The Guiding Spirit er eit vanskeleg spel å skildre. Er det eigentleg eit spel? For det aller meste les du berre tekst som blir presentert. Du klikkar vidare, og ein sjeldan gong får du lov til å trille terning. Faktiske val med meining er det få av, og det meste berre går av seg sjølv.
Likevel er dette eit lite spel som har fått meg til å kome tilbake igjen og igjen. Den korte demoen, som du òg kan teste ut om du vil, byr på radikalt ulike forteljingar kvar gong du spelar.
Å kalle den kort blir kanskje litt misvisande. Dette er eit spel som kan spelast om igjen mange gongar med dramatisk forskjellige utfall.
Adjø, ha det gøy
The Guiding Spirit startar som rollespel flest med at du lagar rollefiguren din. Deretter kan du lage ein til, og ein til, eller kanskje du vil la spelet lage nokre for deg. Kjapt innser du at nei, du lagar ikkje ein hovudperson, du lagar fleire, og så går dei og gjer si eiga greie basert på korleis du har bygd dei.
Du får enorm valfridom. Du vel rase, eigenskapar, bakgrunn, litt historie som formar kven dei er, og skrur saman, trinn for trinn, eit individ som skal vere ein del av eit følgje som brått vaknar opp i ei mørk celle under jorda.
Allereie her blir spelet interessant. Kor mange figurar du lagar, og korleis du bygger personlegheitene deira med ting som positive og negative eigenskapar, formar kva dei seier, kva dei gjer, og korleis dei samhandlar som gruppe. Kva som blir sagt, og gjort, avhenger av om nokon i gruppa du har skapt har kunnskapen som skal til for å handtere problemet. Har dei ikkje det, må eventyrarane du har skapt finne ei anna løysing. Det er ikkje du som ordnar opp, det må dei gjere sjølve.
Det er ganske fascinerande. The Guiding Spirit går eigentleg av seg sjølv., og det er lite du treng gjere, men dei vala du tek heilt i starten, formar korleis eventyrarane handterer ulike situasjonar.
Kvar gong noko må gjerast, som å opne ei dør vrang dør, eller jage bort nokre rotter, blir gruppa eksponert for hendingar som kan få seinvirkningar.
Når ting går bra, aukar moralen og samhaldet, medan eigenskapane eventyrarane brukte blir betre. Går det dårleg blir konsekvensane negative, men forteljinga kan bli minst like interessant.
Nesten som domino
Ein ting eg har mora meg litt med er å lage vidt forskjellige grupper med folk. Folk som har dramatiske ulike synspunkt, folk som burde like kvarandre, og folk som ikkje burde like kvarandre, og sjå kva som skjer.
Det kanskje mest imponerande med det første kapittelet av The Guiding Spirit er kor ulik opplevinga bli når du skrur saman gruppene ulikt. Eg laga til dømes ein middelaldrande krigar som sleit meg angst, sett saman med ein evig optimist med stor sjarm, og komboen blei interessant.
Spelet blir presentert på det som må vere lov å kalle spartansk vis. På skjermen får vi sjå ei bok, og i den får vi stadig nye sider. På den eine sida får vi teksten som fortel kva som skjer, og på den andre sidan blir dei ulike scenene illustrert med teikningar som vekker tilbake minner frå 80-talets bordrollespel.
Det er ikkje mykje å sjå på, men musikken er fin. Den gir alltid eit passande bakteppe som skapar den rette stemninga for eit middelaldersk fantasyunivers.
Konklusjon
The Guiding Spirit er ulikt noko anna eg har spelt. Å seie eg har spelt det blir nesten litt feil. Dette kan knapt kallast eit spel. Det glir meir over i simulasjon og bøker av typen der du vel ditt eige eventyr.
Dette indiespelet er bygd av ein person, og det byrjar å bli ein del av desse no, og det er berre positivt. Vi treng fleire som utfordrar kva som eigentleg kan kallast spel, og den kategorien fell The Guiding Spirirt fint inn i.
Det spanande med akkurat dette spelet er at du skrur saman di heilt eiga gruppe eventyrar med ein svært djup og fleksipel rollefigurbyggar. Deretter sender du dei ut på eventyr der du sjølv får følgje med på ei historie der du berre ein sjeldan gong er aktiv. Det er nesten som å lese ei bok, nokon andre har skrive om figurar du har skapt.
Om du like å lese, og alltid er klar for noko nytt, bør du prøve ut demoen til The Guiding Spirit.