Anmeldelse

Dragon Ball Z: Budokai 3

Prinsippet er temmeleg enkelt. Med eit univers av det kaliberet Akira Toryama har presentert med Dragon Ball, og det faktum at det stort sett går ut på tre ting: slå, spark og Kamehameha, er det eigentleg det perfekte utgangspunkt for eit svært underhaldande kampsportspel. Dragon Ball Z: Budokai 3 er simplistisk og lettfatteleg, men har samtidig nok dybde til å halde deg gåande ei stund. Du har ein knapp for slag, spark, ki-angrep og blokkering, og du kan bruke høgre kontrollstikke for å utføre dei same funksjonane ved å dytte stikka i tilsvarande retning som kontrollknappane. Ved å skaffe deg nye ferdigheiter kan du legge desse til i kampoppsettet som du benyttar i kamp. Det er begrensa kva du har plass til her, så gode prioriteringar er på sin plass.

Eit innbydande spel
Det er kanskje enkelt, og det er basert på ein anime (noko som litt for ofte er synonymt med eit dårleg produkt), men Bandai leverer faktisk varene. Det er aldri så mykje å halde orden på at det blir overveldande, men heller ikkje så overfladisk og tamt at du mistar interessa etter kort tid. For å bygge på dette har du fleire val frå hovudmenyen, og før vi går vidare må eg kome med eit innskot om at eg likar desse menyane svært godt. Dei er fargerike og festelege, og vil ha deg til å spele. I tillegg fortel Son Goku deg om alle vala du kan gjere, og korleis du kan få litt action raskast mogleg. Om du vil, kan du trene litt for å lære deg å beherske karakterane betre før du går i gang på større utfordringar. I tillegg til å trene, kan du begi deg ut på ein duell, ta del i turneringa, eller du kan ta ein tur til Drage-Universet.

Dragon Universe, som det heiter på fint, er den delen av spelet der vi får servert litt historie mellom alle kampsekvensane. Først kan du velje kven av karakterane du vil vere, og ditt val her definerar kva eventyr du begir deg ut på. Heretter gjeld det å fly rundt på eit kart og oppsøke bråk der du kan. Akkurat her kunne det ha gjort seg med litt betre respons i kontrollane. Eit våkent auge vil også finne små skjulte ting på kartet som kan hjelpe deg med å bli sterkare mellom kampsekvensar som driv historia vidare. Etter kvar kamp får du erfaringspoeng du kan bruke til å bygge opp dei forskjellige ferdigheitsområda til karakteren din. Det følest som ein lett-versjon av eit rollespel-system, men det bringer litt velkommen variasjon til spelet. I Dragon Universe kan du også finne nye angrep og karakterar som kan brukast i andre delar av spelet.

Nesten, men ikkje heilt
Det viktigaste med heile Dragon Ball Z: Budokai 3 er naturlegvis kampsystemet, og dette fungerar fornøyeleg bra. Det er ingenting som kjem til å blåse hovudet av deg, men moro er det. Du kan lagre komboangrep (som legendariske Kamehameha) til ryggknappane for lettare tilgang, og dette er faktisk ein posistiv ting sidan det i kampens hete ofte blir vanskeleg å få trykt inn alle knappane som må til før du får eit slag i solar pleksus. Dette også fordi spelet nesten aldri registrerar blokking som del av ein kombo. Skal du bruke komboar som inneheld blokke-knappen, er du nesten nødt til å lagre dei til ryggknappane.

Akkurat dette kan bli litt uvesentleg i fleirspelarmodus. Eit gammalt dilemma med kampsportspel er at det ofte kan vere lettare for ein nybegynnar å vinne over erfarne spelarar ved å hamre vilt og hemningslaust på alle knappane (tru meg, eg har vore på begge sider av den kløfta). Du innser at du like godt kan gi blanke i alle kombo-angrepa du har lært deg, og heller stole på at du trykker på rett knapp til riktig tid. Dette er litt synd, sidan komboane eigentleg er noko av det festelegaste med heile spelet. Reint bortsett frå det fungerar Dragon Ball Z: Budokai 3 bra i fleirspelarmodus. Du kan velje om du vil berre spele mot andre, eller opp til fire spelarar kan ta del i turneringa for å sjå kven som er den beste. Begge deler underheld i akseptabel grad, men når ikkje heilt opp til dei heilt store høgdene.

Dragon Ball Z: Budokai 3 PS2 PS2

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 19. november 2004
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: Atari
  • Utvikler: Bandai

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen