FEATURE: Desse spela gler vi oss til i desember
Feature

Desse spela gler vi oss til i desember

Endeleg ein roleg månad.

Ved Tautates kor tida flyg! Det var som om eg sat her i går og knota ned desse orda sist, men der var den månaden omme. Tida heng som kjent ikkje på greip når ein har det moro, og moro har vi hatt det. Vi har til dømes storkosa oss med å hakke opp (ikkje spele) Call of Duty WWII, medan vi på den heilt andre sida av temertaturmålaren har elska kvart sekund vi brukte på Horizon Zero Dawn: The Frozen Wilds.

Fullt så artig hadde vi det ikkje med Need for Speed Payback, men det tok seg litt opp igjen med Football Manager 2018 og nyversjonane av L.A. Noire, samt det strålande gjensynet med klassikaren Outcast.

No står den siste månaden i året framfor oss. Det ser ut til at englane verkeleg dalar ned i skjul i desember, for her er det tydeleg at spelutviklarane vil ha ferie.

Xenoblade Chronicles 2

Plattform: Switch
Ute: 1. desember

Xenoblade Chronicles 2.
Xenoblade Chronicles 2.

Nintendo tenkjer å avslutte året like sterkt som dei starta det då dei lanserte Switch-konsollen, og gjev oss eit massivt rollespel frå dei uhyre flinke folka hos Monolith Soft. Dei plar levere varene, og det satsar vi på at dei gjer denne gongen òg. Som etter kvart har blitt vanleg frå den kanten kan vi vente oss eit digert og omfattane rollespel i ei enorm og fantasifull verd.

I staden for å leve livets glade dagar på ein rund planet, som folk flest, lev folka i Xenoblade Chronicles 2 på kroppane til massive titanar som vandrar mellom skyene. Kvar titan lovar å by på unike økosystem, og du skal ikkje sjå bort frå at verda i seg sjølv blir eit like stort trekkplaster som alt anna spelet har å by på.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Xenoblade Chronicles 2

SpellForce 3

Plattform: Windows
Ute: 7. desember

SpellForce 3.
SpellForce 3.

Om du likar deg best på PC, og har vore med i gamet ei stund, er sjansane store for at du sette kaffeen i vrangstrupa akkurat no. Ja, du las riktig, eit heilt nytt SpellForce-spel er på veg (ikkje ei ekspansjonspakke), og det lovar meir av akkurat den same hygga vi fekk før i tida. Her blir det ei saleg blanding av rollespel og strategi i ei ganske så erketypisk fantasyverd.

Basar skal byggjast, krigarar skal trenast, og eventyr skal teste kva du er laga av. Utviklarane hos Grimlore Games lovar ei storslagen historie (man må jo det), men det kanskje mest spanande spelet har å by på er nok å byggje sin eigen helt som frontfigur for ei hær full av krigsklare soldatar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på SpellForce 3

Mesozoica

Plattform: Windows
Ute: 23. desember

Mesozoica.
Mesozoica.

Akkurat i tide før den store julekvelden kjem den største gåva til alle som elskar dinosaurar. Mesozoica er det som skjer når ein gjeng dinosaurentusiastar med sterke nostalgiske kjensler for den etter kvart gamle parbyggjaren Jurassic Park: Operation Genesis, bestemmer seg for å lage ein andeleg oppfølgjar til nettopp det spelet.

I Mesozoica får vi byggje vår eigen dinosaurpark. Vi får leite fram dinosaurartar, og vi får velje kva fargedrakt dei skal ha. Vi må sjølvsagt byggje parken dei skal leve i, men vi får òg byggje landskapet rundt, plassere steinar, tre og andre detaljar for å gjere kvar park heilt spesiell. Teamet bak spelet lovar å gje kvar parkbyggjar enormt mykje fridom, og det blir særs spanane å sjå om dei held det dei lovar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mesozoica

Gammalt på nytt

Meir var det ikkje å seie om den saka. Etter litt graving var desse tre spela dei einaste tre nye spela vi såg meining i å seie noko om. Desember er som vi alle veit ein noko avslappa månad, og det er jo greit. Meir tid til å gå gjennom katalogen som har bygd seg opp over eit heilt år.

Okami HD.
Okami HD.

Vi finn likevel fleire spel som skal ut blant folket, men desse er jamt over spel som allereie er ute i ei eller anna form. Ta til dømes Doom, eit spel som har vore ute ei stund, men som denne månaden blir tilgjengeleg i VR format på både PlayStation 4 og PC. Fallout 4 får òg ein VR-versjon, men berre til HTC Vive. Om du synest det er litt teit, kan du i tillegg irritere deg over L.A. Noire: The VR Case Files for HTC Vive som kjem til nettopp, HTC Vive.

Alle likar ikkje VR, og for dei som styrer unna store briller kan det kanskje freiste med ein gammal kultklassikar. Okami HD lanserast i desember på PlayStation 4, Xbox One og PC. Og alle hjarte gler seg.

For litt meir action dukkar Frank West opp på PlayStation 4 i Dead Rising 4: Frank's Big Package. Om du er for gammal for pinleg tydelege seksuelle innuendo, kan vi freiste med eit par spel som kan takke 90-talet for det meste. Først ute er Yooka-Laylee til Switch, eit plattformspel inspirert av dei store koseklassikarane frå seint 90-tal. Heilt til slutt finn vi det turbaserte rollespelet Battle Chasers: Nighwar til Switch, eit spel basert på 90-talsteikneserien med same namn.

Det var alt for i år. Kos deg med marispan og julebrus.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

SpellForce 3 [PC]

Battle Chasers: Nightwar [Switch]

Mesozoica [PC]

Okami HD [Xbox One]

Okami HD [PC]

L.A. Noire: The VR Case Files for HTC Vive [PC]

Okami HD [Playstation 4]

Dead Rising 4: Frank's Big Package [Playstation 4]

Doom VFR [Playstation 4]

Doom VFR [PC]

Yooka-Laylee [Switch]

Xenoblade Chronicles 2 [Switch]

SpellForce 3 [PC]

Battle Chasers: Nightwar [Switch]

Mesozoica [PC]

Okami HD [Xbox One]

Okami HD [PC]

L.A. Noire: The VR Case Files for HTC Vive [PC]

Okami HD [Playstation 4]

Dead Rising 4: Frank's Big Package [Playstation 4]

Beste priser

På lager 198,-
På lager 209,-
Forventet lagerdato 242,-
På lager 279,-

Beste priser

Nedlasting 134,-
Nedlasting 145,-
Forventet lagerdato 289,-
Nedlasting 290,-

Yooka-Laylee [Switch]

Beste priser

Ikke på lager 345,-
Ikke på lager 399,-
På lager 476,-
Forventet lagerdato 478,-

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen