Intervju

The Witcher: Farewell of the White Wolf

Modutviklar kjem med epilog til The Witcher-serien

Farewell of the White Wolf skal gi oss slutten me eigentleg ville ha.

Farewell of the White Wolf

The Witcher 3: Wild Hunt er ferdig for denne gongen. Utvidinga Blood and Wine gir oss ein slutt på Geralts eventyr, som kan vere både lukkeleg og trist, alt etter kva val ein tar i spelet. Det er likevel ikkje alle som er like nøgde med dette. Mange fans har vore ueinige i kva retning spelet har tatt, sett i forhold til bøkene frå forfattar Andrzej Sapkowski, som spela byggjer på. Modifikasjonen Farewell of the White Wolf til The Witcher 2: Assassins of Kings skal fikse dette.

Ei gruppe moddarar har tatt saka i hendene, og vil kome med ein alternativ slutt for Witcher-serien, som er basert på bøkene. Sapkowski skreiv ein gong ei novelle om eit bryllaup mellom karakterane Geralt of Rivia og Yennefer of Vengerberg, som er utgangspunktet for den komande modifikasjonen Farewell of the White Wolf. Handlinga speler seg ut over tre dagar, der karakterar frå både bøkene og spela kjem saman for å feire bryllaupet til Geralt.

Me får spele modifikasjonen i løpet av 2017, men det er ingen spesifikk sleppdato enno.

Bruker grafikkmotoren til The Witcher 2: Assassins of Kings

Triss Merigold i Farewell of the White Wolf.
Farewell of the White Wolf

Farewell of the White Wolf tar i bruk moddeverktøy frå The Witcher 2: Assassins of Kings, som dei har brukt til å skape områder frå det første og tredje spelet. Til dømes har dei laga Kaer Morhen om att, som ikkje finst i det andre spelet. Dei har vist fram ei rekkje skjermbilete, som ser imponerande bra ut for å vere lagd i eit spel frå 2011. Karakterbileta vist i denne saken er for øvrig laga i 3ds Max (programvare for 3D-modellering), så dei vil nok ikkje sjå like flotte ut i spelet.

Gamer.no har snakka med utviklarteamet bak Farewell of the White Wolf. Spelregissør Konrad «Regine» Chlasta og junior-manusforfattar Przemyslaw «UncleArtr» Kacprowicz svarte på spørsmåla våre. Vårt første spørsmål gjekk på stemt dialog, då det har versert nokre rykter om at Doug Cockle, stemmeskodespelaren til Geralt i spela, skulle vere med i modifikasjonen. Det kunne utviklarteamet diverre avkrefte. Det kjem moglegvis stemt dialog etter sleppdatoen.

Kan bli like stort som utvidinga Hearts of Stone

Me får eit gjensyn med Letho i modifikasjonen.
Farewell of the White Wolf

Ein kan telje talet på fanutvidingar til Witcher-serien på ei hand, og dei som har kome har ikkje vore nemneverdig imponerande. For det meste har det vore korte opplevingar med knotete historiar og elendig yting. Farewell of the White Wolf-utviklarane meiner dei har skapt noko vesentleg meir omfattande.

Rustine: Eg trur me kjem til å få til nokre timar. Brorparten av modifikasjonen er dialog og filmsekvensar, men det skal vere nok av gameplay òg. Eg ville nok samanlikna modifikasjonen med Hearts of Stone når det kjem til speletid.

UncleArtr: Som de kan sjå i skjermbileta er det fleire områder å besøke, ikkje berre Kaer Morhen. Me ønskjer ikkje å seie noko om eksakt kva områder det er snakk om heilt enno. Berre hugs at dette er eit eventyr laga av fans – for fans – på fritida vår.

Modifikasjonen introduserer karakterar frå bokserien, som Nenneke.
Farewell of the White Wolf

– Kan de fortelje oss litt om ideen bak modifikasjonen? Kva inspirerte dykk til å lage den?

