Lettkledde damer på zombiejakt

Til hausten kjem eit nytt spel i den politisk ukorrekte Onechanbara-serien.

I spelverda fungerer zombier stort sett som kanonføde i spel fulle av stadig heftigare våpen. Den japanske Onechanbara-serien har valt ei litt anna rute og byter ut skytevåpna til fordel for blanke sverd i actionspel i same sjanger som Ninja Gaien.

Det er derimot ikkje action serien er best kjend for, men i staden dei særs lettkledde heltinnene som spradar rundt i eit stadig større blodbad. Her blir fornuftig påkledning droppa til fordel for cowboyhatt, fjærboa og ein bikini så liten at den etterlet svært lite til fantasien.

Serien fekk nokre utgåver førre generasjon på til dømes Xbox 360 og Wii, og det neste spelet i serien, Onechanbara Z2: Chaos er på veg til PlayStation 4. I ei pressemelding fortel utgjevaren NIS America at Onechanbara Z2: Chaos vil bli lansert i Europa til hausten.

Bikini Zombie Squad

Zombieslakt i Onechanbara Z2: Chaos.

I Onechanbara Z2: Chaos møter vi fire ulike vampyrheltinner som får dagane til å gå med å dele zombeir i bitar med skarpe sverd. Vi blir lova eit spel der fysiske angrep og akrobatiske manøvrar vil sende blod og kroppsdelar veggimellom. Dei fire heltinnene skal alle ha ulike kampstilar, men dei vil kunne kombinerast ved å skfite mellom kven du spelar.

Førre gong vi tok ein kikk på eit spel i denne serien var med Onechanbara: Bikini Zombie Squad frå 2008. Vår mann hadde svært lite positivt å seie om spelet, og meinte det var eit tanketomt blodbad:

«Du skal være pinleg glad i lettkledde damer, blod og gørr for å finne glede i dette spelet, og sjølv då mistenker eg at det endar opp i ein sadistisk og sjølvransakande tragedie. Styr unna!»

Om du heller tek zombiene dine i ei meir ordinær innpakning kan nyleg lanserte Zombie Army Trilogy vere eit alternativ.

Siste fra forsiden