Feature

Spillåret 2022 - Øystein Furevik

Her er spela Øystein gler seg til i 2022

Frivillig sosial avstand blir hovudregelen i år òg.

Songs of Conquest er eit av spela Øystein ser frem til.
Privat

Flere medlemmer av Gamer.no-redaksjonen vil fortelle om spillene de gleder seg til i 2022. Fra før av har vi hørt fra Jørgen Bordal Andersen, Andreas Bjørnbekk, Espen Jansen og Gøran Solbakken. Nå er det Øystein Fureviks tur.

Det skal jammen ikkje vere lett å gle seg til ting. Her sit ein med optimismen klar og berre ventar på å la fingrane fly over tastaturet eller kontrollaren for å nyte det som er i vente, men neida. Beistets natur er såleis at i januar veit vi frykteleg lite om kva som eigentleg kjem. Det er tida som startar no, og varar fram til sånn omtrent E3 i midten av juni at vi verkeleg får vite om alt som kjem. Difor blir det mykje ynskjetenking, og det var nøyaktig det eg gjorde i fjor.

Heile fire av spela eg såg fram til i fjor kom ikkje i fjor, men kjem i år i staden (og no er eg sikker), så då må vi dra dei fram igjen. Det er jo ikkje som om eg gler meg mindre fordi eg har venta eit år ekstra.

Eit tap i fjorårets underhaldningskvote på heile 60% går ikkje usynleg forbi. Det slår med dørene, kjeftar og blir ganske forbanna til tider. 2021 blei difor eit noko lunkent år for min del. Joda, det var gode spel, svært gode spel. Men mykje av det eg såg føre meg å bruke året på var ikkje der, og mykje av det andre eg såg føre meg å bruke året på var ikkje like god næring for sjela som min naive optimisme hadde tillete meg å håpe på (No teier du deg Tales of Arise, du har sagt nok! 320 fordømte skits, eg seier ikkje meir).

Og med det kastar vi oss i det.

Final Fantasy XVI

Plattform: PlayStation 5
Ute: Ja den som visste det du

Alt står og heng på dette spelet.
Square Enix

Vi prøvar igjen. Eg visste sjansen var minimal i fjor, men vi får satse på den er litt høgre i år, og slik kjem eg til å halde fram til spelet er ute, og det så går rake vegen åt 2050. Final Fantasy XVI er nesten siste sjanse for JRPG-sjangeren slik eg ser det. Det er ein sjanger er elska og æra i mitt hus, men du skal jammen ha levd under ein stein for å ikkje sjå at den jamt over har hatt stri kurs mot ein stad sola aldri skin.

Den har blitt tynga ned av kjipe troper retta mot hormonelle tenåringsgutar, samt så mykje uinteressant fyllstoff at det tidvis kan freiste meir å slå seg i panna med eletrisk flugesmekke. Vi set dermed vår lit til Square Enix, og nærare bestemt folk som har levert Final Fantasy XIV og The Last Remnant for å redde denne sjangeren som sårt treng redning. Eg håpar på eit av dei mest storslagne spela på årevis. Vi snakkar massivt i litterær forstand, med ei historie som går ned i historiebøkene som noko av det mest fantastiske verda har sett sidan Homer sang om store slag og håplause sjøferder. Eg vil ha fantastisk musikk, engasjerande kampar fulle av strategi. Eg vil ha moogles, chocobos og minispel. Eg vil ha Final Fantasy som skrik «spel meg!», og eg vil ha det no.

Bayonetta 3

Plattform: Switch
Ute: 2022

Baynoetta er tilbake for å sparke seriøs rumpe.
Platinum Games

Det vi treng no, det er ei massive og monumental vaksine mot moralpolitiet. Du veit kven eg meiner. Dei som angrip Platinum Games for å vere kvinnefiendtlege for å ha latt ein av sine kvinnlege tilsette teikne Bayonetta. Og ikkje minst, for å våge å lage eit spel med ei dame som nyt seksualiteten sin utan skam. Det er farleg det!

Vaksina, slik eg ser det, kjem til å kome i form av Bayonetta 3. Dette er eit spel som kjem til å overgå alle forventningar, i alle fall når ein ser på salstala. Switch lev i si eiga boble for tida der alt sel som hakka møk, og Bayonetta kjem til å overgå alle ambisjonar, og folk vil elske det. Dei vil møte denne heksa som brukar håret sitt til å lage våpen, og dei kjem til å nyte dei rytmiske og elegante kampane der ho bankar englar som om det var ein instruksjonsvideo. Eg kjenner det på kroppen. Dette blir ein av høgdarane i 2022.