Les også
Anmeldelse: The Witcher 3: Wild Hunt

Rustine: The Witcher 3: Wild Hunt var inspirasjonen vår. Eg blei veldig irritert og skuffa over slutten på spelet, og syns ikkje det var nok for dei folkekjære karakterane. Historia måtte slutte med eit bryllaup, eit stort eit. Akkurat som i Sapkowskis novelle, sjølv om den ikkje er rekna som kanon.

UncleArtr: Me er alle veldig glade i Witcher-serien. Reisa vår byrja med Geralt gjennom bøkene, og me syns at det berre er Geralts forhold til Yennerfer of Vengerberg som er kanon. For meg, er den lukkelege slutten til The Witcher 3 mangelfull, for fleire av karakteranes historier ikkje er fortalde, eller er uferdige. Me ønskjer å fikse dette og gi fans av serien den epilogen dei verkeleg vil ha.

Tidlegare har ein sett at modutviklarar har fått jobbar hos spelselskap, etter imponerande prosjekt. Til dømes fekk utviklaren bak The Elder Scrolls V: Skyrim-modifikasjonen Falskaar ein jobb hos Bungie. Me spør om kva planane er etter Farewell of the White Wolf.

– Me er fokusert på vårt noverande prosjekt. Kva kjem etterpå? Vel, me kan ikkje sjå framtida, det kjem an på veldig mange forskjellege ting. Ikkje alle på staben vår ønskjer å lage spel profesjonelt. Marcin Momot (ansvarleg for CD Projekt REDs spelsamfunn, journ.anm.) har sett arbeidet vårt, og har sagt at det held det nødvendige nivået av kvalitet for å kunne få ein jobb ved CD Projekt RED, seier UncleArtr.

Ingen moddeverktøy til The Witcher 3: Wild Hunt

Ciri har fått ein oppgradert utsjånad.
Farewell of the White Wolf

Folka bak Farewell of the White Wolf fortel oss at dei var særs skuffa over CD Projekt RED, då dei kunngjorde at det ikkje kom noko REDKit til The Witcher 3. Det einaste offisielle moddeverktøyet er relativt enkelt, som har gjort utviklinga av større modifikasjonar vanskeleg. Me snakka med Rustine og UncleArtr om dei største utfordringane dei har hatt med utviklingsprosessen.

UncleArtr: Moddeverktøyet REDKit 2 er kanskje den største utfordringa i seg sjølv. Det har mange tekniske problem, som gjer at ein må vere tolmodig når ein jobbar med det. Tidsbruk er ei anna stor utfordring, for me har tross alt liv ved sia av utviklingsprosessen, samt arbeid med skule og universitet. Me kan ikkje bruke all fritida vår på dette, men me elskar å jobbe med det, så me held fram.

– Det har vore mykje diskusjon rundt Witcher-utviklarens avgjerd om å ikkje gi ut moddeverktøy til The Witcher 3: Wild Hunt. Kva tenkjer de om dette?

Rustine: Då eg byrja å jobbe med manuset, gjorde eg det med The Witcher 3 som utgangspunkt. Kanselleringa av REDKit 3 kom difor som litt av eit sjokk for meg, og eg tenkte mykje på å avslutte prosjektet vårt. Heldigvis var det ein annan moglegheit – REDKit 2.

UncleArtr: Me var hundre prosent sikre på at moddeverktøy ville vere tilgjengelege til The Witcher 3 kort tid etter spelet kom i 2015, slik utviklaren hadde lova. Då eg fekk høyre at me ikkje fekk verktøyet, blei eg veldig sint. Ikkje berre på grunn av vårt prosjekt, men på vegne av heile moddesamfunnet til Witcher-serien. Det hadde vore ein måte å forevige spelet på, på same vis som The Elder Scrolls V: Skyrim har blitt det. Uansett, me har kome forbi dette, og er fullt fokuserte på prosjektet vårt.

Les også: Blood and Wine byr på meir innhald enn dei fleste spel »

Siste fra forsiden