Jurassic Park får LEGO-spel til sommaren

Medan The Avengers-filmane får sitt LEGO-spel til hausten.

Dinosaurane er på veg til ein spelkonsoll nær deg. I dag har Warner Bros. i ei pressemelding kunngjort at heile Jurassic Park-sagaen vil bli foreviga i LEGO-form til sommaren. Spelet tek namnet til den neste filmen i serien som har fått namnet Jurassic World, men vil ikkje berre by på dei nyaste hendingane på dinosaurfronten.

LEGO Jurassic World-spelet vil ta oss med gjennom alle dei fire filmane i serien, heilt frå starten av eventyret der vi møtte Alan Grant og Ian Malcolm, samt eit knippe råskinn av nokre dinosaurar, og vidare gjennom dei to oppfølgjarane, før vi til slutt får spele oss gjennom hendingane i den komande Jurassic World-filmen.

Kven har vel ikkje fantasert om ein LEGO-versjon av denne ikoniske entreen?

Spesifikke detaljar om spelet har vi ikkje fått, men vi kan garantert vente oss meir av det same TT Games har bydd på gjennom ei årrekke med LEGO-spel. Jurassic World bli lansert i juni på Xbox One, Xbox 360, PlayStation 4, PlayStation 3, PlayStation Vita, Wii U, Nintendo 3DS og Windows.

Superheltar i klosseslagsmål

Ein annan populær effektfilm som snart får ein oppfølgjar og eit LEGO-spel er The Avengers. I LEGO Marvel's Avengers får vi heile historia så langt, og får spele oss gjennom The Avengers og den komande oppfølgjaren The Avengers: Age of Ultron. Naturlegvis vil vi få sjansen til å spele som mektige superheltar i ein kamp for å redde planeten.

LEGO Marvel's Avengers vil bli lansert til hausten, og kjem til dei same plattformene som LEGO Jurassic World.

TT Games har produsert LEGO-spel på rekke og rad i ei årrekke no, men der vi først var svært positive til spela, har det dabba litt av i nyare tid. LEGO Batman 3: Beyond Gotham som blei lansert i fjor haust fekk ikkje den beste mottakinga hos oss, og vår mann meinte at det ikkje er moro lenger:

«Har du spelt eit LEGO-spel før veit du nøyaktig kva du går til, og det er ingenting som følest nytt her. Spelet er stappfullt av innhald, men morofaktoren har forsvunne utover det vittige manuset og dei karikerte heltane. Å banke opp LEGO-figurar er ikkje moro lenger og plattformsekvensane har gått frå å vere morosame til å bli eit tidkrevjande og nødvendig hinder for framgangen din.»

Vi får krysse fingrane for at dei nye LEGO-spela blir hakket betre.

Siste fra forsiden