Syberia: The World Before

Plattform: Windows
Ute: 31. mars

Syberia har ein spesiell plass i hjartet mitt, og dette blir vemodig.
Microids

Syberia var eitt av dei første spela eg testa for Gamer.no hausten 2002, og det er såleis nesten snakk om ein komplett sirkel at både eg og denne nydelege ventyrserien feirar 20 års-jubileum i år. Skjønt, det er eit vemodig jubileum. Benoit Sokal som er den kreative nerva bak serien gjekk bort i fjor, og Syberia: The World Before blei det siste prosjektet hans før hans bortgang.

I The World Before møter vi igjen Kate Walker, men ho er ikkje den einaste. Spelet serverer to historier der den eine kastar oss tilbake til 1936 der vi møter den unge og lovande pianisten Dana Roze ved opptakta til andre verdskrig. Syberia: The World Before kan raskt bli eit minnerverdig spel, og eg gler meg stort til den siste historia frå visjonæren Sokal.

Songs of Conquest

Plattform: Windows
Ute: Q2 2022

Dette kan bli ein tidstjuv utan like.
Lavapotion

Heroes of Might & Magic III er eit av mine favorittspel gjennom tidene. Eg tør ikkje tenkje på kor mange timar eg har lagt ned i dette spelet, og det blir spelt om igjen sporadisk både her og der. I år, omsider, ser det endeleg ut til at Songs of Conquest endeleg blir lansert.

Dette er ikkje ei Heroes-klone, men det er absolutt eit spel inspirert av Heroes. Du skal byggje opp ein by, du skal samle ei her, og det heile er presentert med herleg, herleg pikselgrafikk som er pynta på og modernisert til å bli noko heilt spesielt. Om dette spelet kan leve opp til sitt potensiale skal ein ikkje sjå bort frå at eg kjem til å spele litt mindre Heroes III i åra framover, og erstatte det med Songs of Conquest. Fingrane er kryssa.

Two Point Campus

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Switch, Windows
Ute: 17. mai

Two Point Campus.
SEGA

Two Point Hospital er noko av det trivelegaste og mest sjarmerande eg har hatt gleda av å spele dei siste åra. Det var noko så sjeldant som eit spel som tek ein gammal klassikarar, og ikkje berre lovar å forbetre den på alle punkt, men gjennomfører òg. Det blei eit nydeleg og raffinert sjukehusmanagement-spel som har gleda meg i fleirfaldige timar med si endelause mengde sjarme.

I år er det klart for oppfølgjaren, men i staden for å berre lage Two Point Hospital 2, siktar utviklarane høgre med Two Point Campus. Her skal vi byggje våre eigne universitet, med uteområde, klasserom, og ei rekke fasilitetar for både galne professorar og heilsprø studieretningar. Om du trudde dagens utdanningsval hadde sklidd ut, berre vent til du får by elevane dine på riddarskule, medan du passar på at studentane storkosar seg med dei legendariske festane som gjer studietida verdt å hugse.

Prehistoric Kingdom

Plattform: Windows
Ute: Early Acces vår 2022

Eg elskar dinosaurar med djup kjærleik.
Blue Meridian

Etter fadesen som var Jurassic World Evolution 2 (kva med å få leike litt med faktiske dinosaurar i staden for konstant mikroarbeid i menyar, eh?), treng vi eit skikkeleg dinosaurparkspel. Prehistoric Kingdom ser ut til å kunne bli nøyaktig det spelet Evolution 2 burde ha vore. Her er fokuset på å lage ein nydeleg dinosaurpark med fantastiske leveområde for eit solid og stadig vaksande spekter med forhistoriske beist som så godt som mogleg er basert på faktisk paleontologi.

Vi får fargerike og nydelege dyr, og enormt frie verkty for å forme våre eigne landskap. Har kan du verkeleg skape dei områda du vil med verkty som fullstendig lar deg endre landskapet etter eige ynskje. Det eg verkeleg ser fram til her, er uansett det fenomenale mangfaldet i dinosaurar. Alle er unike, og byr på kreative og truverdige fargepalettar.

