Kom i julestemning med The Witcher 3: Wild Hunt

Ny modifikasjon introduserer vinter til store områder av spelet.

Modifikasjonssamfunnet til The Witcher 3: Wild Hunt har vore ganske dødt i det siste, men i ny og ne kjem det nokre perler. Med eit elendig julevêr i vente for delar av landet, må ein ty til andre ting for julestemninga. Modforfattar KNG byr på nettopp dette med modifikasjonen Winter is Coming.

Modifikasjonen legger til snø over store delar av Velen og Novigrad, samt tungt snøvêr og snøstormar. Det er nokre få småfeil grunna manglande teksturar, men for det meste er landskapet dekkja av snø. Sjølv om Winter is Coming er eit enkelt konsept, har modden stor innverknad på spelet.

Visse morosame situasjonar kan oppstå, då bøndene ikkje heilt har fått med seg at haustinga ikkje fungerer like godt på vinterstid.

Reise til varmare strøk for dei som vil

Geralt på plass i ørkenen.
Geralt på plass i ørkenen. Bilde: KNG

Den same modifikasjonsforfattaren laga sist veke ein mod som gjer om Novigrad til endelause sanddyner. Deserts of Novigrad omgjer slette- og skoglandskapet til sand, og begraver fleire av dei små husa som er spreidd rundt på kartet. Denne modifikasjonen er heller ikkje utan problem, men gir ein heilt ny måte å oppleve spelet på. 

Det er eit lite ørkenområde i standardspelet som forfattar KNG har henta teksturar frå, for å erstatte floraen rundt Novigrad og Velen. Forfattaren har laga ein video som viser fram modifikasjonen.

Les også: Få den beste grafikken og ta dei flottaste skjermbileta i The Witcher 3: Wild Hunt »

The Witcher 3: Wild Hunt - Game of the Year Edition

Windows
Slippdato: 30. august 2016
Sjanger: Rollespill
Utvikler: CD Projekt RED
Utgiver: CD Projekt RED

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen