Slik gjekk det då journalisten inviterte til politisk duell på gamingrommet

Kan ein 1-mot-1-kamp avsløre kven av desse som får juble mest på valdagen?

Kristoffer Birkedal (31) og Ole Ronny Koldal (36) er politiske rivalar og gamingentusiastar. Men tar dei det med seg inn i lokalpolitikken?
Mikkjell Lønning

– Eg kjenner det er ein sånn «competitive sweat» på gang her, seier Ole Ronny Koldal, partileiar for Raudt i Sandnes, mens han set eit hovudskot på sin politiske rival Kristoffer Birkedal (Frp).

To dagar før lokalvalet er dei samla på underteikna sitt gamingrom for å duellere i CS:GO, Rocket League og Stick Fight.

Og litt politikk, då.

Dataspel er – ikkje overraskande – lågt på agendaen i den lokale valkampen. Det gjeld nok ikkje berre her i den mellomstore byen Sandnes, men dei aller fleste stadar.

Så kan Gamer.no sette dataspel på dagsordenen?

Lite snakk

– Eg må innrømme at eg har gløymt dataspel når me har snakka om kultur i politikken her lokalt. Som jo er rart, for det har vore ein stor del av oppveksten min, seier Koldal.

Ein kollega av far hans jobba på elektronikkbutikk, og donerte dei gamle konsollane sine til Koldal junior etter kvart som han kjøpte nye.

HARD TONE: Koldal og Birkedal er kompisar trass den ideologiske avstanden, men Koldal fortel om episodar med andre i kommunestyret der temperaturen har vore så høg i debattane, at han ikkje har klart å møte blikket deira på gangen etterpå.
Mikkjell Lønning

Det starta med NES, så gjekk det vidare til Nintendo 64 og Gamecube. I mellomtida blei det både PC og Xbox.

Koldal fant fascinasjonen for spel som Age of Empires og Warcraft 3. Feriane i Nord-Noreg blei brukt i mørke kjellarar mens han forsvann inn i dei magiske universa til Baldur's Gate, Icewind Dale og Neverwinter Nights.

For Birkedal, Framstegspartiet sin fjerdekandidat i Sandnes, har det vore Blizzard frå A til Å. World of Warcraft står aller høgast på lista.

– Skuffande

Før me avslører korleis det gjekk i duellane, har Gamer.no tatt ein sniktitt i dei nasjonale valprogramma til Raudt og Framstegspartiet.

Partia ligg på kvar sin ytterkant, og ideologisk sett skulle ein tru at Raudt hadde den mest spelvenlege politikken.

Men nei. Raudt nemner knapt spelpolitikk med eit einaste ord i valprogrammet sitt. Dei har to heile setningar om emnet.

TAMT: Raudt har to punkt i det nasjonale partiprogrammet sitt om dataspel, og ingenting lokalt i Sandnes.
Mikkjell Lønning

Framstegspartiet har derimot eit eige kapittel for spel og e-sport.

– Det er jo skuffande. Og her lokalt har me vel gløymt det ut begge partia, seier Koldal.

Både han og Birkedal tar oppfordringa om at dei skal drøfte spel i partigruppene sine lokalt – sjølv om dei har svært ulike syn på temaet.

– Forbanna gøy

Inne på gamingrommet har kandidatane funne seg til rette på fy_poolday for første gong på mange, mange år.

– Det er jo ein bot over meg på resultatlista her, seier Birkedal tørt.

– Det verkar som dine bottar er mykje betre enn mine. Dei har vore på treningsleiar hos FBI, mine har berre tulla ørkenen, meiner Koldal.

Framstegspartiet skyt Raudt i trynet.

– Det er her valdagen burde blitt avgjort, seier Birkedal.

FULLTREFFAR: Koldal sikra seg tre poeng på rappen på fy_poolday.
Mikkjell Lønning

– Dette var forbanna gøy. Det gir meirsmak, ja, seier Koldal.

Birkedal rundar eit hjørne med ei Krieg-rifle i hendene, og sprayar kulene i ein halo rundt hovudet til Koldal.

Rett i headshotten deranne! Nei, korleis i alle dagar er du ikkje død, utbryt han.

Koldal rotar seg nedi bassenget i neste runde, og har lite å stille opp med.

– Han terroristen min har ikkje fått symjetrening. Det der gjer eg ikkje igjen.

Det endar med raud siger. Koldal rundar av duellen med åtte drap, Birkedal noterer seg seks.

– Dette betyr jo berre at han speler mykje meir enn meg, og at eg brukar meir tid på politikken. Difor bør ein røyste på meg, seier Birkedal.

Kamerat Koldal

Koldal er den einaste kommunestyrerepresentanten til Raudt i Sandnes. Framstegspartiet har ni.

Det har tidvis vore høg temperatur i debattar mellom partia, og Frp-leiar Pål Morten Borgli har fleire gongar stempla Koldal som kommunist.

– Er Koldal ein kommunist, Birkedal?

– Eg kallar han for «comerade» Koldal, og det seier vel sitt. Men me likar å ha det gøy saman. Det er viktigast.

LITE TID: Birkedal er politikar både i Sandnes og Rogaland fylkeskommune, og sjonglerer det med å passe på den 14 år gamle dottera si annakvar veke. Litt WoW blir det, men mykje mindre enn før.
Mikkjell Lønning

– Og eg har vel kalla deg litt av kvart, kontrar Koldal, og legg til:

– Eg kalla meg sjølv kommunist då eg kom inn i Raudt, men no er eg berre ein blodraud sosialist.

Heilt usamde

I fjor gav Norsk filminstitutt 54 millionar kroner til utvikling av norske spel. Raudt er positive til å halde fram med denne typen støtte, men det er ikkje Framstegspartiet.

– Det er feil måte å gå fram på. Kanskje er det rett strategi om ein ønsker fleire norskproduserte spel, men eg trur ikkje nødvendigvis spel treng å bli utvikla her i Noreg. Me bør heller sette inn eit støyt for å utdanne utviklarane, meiner Birkedal.

NFI-STØTTE: Det norske spelet Draugen har fått millionar i offentleg støtte, og ville kanskje ikkje eksistert om ikkje NFI hadde gitt pengar. Koldal drar fram det som ein suksesshistorie.

Koldal viser til at norsk spelbransje er knøttliten samanlikna med bransjane i Sverige og Finland, og trur ein må gi industrien eit løft ut av startgropa.

Funcom står for det aller meste av omsetninga i Noreg.

– Det er eit problem at norsk spelutviklingskompetanse forsvinn til utlandet. Skal me skape arbeidsplassar i bransjen, må me inn med offentlege midlar, meiner Koldal.

Sjølvsabotasje i Rocket League

Rocket League står for tur etter ein liten debattpust i bakken.

Ingen av dei har prøvd spelet før. Gamer.no lar dei ta ein oppvarmingskamp, som Koldal lenge dominerer, men som nok kjem av at Birkedal ikkje fann ut korleis han brukte «boost».

Den blå bilen tar ei tidleg leiing. Birkedal har funne ut kvar bremsene er, tar det roleg og kontrollert, mens den raude bilen køyrer som ein villmann utan å vere i nærleiken av ballen.

SCORING: Mål er mål, seier Koldal etter å ha putta ballen i eige mål. Birkedal bryt ut i latter.
Mikkjell Lønning

Dei scorar kvart sitt mål. Og jubelen står i taket når Birkedal serverer eit nydeleg sjølvmål, før Koldal gjer nett det same.

– Kvar gong eg prøver å få til noko, så endar det med at eg hjelper han, seier Koldal oppgitt.

– Dette er rein og skjær kaos. Dette var amatørmessig av meg, seier han etter eit nytt sjølvmål.

– Jækla gøy

– Gah. Gah. Faaaan, roper Koldal på brei tromsødialekt.

Easy, seier Birkedal etter å ha banka inn det fjerde og matchvinnande målet.

– Jækla gøy, då, seier Koldal, sjølv om det blir blå siger.

Mikkjell Lønning

Slik det fort kan bli i Sandnes på måndag òg.

Raudt ligg an til å doble oppslutninga si frå førre lokalval, viser Sandnespostens meiningsmåling laurdag. Samstundes veks Framstegspartiet, og Høgre går fram nærmare tolv prosentpoeng i byen sidan 2019.

Logisk sett ville dei fleste tippa på ein borgarleg ordførar, men Sandnes' notoriske koalisjon mellom Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Senterpartiet (og tidlegare FNB, PP og SV) gjer at det er umogleg å spå kva som kjem til å skje i byen.

Det ligg an til hestehandel i måndagsmørket.

Er det noko øl å oppdrive?

– Eg forstår ikkje heilt kva eg driv på med no, seier Koldal.

To figurar klaskar mot kvarandre med kvart sitt sverd på skjermen. Det er Stick Fight-tid.

Desibelnivået har for lengst auka så mykje at underteikna bekymrar seg for om styreleiaren i sameiget kjem til å dukke opp med ei streng mine på terrassen.

Det brølast i raudt og blått.

– Oi, eg var heilt trygg på enden der, men så blei eg grådig, seier Birkedal mens figuren hans fell til døden.

– Det er kapitalismen i deg som gjer det, vettu, seier Koldal.

Det originale målet om førstemann til 15 drap blir passert med om lag 100.

Kandidatane har rett og slett ikkje lyst til å returnere til valkamp i Langgata. Dei vil heller sitte her og spele.

– Satan så varm eg er. Eg må heim og dusje før me kan dra ut på stand, seier Birkedal.

LEIING: Birkedal var klart best i Stick Fight. – Dette er mitt spel, seier han.
Mikkjell Lønning

– Har du øl, spør han journalisten.

– Og kanskje noko grandis, spør Koldal.

Blå siger

Birkedal tar til slutt sigeren både i Stick Fight og samanlagt.

Kva tenkjer han om Gamer.no si utfordring om å løfte spelbransjen?

Spelbransjen i Rogaland er to selskap og nokre enkeltmannsføretak, men Stavanger har satsa hardt på dataspelkultur og e-sport dei siste åra.

Sandnes har tralta etter, utan at politikarane har hatt noko særleg med det å gjere. Skular har fått e-sporttilbod, byen har fått arkadehallar og organisasjonen Einherjar har etablert seg fleire stadar i Sandnes.

Både Koldal og Birkedal skulle gjerne hatt e-sportarrangement til byen. Så ja, dei vil løfte spel.

– Me skal ta opp dette både lokalt og i fylket. Kanskje er det her Raudt og Framstegspartiet skal finne saman, ler Birkedal til slutt, og Koldal nikkar.

– Me to skal i alle fall klare å bli samde, seier Koldal.

Denne artikkelen er henta fram for å glede nye lesarar. Til opplysning blei Birkedal varaordførar i Sandnes. Det har kjem sjølvsagt mest av at han kom sigrande ut av duellen i Gamer.nos regi.

Siste fra forsiden