Final Fantasy-slåssing frå Dead or Alive-studioet

Team Ninja står for utviklinga av det neste spelet i Dissidia-serien.

Square Enix

Fleire blei nok skuffa då Square Enix i februar avslørte at dei jobba med eit nytt spel i slåsseserien Dissidia. Det kom opphaveleg to spel i serien til PSP, men sidan den tid har det vore stille. Mange har håpa på eit nytt spel, men under avsløringa blei det klart at det neste spelet i serien ikkje er planlagt for konsoll, men i staden for arkadehallane i Japan.

Under ein pressekonferanse i Japan i dag har Square Enix avslørt fleire detaljar om spelet, og med dei får vi òg det første håpet om ein framtidig konsollversjon. Dissidia: Final Fantasy blir utvikla i samarbeid med Dead or Alive-utviklarane hos Team Ninja, og blir bygd på modifisert PlayStation 4-maskinvare.

Det blir nok å halde styr på i Dissidia: Final Fantasy.

Det heile er eit samarbeid mellom Square Enix, Koei Tecmo som eig Team Ninja, samt ikkje minst Sony. Vi blir fortalt at spelet vil bli eksklusivt for arkadehallane i minst eit år før ein konsollversjon bli vurdert, men at spelet blir laga i samarbeid med Sony opnar i det minste opp for at ein konsollversjon er svært mogleg.

Final Fantasy-heltar i strid

I Dissidia-spela har Square Enix samla det meste som kan krype og gå av kjende figurar frå Final Fantasy-serien. På ei rekke ulike arenaer går desse til kamp mot kvarandre, medan ein kan kjempe seg gjennom ei historie som flettar det heile saman.

Det neste spelet vil by på over 50 figurar ein vil kunne spele som, og spelet vil kontinuerleg by på nye figurar, arenaer og andre oppdateringar. Dissidia: Final Fantasy vil i tillegg la to lag på tre spelarar kjempe mot kvarandre.

Siste fra forsiden