Feature

Desse spela gler vi oss til i sommar

Kva har raske kjerrer, vampyrar, dinosaurar og rollespel til felles?

Montasje, Gamer.no

Tida flyr, kjære vener. Vi håpar du har eit velfungerande klimaanlegg på plass, for denne månaden har vore heit. Skal ein kunne fungere nokon lunde i lange økter gjeld det å ha føta godt planta i eit isband, og noko godt å drikke innan rekkevidde.

Ikkje at det har vore så frykteleg mykje å ta tak i denne månaden. Vi fekk nokre solide norskutvikla opplevingar i både My Child Lebensborn og Conan Exiles, men Microsofts zombiespel State of Decay 2 skuffa stort. Ikkje at det var direkte dårleg, men vi hadde håpa på ganske mykje meir.

Vi ser difor framover, mot nye horisontar, og den kanskje mest spanande tida på året. Sommaren startar i år – som alle år – med den herlege E3-messa i Los Angeles. Her blir det pressekonferansar, store avsløringar, og mange inntrykk. Vi er sjølvsagt på plass i solbyen for å rapportere tilbake om dei alle mest spanande spela på messa.

No skal vi derimot sjå litt nærare på spela vi allereie no veit vi kan sjå fram til i sommar.

Vampyr

Vampyr blir herleg mørkt og dystert.
Dontnod Entertainment

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 5. juni

Vampyr er eit actionrollespel frå studioet bak Remember Me og Life is Strange. Det burde altså ikkje kome som ei overrasking at kva du til ei kvar tid vel å gjere, vil få innverknad på kva som skjer vidare. Vi blir lova ei bloddryppande historie i rolla som vampyren Jonathan Reid, og vi likte svært godt det vi fekk sjå under E3-messa i fjor:

«Det verkar som Vampyr vil vere stappfullt av grånyanserte val. Ingen ting er svart på kvitt, og alt vil gagne nokon, enten det er i form av eit tryggare nabolag eller ein sterkere Jonathan Reid. Eg blei mildt sagt imponert av spelet etter å ha sett korleis det fungerer i praksis. Reid er rett og slett ein kjempekul hovudfigur, og det faktum at historia er skriven av folka bak meisterlege Life is Strange er ikkje noko ulempe det heller.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Vampyr

Jurassic World Evolution

Rexie er klar for å ete gjestar, er du?
Frontier Developments

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 12. juni

Det har jammen tatt si tid, men no er det endeleg klart for eit nytt Jurassic Park-spel. Jurassic World Evolution er eit parkbyggespel i same gate som 15 år gamle Jurassic Park Operation Genesis, men vi kan vente oss eit langt meir detaljert og avansert spel. Frå starten i det små skal du byggje ein park full av dinosaurar i alle storleikar og fasongar, men det er som sagt berre starten.

Les også
Anmeldelse: The Crew 2

Spelet byr på heile fem øyer som alle byr på ulike utfordringar. I tillegg vil spelet la deg velje om fokuset ditt skal liggje på å ha tene mest mogleg pengar, ha dei farlegaste dinosaurane, eller på å passe på at parken din er trygg. Sistnemnde blir kjapt viktig, for i Jurassic World Evolution kan alt frå misnøgde tilsette, til store naturkatastrofer sende dinosaurar på livsfarlege avvegar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Jurassic World Evolution

The Crew 2

Vil The Crew 2 toppe det første spelet?
Bilde. Ubisoft

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 29. juni

Ubisofts racingspel The Crew blei ikkje ein udiskutabel suksess då det blei lansert for nokre år sidan, men no ser det ut til at utviklarane har lytta til kritikken for å levere eit enda betre spel. Igjen ligg Amerika for dine runde hjul, men no er det ikkje berre bilar du skal bruke for å gruse konkurrentane.

No får vi suse gjennom lufta i eit fly, frese gjennom villmarka på motorcross-køyrety, samt prøve å ikkje havarere i racingbåtar. Alt ligg med andre ord til rette for eit riktig så intenst racingspel der det i temmeleg stor grad er opp til deg korleis du vil kome deg øvst opp på pallen. Naturlegvis er fleirspelarmoro framleis eit stort fokus.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Crew 2

Octopath Traveler

Grafikken i Octopath Traveler er noko for seg sjølv.
Square Enix

Plattform: Switch
Ute: 13. juli

Dette japanske rollespelet kjem til oss frå nokre av dei kloke hovuda bak Bravely Default-serien. Spelet byr på ein slåande stil som blandar pixelgrafikk og 3D, samt ei historie der du får velje å spele som ein av åtte ulike hovudpersonar. På toppen av det heile finn vi eit turbasert kampsystem med ein og annan ny vri. Ein demo blei lansert for ei tid tilbake, og den falt veldig godt i smak hos oss:

«Octopath Traveler kan bli mektig, det kan bli minneverdig, og dette kan bli eit veldig godt spel. Demoen vi alle har fått spele den siste tida, legg opp til eit digert eventyr med sterke rollefigurar hvis historier møtast, og knytast på kritiske punkt i plottet. Alt ligg til rette for eit JRPG av aller høgste klasse, så det er berre å byrje å glede seg.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Octopath Traveler

The Banner Saga 3

Vil den lange reisa få ein lukkeleg slutt?
Stoic

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows, Mac
Ute: 24. juli

Stoic har skapt noko heilt spesielt med sin The Banner Saga-serie. I dette vikinginspirerte spelet møter vi eit følgje med menneske og varlar (kjemper med horn) som står ovanfor sitt livs kamp. Spela tek oss med på den lange reisa for å overleve medan mørkret senker seg over verda, og fiendane følgjer hakk i hel.

The Banner Saga 3 tek opp tråden rett etter The Banner Saga 2, og vil gje oss meir av det same som gjorde dei første spela i trilogien verdt å få med seg. Her blir det kritiske og utfordrande val som både kan skade og hjelpe deg, og kva du gjorde i dei tidlegare spela vil forme opplevinga vidare. Som vanleg byr spelet på taktiske og turbaserte kampar med spesialiserte krigarar for ein kvar smak.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Banner Saga 3

På tide med ein Switch?

Captain Toad tek turen til Switch.
Nintendo

Sommaren er lang, og det betyr naturlegvis at det vil dukke opp eit og anna spel her og der. Alle først kan vi nemne at i påvente av at The Banner Saga 3 skal lanserast, vil The Banner Saga 2 dukke opp på Switch.

Dette er derimot langt frå dei einaste spele som dukkar opp på Switch denne månaden. I Mario Tennis Aces får vi som namnet kanskje avslører ta del i tennismoro med Mario og resten av innbyggjarane i soppriket. Litt seinare dukkar det hakket mindre koselege spelet Wolfenstein II: The New Colossus opp, berre for å stadfeste at Bethesda framleis diggar Switch.

Vidare er Firewatch planlagt for Switchlansering til sommaren, men det ser ikkje ut til at utviklarane heilt klarar å finne ut av nøyaktig når spelet skal ut til massane. I staden kan du moglegvis kose deg med sushi i Sushi Striker: The Way of Sushido, eit spel der du skal servere sushi til svoltne krigarar. Dette spelet dukkar også opp på 3DS, noko som og gjeld for ein ny versjon av Captain Toad: Treasure Tracker.

Om du ikkje bryr deg om 3DS-versjonar, kan du i staden ta ein kikk på Switch-versjonane av Harvest Moon: Light of Hope eller Go Vacation. Om 3DS på den andre sidan er favorittkonsollen din, bør du halde eit auge ope for WarioWare Gold.

Onrush handlar på ingen måte om å køyre pent.
Deep Silver

No er det dags å sjå litt på spel som dukkar opp til meir enn Nintendo-plattformer, og vi startar med Onrush. Dette er eit lagbasert racingspel der du får poeng for å køyre som, vel, ein villmann. Her er det stunts, krasjing og alt som verre er som gjeld.

Litt mindre galskap finn vi i MotoGP 18 som gjev oss ein ny sesong med racing på motorsykkel. Sjølv om vi legg frå oss hjula, blir garantert tempoet framleis høgt for dei som i staden vel å plukke opp Crash Bandicoot N. Sane Trilogy som tek hoppet frå PlayStation 4 til nye plattformer denne sommaren.

Om dette er av null interesse kan moglegvis Mega Man-samlinga Mega Man X Legacy Collection vere noko for deg. Eventuelt finn vi det japanske rollespelet Shining Resonance Refrain som landar på samtlege heimekonsollar. Dette er eit spel i same gate som Tales-serien, og er eit av særs få japanske rollespel som dukkar opp på Xbox One.

Heilt til slutt tek vi med eit spel vi håpar, men ikkje veit sikkert vil dukke opp i sommar. Crackdown 3 har vore under utvikling lenge, men når det er klart må vi vente på E3-messa for å finne ut meir om.

Med det takkar vi for no, og sjåast igjen i august. God sommar, og kos deg med spela.

Siste fra forsiden