr årets utgåve av FIFA på ei rekke viktige oppdateringar. Som på ei ekte fotballbane vil spelarane i FIFA 15 no ha kjensler som kan påverke prestasjonane deira. Om ein spelar til dømes akkurat bommar på mål fleire gongar, vil både han og dei andre spelarane bli både stressa og frustrerte.

Ved sidan av kjenslelivet til spelarane vil FIFA 15 by på ei rekke forbetringar sidan fjorårets spel. Utviklarane lovar meir avanserte taktikkar for laga, og forbetra ballfysikk skal auke risikoen for at ei pasning går gale.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på FIFA 15

Forza Horizon 2

Plattform: Xbox One, Xbox 360
Ute: 30. september

Lekker bilkøyring i Forza Horizon 2.

Om det er bilkøyring du er på jakt etter, kjem du ikkje utanom Forza Horizon 2 denne hausten. Med dette spelet satsar utviklarane på å løfte Forza Horizon frå 2012 til nye høgder. Vi kan vente oss opne område du kan køyre gjennom, og sjølvsagt mange motstandarar å utfordre. Drivatarane frå fjorårets Forza Motorsport 5 er tilbake, men denne gongen vil dei ikkje berre hugse korleis spelarane køyrer, men og kvar. Vi fekk gåsehud då vi såg på spelet tidlegare i år:

«Først og fremst er Forza Horizon 2 slåande vakkert, så vakkert at eg faktisk pådrog meg et beskjedent tilfelle av gåsehud då spelets introduksjonsfilm blei vist fram før demonstrasjonen. Solnedgang og sjøsprøyt kjem saman med fjellsider, asfalt og gule sportsbilar, og resultatet er noko som bør sjåast.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Forza Horizon 2

Duedating og skumle forsvinningar

Kvar er Ethan Carter?

September byr, for å seie det enkelt, på noko for alle. Først og fremst kjem ei ny utgåve av The Sims-serien, og The Sims 4 bør glede absolutt alle som slit nok med å halde det reint frå før. Deretter får alle einsame kvinner og menn der ute sjansen til å erfare velduftande romantikk i duedatingspelet Hatoful Boyfriend.

For å normalisere deg etter desse potensielt oppløftande opplevingane kan du kjøle deg ned med PC-versjonen av Dead Rising 3, eller øydeleggje alt i strategispelet Planetary Annihilation.

Det du riv ned kan du deretter byggje opp igjen i Age of Wonders III-ekspansjonen Golden Realms, før du slappar av med nokre rytmiske gjenhøyr med gamle Final Fantasy-låter i Theatrhythm: Final Fantasy Curtain Call.

Om dette ikkje løftar deg opp kan du ta turen tilbake til Disneyland i Disney Infinity 2.0, leike med tog i Train Fever, og ikkje minst finne ut kva i alle dagar som skjedde med Ethan Carter i ufyseleg pene The Vanishing of Ethan Carter. På tampen må vi få med at norske Teslagrad blir tilgjengeleg på Wii U.

Som sagt, noko for ein kvar, og for å sjå resten av spela som sleppast denne månaden bør du ta turen innom vår spelkalender.

God speling, og sjåast om ein knapp månad.

Siste fra forsiden