Kommentar

Å kjøpe spel til full pris

Spel er for dyre til å handle blindt

Å klage over at folk ikkje kjøpar spel dei ikkje får prøvd til fullpris, er tonedøvt.

Privat, PlayStation Games, montasje Gamer.no

Eg kan på sett og vis forstå Jeff Garvin. Når du har brukt fleire år av livet ditt på å byggje opp noko frå grunnen, og folk reagerer med «Kjøper når det kjem på sal», må det vere fortvilande å sjå responsen på det du har lagt sjela di i.

Men det gjer ikkje kommentaren hans i podcasten til David Jaffe mindre tonedøv.

Kjapp oppsummering: God of War-skaparen David Jaffe har i det siste intervjua eit par av hovudmenna bak PlayStation 4-spelet Days Gone. Det var der Days Gone-skapar Jeff Garvin kom med følgjande lekse:

– Om du likar et spel bør du faen meg kjøpe det til full pris. Eg har ikke ord for kor mange gongar eg har sett spelarar seie «Ja, eg fikk det på sal», «Eg fekk det via PS Plus» eller noko slikt.

David Jaffe gjer jobben sin og poengterer den gigantiske, rosa elefanten i rommet; korleis skal vi vite om eit spel er bra før du har kjøpt det?

Og det er her Jeff Garvins velmeinte ord fell saman som eit korthus. Det finnest ingen måte å vite det på, og kvifor ikkje? Fordi demoens tid er så og seie langt forbi, og alternativa er få.

Det var betre før

Demodiskar var sjølve essensiell næring før i tida.
Archive.org

Å vere ung på seint 90-tal og tidleg 2000-tal hadde sine fordelar. Kanskje var ikkje spela like lekre å sjå på som no, og vi hadde ikkje fiber å laste ned spela våre med, men demoar, det hadde vi. Kjøpte du deg eit gaming-blad, om det så var PC Gamer, norske Hjemme PC, Official Xbox Magazine, eller eitt eller anna PlayStation-blad, var du nesten garantert at det kom med ein disk full av videoar, demoar og anna innhald. Det var slik mange av oss fekk alt det som no ligg eit tastetrykk unna, og demoen var ein essensiell del av pakka.

Den siste demodisken frå eit magasin kunne lett få lengre fartstid enn mange spel. Det var via demodiskar eg først prøvde Diablo, Halo, Final Fantasy X og ei lang liste med spel eg kanskje elles ikkje hadde oppdaga, og eg kunne bruke enormt med tid på dei.

Garvin måtte innrømme at vi ikkje kan vite kvaliteten på noko utan å ha prøvd det, men det handlar om å støtte utviklarane, ikkje sant?

Kva med å støtte forbrukaren litt? Det blir forventa at vi skal slenge ut med hundrevis av kroner for noko vi berre har fått sjå stramt regisserte trailerar av. Dette er ein dyr hobby, med dyr maskinvare og dyre spel. Nye spel til PlayStation 5 kan ha startpris på over 800 kroner, det er mykje, og det inkluderer ikkje gull-, platinum- og diverse andre deluxe-utgåver som inneheld ei varierande grad av meir eller mindre interessant ekstrainnhald.

Dette blir det forventa at vi skal berre lange ut for, utan å få ein nubbesjanse til å finne ut om det er verdt det først. Og lat oss heller ikkje gløyme at «problemet» med tilbod og PS Plus-spel er noko bransjen har skapt sjølv ved å tilby nettopp gratis spel og spel til nedsett pris.

Espen Jansen/Gamer.no

Få unntak

Sjølv om det framleis blir laga ein og anna demo, er dei sjeldan vare, og å finne dei er ofte ein jobb i seg sjølv. Der vi i tidlegare generasjonar på ulike plattformer gjerne hadde ei eiga fane i butkken dedikert til demoar, ligg dei no bortgøymde og er vanskelege å finne om ein ikkje veit kva ein skal leite etter.

Det er nesten som om nokon aktivt prøvar å hindre oss i å kose oss med demoar. Samstundes har «Free to Play»-spel blitt stor butikk, og det er ikkje rart. Når noko er gratis er det lett å hive seg på, og når ein allereie er på, blir det kjapt lettare å rettferdiggjere litt tømming av bankkontoen.

Kanskje demoens tid er forbi, men det må kunne finnast alternativ som gjer det mogleg for meg og deg å finne ut om noko er verdt å bruke tida på før vi pungar ut med nesten tusen kroner. Om utgjevarane kan tilby gratis spelehelg, abbonementstilbod, burde det ikkje vere umogleg å få til litt prøvetid? Last ned spelet, spel i ein time eller to, og få beskjed om at no er det på tide å handle litt om du vil halde fram.

Eit anna alternativ er å i det minste gjere det lett å angre eit kjøp,

Det er nesten som om nokon aktivt prøvar å hindre oss i å kose oss med demoar.

Det forundrar meg ikkje på nokon måte at Microsoft får stadig fleire abbonentar på Game Pass, og at Sony pumpar fleire og fleire spel over på PS Now og PS Plus. Du får spelt meir, prøvd meir, og den totale kostnaden for tida di blir mykje lågare enn den elles hadde blitt om du skulle spelt like mykje.

Men sjølv om nye tenester dukkar opp og finn finurlege nye måtar å få deg til å bruke pengar på – Microsoft skryt sjølv over at Game Pass-abbonentar brukar meir pengar enne andre – ligg majoriteten av nye spel like fullt bak ein betalingsmur, der du må betale først, og måle kvaliteten på produktet i etterkant. Spel er ikkje som film, der ein trailer i nokre høve avslører heile filmen.

Spel må prøvast, og om vi verkeleg skal gå ei framtid i møte med enda dyrare spel, bør bransjen finne på nokre gode løysingar for å la oss prøve før vi kjøper. Å klage over problem bransjen sjølv har skapt tener i alle fall inga nytte.

Siste fra forsiden