Førsteinntrykk

Førsteinntrykk: Nintendo 3DS

Vi har testa Nintendo 3DS

Nintendos innovasjonar ligg atter ein gong eit hestehovud foran konkurrentane.

LOS ANGELES (Gamer.no): Tirsdag morgon lokal tid var katta ute av sekken, og her var det ikkje snakk om å dra den ut etter nakkeskinnet medan den klora seg fast med klør så skarpe som barberblad. Nei, denne katta hoppa ut som ei gogo-dame i ei stor kake som ropte «Her er eg!», til vill jubel for alle som var vitne til Nintendos pressekonferanse på E3.

Nintendo 3DS, rød variant.

Etter pressekonferansen fekk eg litt tid til å sjå nærare på maskinen, men sjølv om førsteinntrykka var gode, var det langt frå nok tid til å danne dei verkeleg solide inntrykka. No har eg leika meg med den nye kreasjonen til Nintendo over litt lengre tid, og er framleis svært positivt innstilt.

Lekker evolusjon

Når vi ser på kva som har skjedd med Nintendo DS sidan den først blei lansert, er Nintendo 3DS ei naturleg utvikling. Maskina har gjennom kvar iterasjon fått eit gradvis slankare og meir stilfullt design, samtidig som den har fått nye funksjonar. Med Nintendo 3DS når vi eit nytt høgdepunkt. Maskina ser veldig eksklusiv ut med sine blanke overflater, og elegante design.

D-paden har saman med A, B, X og Y-knappane blitt hakket mindre, sjølv om dei framleis har god respons, og er lette å bruke. Ei stor, viktig og ikkje minst velkomen nyhende er den nye stikka som har fått det klengande namnet «Slide Pad». På same måte som med PSP er dette ein knapp som hevar seg frå plasten maskina er bygd av. Til forskjell frå analogstikka til PSP er derimot «Slide Paden» mykje større, og i tillegg er den konkav, noko som gjev deg eit veldig godt grep. Maskina har i tillegg fått seg ein Home-knapp, som sannsynlegvis vil ha liknande funksjon som Home-knappen på Wii.

DS-pennen har òg fått seg eit ansiktsløft og er no i metallisk utføring. Den er like komfortabel som før, men du kan no slå den saman eller dra den ut for å gjere den kortare eller lengre.

Tredimensjonal moro

Den nedste skjermen på maskina er slik vi kjenner den frå før. Grunnen til dette er at Nintendo tidleg oppdaga at trykkskjerm og 3D ikkje var ein god kombinasjon, sidan det var lett å bli desorientert.

Toppskjermen er derimot heilt ny. Det er ein flott og skarp breiskjerm på 3,5 tommar, og den leverer 3D av imponerande kvalitet utan at du må ta på deg 3D-briller. Det er samtidig heilt opp til deg om du vil ha 3D eller ikkje, eller eventuelt kor sterk effekt du vil ha. Med ein skyveknapp på sida av skjermen kan du justere 3D-intensiteten, og det er heilt tydeleg at det kan vere lurt å justere denne i forhold til spelet du spelar.

Star Fox 64 3D.

Dette kan sjølvsagt variere frå person til person, men mitt inntrykk er at tempoet ting går i, samt avstand til objekta på skjermen, har svært mykje å seie for korleis 3D-effekten blir oppfatta. Når vi får rolege bilete med objekt som ligg eit stykke inn i motivet er det heile som regel ekstremt overbevisande. Det er som å sjå rett inn i ei anna verd, og dette pirrar deg til å utforske den òg. Når ting går i eit høgt tempo kan biletet på den andre sida bli litt kaotisk og stressande for auga.

Eit døme på begge desse variantane er 3DS-versjonen av Star Fox 64. På eit punkt jaga eg romskip mellom nokre søyler i havet, og då eg flaug forbi desse søylene krasja dei litt med endane på skjermen. Etter kvart som eg flaug innover land, og mellom store fjell, blei det heile mykje meir behageleg.

Mykje moro i vente

Blant tinga eg har fått sjå hos Nintendo var nokre filmtrailerar, ein Metal Gear Solid-video, Pilotwing, og Kid Icarus-traileren frå Nintendo-pressekonferansen. 3D-effekta var svært god i alle døma, men det var ein ting som blei svært tydeleg. Der utviklarane vil gi deg illusjonen av å sjå inn i eit bilete er 3D-effekta fleirfaldige gongar betre enn der dei vil få ting til å hoppe ut av skjermen. Auga har mykje lettare for å fokusere på detaljane når 3DS-maskina fungerer som eit vindauge inn i ei anna verd. Når utviklarane prøver å gjere det omvendt blir det friksjon mellom skjermen og den harde plastverda rundt den.

