Elite: Dangerous får Xbox One-lansering

Seinare i år kan du utforske Melkeveien på konsoll.

Frontier Developments

Frontier Developments ambisiøse romsimulaor Elite: Dangerous blei lansert i fullversjon på PC i desember, og seinare i år vil det ta turen til Xbox One. Det har utviklarane stadfesta i ei pressemelding. I fjor kunne Frontier-sjef David Braben fortelje at spelet godt mogleg ville kome til konsoll, noko som no viser seg å ha blitt ein realitet.

I Elite: Dangerous får du utforske ein heil galakse med ekstremt frie tøyler. Spelet byr på heile 400 milliardar ulike solsystem, og til desse kan du aleine eller saman med andre farte slik det passar deg. Du står veldig fritt til å gjere det du vil i spelet, og kan utføre oppdrag, grave etter ressursar, drive handel, eller eventuelt sko deg på eit liv som pirat.

Blir ikkje dumma ned

Skjermbilete frå Elite: Dangerous på PC.

Når eit til dels komplisert PC-spel får konsollversjon blir mange raskt urolege for at det blir ein fornenkla versjon vi får i vente. Dette fortel Frontier-sjef David Braben på spelets forum ikkje blir tilfelle med Elite: Dangerous. Det skal bli ein tru versjon av spelet, berre tilrettelagt for konsoll. Samstundes ser det ut til at alle spelarar vil spele i den same verda, uavhengig av om du spelar på Xbox One Windows eller Mac.

Utviklinga av Xbox One-versjonen skal ikkje få innverknad på dei andre versjonane.

Elite: Dangerous blei finansiert gjennom kronerulling på Kickstarter i 2012. Sidan den tid har utviklarane halde folk oppdaterte gjennom regelmessige oppdateringar, før lanseringa i desember.

Det er fleire ambisiøse romspel på veg. No Man's Sky er på veg til Windows og PlayStation 4, medan folkefinansieringsbomba Star Citizen kjem til Windows.

Siste fra forsiden