Intervju

Intervju: Final Fantasy XIII-2

Kva kan vi vente oss i oppfølgjaren? Vi møtte Square Enix på E3.

LOS ANGELES (Gamer.no): Knapt eit år er gått sidan Square Enix slapp det kontroversielle spelet Final Fantasy XIII. Eit spel som braut med mykje av det som har gjort serien populær, og stramma inn tøylene for å lage eit spel som handla om ein gjeng på flukt frå overmakta. Dei vala som blei gjort for å formidle denne historia på den måten Square Enix sjølv meinte passa best, var ikkje alltid like populære.

Les også: Sniktitt på Final Fantasy XIII-2

Med høvel og meisel gjekk dei laus på unødvendige element, og enda opp med eit straumlinjeforma spel som splitta ei heil verd på midten. No er dei derimot tilbake med eit svar på både kritikk og ros. Final Fantasy XIII-2 lovar å by på alt det vi ikkje fekk i Final Fantasy XIII, og kanskje litt til.

Vi har slått av ein prat med dei erfarne Final Fantasy-utviklarane Yoshinori Kitase og Motomu Toriyama om kva vi kan vente oss frå det nye spelet.

Klar til dyst.

– Kvifor lagar de Final Fantasy XIII-2 i staden for eit nytt Final Fantasy?

Kitase: – Skal vi lage ein nummerert tittel må vi lage den frå scratch, og det ville ta lang tid. Sidan Final Fantasy XIII var ein stor suksess og har selt over 6 millionar eksemplar, hadde vi meir lyst til å lage ein oppfølgjar enn å bruke lang tid på å lage eit heilt nytt spel.

– Spelet ser på mange måtar ut til å vere ein reaksjon på Final Fantasy XIII, sidan det inkluderer mange av dei elementa folk reagerte på at ikkje var i Final Fantasy XIII. Korleis reagerte de på den polariserande mottakinga spelet fekk?

Kitase: – Når du lagar eit nytt spel må du ha eit konsept å starte frå. FFXIII var eit fluktspel, så på ein måte måtte det vere svært historiebasert, og det har eg ingen anger på. Men mange fans meinte det blei for lineært og vi tok den meininga med oss. Det spelet måtte bli presentert på sin måte i forhold til kva det var, men etter å ha høyrt alle tilbakemeldingane tenkte vi at det nye spelet måtte vere spelarbasert i større grad. Slik at spelaren gjer val for å kome vidare. Så desse tilbakemeldingane har vi tatt med oss.

– Kva har de gjort for å formidle bakgrunnhistoria i Final Fantasy XIII til nye spelarar?

Kitase: – Vi vil ha ein opplæringsdel for å hjelpe nye spelarar i gong. For nye spelarar vil vi i tillegg ha ein ny karakter som heiter Noel, og han har ingen kjennskap til kva som har skjedd med Lightning og gjengen i det første spelet. Så nye spelarar kan følgje han for å forstå verda dei er i.

Kven er denne mystiske herren?

– Korleis ser de på japanske rollespel i verda i dag? For ein del år tilbake var det ingenting som kunne måle seg med dei, men no er dei fleste av dei på handholdte konsollar, og dei få som er på stasjonære konsollar sel ikkje så bra. Føler de at Final Fantasy-serien har eit ansvar for å halde sjangeren i live?

Kitase: – Vi veit ikkje heilt kor mykje innverknad vi framleis har på spelverda no for tida. Det er først og fremst tre ting som er viktige i eit Final Fantasy-spel; interessante karakterar, originale univers og ei dramatisk historie. Desse elementa er ikkje lenger berre å finne i rollespel, men kan òg finnast i til dømes actionspel som kan ha veldig dramatiske element. Eg veit ikkje heilt kva rolle vi har, men eg meiner Final Fantasy har betydd mykje for spel sett under eitt over dei siste tiåra.

Les også
Anmeldelse:

Se også: Trailer for Final Fantasy XIII-2

– Har de blitt inspirerte av nokre desse spela under utviklinga av Final Fantasy XIII og XIII-2?

Toriyama: – Vi er ikkje bevisste på at vi har tatt direkte inspirasjon frå vestlege spel, men hovudmålet med XIII-2 var å svare på dei tilbakemeldingane vi fekk etter XIII. Eg kan likevel kome på eitt spel som har inspirert oss, og det er Red Dead Redemption. Det er opent og du kan få oppdrag frå overalt i verda, noko vi har lært frå.

Frå nokre av dei eldre Final Fantasy-spela var det eit spesielt element som var svært viktig for meg, og det var minispel som til dømes Tetra Master og Blitzball. I nyare spel har desse praktisk talt forsvunne, og gjerne blitt erstatta med jaktoppdrag der du berre held fram med å krige slik du elles gjer i spelet. Kva er grunnen til at desse minispela har forsvunne frå Final Fantasy?

Får vi sjå mykje meir av Gran Pulse denne gongen?

Kitase: – Du har heilt rett, og det er eitt av områda vi fekk mykje kritikk på. Vi har teke det til oss, og i Final Fantasy XIII-2 vil vi ha mange forskjellige minispel du kan kose deg med.

– Vil vi få sideoppdrag òg, ting som ikkje nødvendigvis har noko med historia å gjere?

Kitase: I Final Fantasy XIII hadde du ikkje mykje fridom før du kom til Gran Pulse. I XIII-2 vil du stå mykje friare heilt frå starten, og du må ta forskjellige val for kva veg du vil gå.

– Kva med å lage eige utstyr? Dette var eit element i XIII, men det var tungt å forstå. Vil de gjere endringar her òg?

Kitase: – Dette kan vi ikkje snakka om heilt enno sidan det er sterkt knytta til kampsystemet. Om du ventar til Tokyo Game Show vil vi kome med meir informasjon om det der.

Denne karen vil hjelpe nye spelarar med å frotstå hisoria.

– Hadde de på noko tidspunkt lyst til å gå bort frå paradigmesystemet, eller var det klart frå starten at det skulle brukast i Final Fantasy XIII-2?

Toriyama: – Slik vi forstod det var paradigmesystemet veldig populært i Final Fantasy XIII. I XIII-2 vil du framleis endre roller og setje saman lag, så dette blir ikkje endra. Vi har derimot to nye element til kampsystemet. Det første er at du no kan rekruttere over 150 forskjellige monster som alle har forskjellige roller og spesialangrep, noko som gjer kampane meir varierte og strategiske. Det andre elementet er Cinematic Action som gjer kampane meir spektakulære. Desse to elementa vil forbetre kampsystemet som i essensen er det same som før.

– Heilt til slutt, har de tenkt på å lage ei HD-samling av Final Fantasy-spel? Det har blitt ganske populært i det siste der både Sony, Ubisoft og Konami har kasta seg å bølgja.

Kitase: – Hehe, vi har ikkje bestemt oss for det enno, men vi har fått med oss at folk har veldig lyst på det, så det er noko vi snakkar om.

Klarer ikke laste video

Final Fantasy XIII-2 skal etter planen kome i sal tidleg i 2012.

Siste fra forsiden