Den absolutte vinnaren av det eg fekk sjå av 3DS-demoar var ein videodemo av Mario Kart der eg kunne rotere kameraet litt medan bilane køyrde. Denne var så nær perfekt som det er mogleg å kome. Dei reine linjene og dei sterke fargane var som skapt for 3D, og illusjonen av å frese gummi i ei fantasifull verd har aldri før vore så overbevisande. Du får samtidig ei heilt anna køyrekjensle når du får eit inntrykk av kor lange avstandar er som du aldri har hatt sjansen til før.

Kid Icarus Uprising.

I tillegg til å kunne spele i 3D, kan du bruke 3DS til å ta eigne bilete i 3D sidan maskina har to kamera bak 3D-skjermen. Dette er ein ganske artig funksjon som lar deg sjå det meste på ein heilt ny måte. Eg har likevel litt problem med å sjå den langsiktige verdien av dette, sidan ei handfull bilete var alt eg hadde behov for før det ikkje var så interessant lenger. Eit lite spel der du kan legge bileta rundt kuber hadde litt underhaldningsverdi, men ikkje nok til å freiste til eit gjensyn med det første. Om spelutviklarane kan finne på noko smart å bruke 3D-kameraet til, kan ting derimot bli veldig spanande.

Kraftpakke?

Før avdukinga av 3DS svirra det nokre rykte om at maskina ville vere like kraftig som ein PS3 i lomma. Dette kan du ta med ei grundig klype salt. Sjølv om vi berre har fått sett eitt reint 3DS-spel i aksjon – Kid Icarus Uprising – er det ingenting der som lovar noko som kjem i nærleiken av Xbox 360 og PlayStation 3. Det ser ut som eit pent Wii-spel, men ikkje stort meir.

Av større interesse var ein Metal Gear Solid-video som viste meir av kva 3DS er i stand til. Dette var heller ikkje på Xbox 360/PlayStation 3-nivå, men demonstrerte likevel at vi kan vente oss ein solid detaljrikdom. Ein ting som var veldig tydeleg av denne videoen var derimot at teksturane på alt anna personane i videoen var ganske dårlege. Om dette er eit resultat av at videoen blei skrudd saman på kort tid, eller eit døme på kvar grensene til maskina ligg kan eg ikkje seie noko om, men heilskapsinntrykket var likevel godt.

Turkis variant.

I tillegg til 3D og betre grafikk enn den ordinære DS-maskina, har 3DS fått utvida nettfunksjonalitet. Når maskina er i sovemodus kan den kommunisere med andre maskiner, eller over internett. Dette er nyttig sidan du på denne måten automatisk kan laste ned nytt innhald til spela dine. Kvar gong du opnar lokket kan du potensielt sett finne nye utfordringar og brett til spela dine. Om dette ikkje er av interesse kan du slå av det trådlause nettet, og samtidig spare batteri.

3DS vil i tillegg ha rørslesensor og gyroskop, men desse funksjonane har vi ikkje fått testa.

Konklusjon

Det er absolutt ingen tvil om at Nintendo 3DS er ei veldig spanande maskin. Den byr på noko ingen andre kan skilte med, og om interessa for 3D-filmen Avatar er noko å døme etter, har Nintendo atter ein storsuksess i gjere. Det er likevel tydeleg at kvaliteten på 3D-effekten varierer frå spel til spel, der spesielt fartsfylte og kaotiske spel blir litt stressande for auga. Etter kvart som utviklarane verkeleg lærer seg å bruke teknologien, og perfeksjonerer formatet, vil vi forhåpentlegvis sjå at dette balanserer seg.

3D er likevel ikkje alt 3DS har å by på. Med den nye «Slide Pad»-stikka får vi endeleg betre kontroll over spelfigurane, noko som bør kunne auke potensialet for kva spel plattforma kan by på. Nintendo 3DS har ikkje fått nokon pris eller lanseringsdato, men ut av kva eg har sett, og med tanke på at over 20 utviklarar jobbar med spel på maskina, er det all grunn til å sjå fram til den dagen Nintendo 3DS ligg i butikkhyllene.

Siste fra forsiden