I skytespelet Superhot styrer du tida

Teamet bak det populære nettlesarspelet prøvar seg på Kickstarter.

Allerie i fjor haust skreiv vi om det spesielle og fascinerande skytespelet Superhot. Som dei fleste andre skytespel ser du det heile i førsteperson, og du skyt på fiendar med våpen. Utover det er det lite ved Superhot som minnar om andre spel i sjangeren.

I Superhot går tida berre når du rører deg, og dette betyr at du kan stoppe kuler i lufta ved å stå i ro. Deretter kan du prøve å liste deg til sida for å unngå kulene som i sakte kino sig forbi deg. Spelet blei til under fjorårets 7 Day First Person Shooter-tevling, og blei svært populært.

I dag har teamet bak spelet lansert ein Kickstarter-kampanje for å gjere Superhot til eit fullverdig spel. Dei ber om 100 000 dollar for å realisere draumen sin, og er i skrivande stund nesten halvvegs mot målet.

Fleire utfordringar

Superhot byr på ein særeigen visuell stil.

Om Kickstarter-kampanjen lukkast vil Superhot-teamet bruke tida si på å utvide den kort opplevinga du sjølv kan prøve på utviklarane sine nettsider. Dei vil til dømes lage ein kampanjemodus med ei interessant historie. Denne historia vil ta deg gjennom mange nye nivå som til dømes ein motorveg i rushtrafikken, eller ein full heis.

Fleire nye våpen er under planlegging, og utviklarane håpar på å kunne by på alt frå maskingevær, hagler og granatar som kan gi oss eksplosjonar i sakte kino. I tillegg vil spelet få ei oppgradert grafisk drakt, og støtte for Oculus Rift.

Det er delte meiningar om kor bra folkefinansieringstenester som Kickstarter er for spelindustrien. Hos oss meinte Jens Erik Valer at trenden er urovekkjande, medan Kristian Aasgård meiner det er det beste som har skjedd bransjen.

Siste fra forsiden