Chocobo GP

Plattform: Switch
Ute: Vår 2022

Om dette blir dårleg blir eg sur.
Square Enix

No er det ikkje slik at eg går rundt og tenkjer Chocobo GP kjem til å bli eitt av årets beste spel. Eg tippar det blir heilt ok, kanskje feitt, men i alle fall heilt ok. Du skal eigentleg stå på litt for å rote til denne sjangeren, til og med forferdelege Coffin Dodgers presterte å by på litt moro.

Det som sender dette spelet opp på min topp ti for i år er to veldig enkle detaljar: Det er kart racing, og det er Final Fantasy. Eg elskar begge deler, og om det er noko eg har venta lenge på så er det sjansen til å vere ein moogle som sender Fira i fleisen på Steiner. Det er alt eg vil ha. Får eg ikkje det står spelet til stryk, men enn så lenge er eg håpefull optimist. Eg hadde gjerne sett at spelet kom på noko anna enn Switch sånn berre fordi eg er møk lei korleis Switch held alt tilbake. Nintendo, få ut fingeren. Eg vil ha 4K, og eg vil ha det i går.

A Plague Tale: Requiem

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 2022

Blir Requiem halvparten så bra som Innocence er eg nøgd.
Asobo

Det er få spel eg gler meg meir til enn A Plague Tales: Requiem. Det første spelet i denne serien var eit makelaust underverk. Sjukleg vakkert, med ei bitande og sterk historie om to søsken i eit sant helvete. Kort sagt, spelet greip meg, og eg hugsar det ikkje berre for den fantastiske historia, men og for korleis utviklarane brukte sitt meisterlege grep om det visuelle til å fortelje historia gjennom visuell komposisjon og regi.

Litt nervøs er eg sjølvsagt. Når du lagar noko så fantastisk, kan ein oppfølgjar på nokon måte leve opp til forventningane skapt av originalen? Vil det berre bli meir av det same, eller vil utviklarane hos Asobo makte å puste mykje nytt og friskt liv inn i denne oppfølgjaren som gjer den like minneverdig som originalen? Tida vil vise, men ein ting er sikkert, eg er først i køa.

Senua's Saga: Hellblade II

Plattform: Xbox Series S/X, Windows
Ute: 2022?

Denne dama har verkeleg ikkje mange gode dagar.
Ninja Theory

Eg tek sjansen og satsar på at Hellblade II kjem i år. Eg veit sjansen er sånn midt på treet, men den er i alle fall høgre enn for Fable, som er det Xbox-spelet eg ser mest fram til av alle spel som kjem til akkurat den plattforma.

Det er berre noko med Hellblade. Den tunge stemninga og korleis utviklarane handterte mentale utfordringar var spanande, modig, og noko som verkeleg appelerte til meg. Det er mørkt, hardt og bitande kaldt, og med Microsofts lønnssjekkar i ryggen ser eg føre meg at Ninja Theory no har midlane til å verkeleg lage det spelet Hellblade II fortener å vere. Eg kan knapt vente, det første Hellblade-spelet var eit spanande spel med enormt forbetringspotensiale, og med rett fokus kan Senua's Saga: Hellblade II bli nøyaktig det spelet.

The Legend of Zelda: Breath of the Wild 2

Plattform: Switch
Ute: 2022?

Eg vil opp dit, og eg vil opp dit no.
Nintendo

Når sant skal seiast var eg ikkje heilt ueinig med vår eigen kjære Andreas som ikkje synest Breath of the Wild var tidenes beste spel. Eg blir fort lei av å dille rundt i digre opne verder, og det må ha noko ekstra for å verkeleg hekte med som Breath of the Wild mangla. Men likevel, eg gler meg stort til Breath of the Wild 2.

Om Nintendo fyller spelet med meir av dei tinga eg sakna i det første spelet, kan vi få ein garantert vinnar. Eg likte veldig godt dei mange små IQ- og koordinasjonstestane, og ser gjerne føre meg meir av dette, større grotter, fleire gåter og anna snadder. Om dei i tillegg vurderer å fjerne det tøvete våpensystemet som fyller inventaret ditt med funksjonslaus søppel (sjå Hyrule Warriors: Age of Calamity for ei betre løysing) har vi sannsynlegvis med ein umiddelbar vinnar. Mest av alt er eg uansett ein livslang Zelda-fan, og det er såleis obligatorisk for meg å vente med iver på kvart nye spel.

Siste fra forsiden