Anmeldelse

Lost Planet: Extreme Conditions

Ikkje la deg lure av værmeldinga. Vinteren er her, og den har tatt udyra med seg.

I det som kanskje er ein av dei mildaste vintrane i manns minne, der snøen uteblir og skisporten ser undergangen snike seg innpå med torden i stega (ikkje at eg klagar), kjem Capcom som ein reddande engel frå stormfulle vinterskyer. Dei kastar deg inn i eit isøde som er så kaldt og ugjestmildt at den avskyelege snømannen har pakka koffertane og reist til varmare strøk. Lost Planet: Extreme Conditions er eit ubegripeleg vakkert spel, der intense kampar og ei historie det er umogleg å finne logikken i er dei viktigaste nøkkelorda.

Det er ikkje heilt enkelt å forstå kvifor situasjonen er som den er i Lost Planet: Extreme Conditions. For det første er det litt vanskeleg å forstå kvifor menneska ser på det som ein god idè å busette seg på ein forfrossen planet der så og seie ingenting kan overleve. For det andre er det vanskeleg å forstå kvifor dei insisterar på å bli der når insektliknande monster hoppar opp av snøen kvar du enn måtte finne på å snu deg. For det tredje tek det frykteleg lang tid før du i rolla som Wayne, innser kvifor du skal bekjempe ein organisasjon som ser ut til å ha eit fornuftig mål; varme opp planeten.

Å varme opp planeten høyrest jo ut som ein god idè. Om snøen og isen forsvinn, vil det bli betre levekår for menneska. Om snøen og isen forsvinn er sjansen og stor for at insektmonstra, som går under namnet akrid, vil forsvinne. No har det vel seg og slik at om snøen og isen forsvinn hadde det ikkje vore så mykje å lage eit spel av, så vi får snu ryggen til og late som om vi ikkje fekk med oss kva spelet eigentleg handlar om.

Den kalde planeten

Slik situasjonen er per i dag, lev kolonistane i iskalde forhold der dei er avhengige av termodressar for å ikkje fryse i hel. Det viser seg jo sjølvsagt at akridane spyr ut termoenergi når dei dør, så her er vel kanskje litt av grunnen til at menneskeheita ikkje berre hoppa i romskipa sine og flaug vidare til neste planet. Termoenergi er kraftige saker, og kan restaurere helsa di om den skulle få seg eit slag. Teknisk sett utfoldar dette seg som enda ei ny form for "plukk opp lysande kuler frå døde fiendar"-mekanikk. Vi har sett det før, mange gongar, men her får du forbløffande nok også ein grunn til det.

Termoenergien held folk varme. Ved å plukke opp denne vil lageret ditt med energi vakse, noko som viser seg i form av godt synlege tal på skjermen. Beholdninga di synk gradvis heile tida på grunn av kulda, noko som gir deg ein grunn til å springe i kamp uansett kor mykje helse du måtte ha. Går du tom for termoenergi, går kulda laus på helsa di i staden, noko som kan spå din raske død. Plukkar du opp ny energi, vil du på den andre sida raskt kunne få helsa på maks igjen. Det er ein effektiv måte å tvinge deg til å halde det gåande. Blir du ståande heilt i ro vil du til slutt fryse i hel. Så enkelt er det. Drep fiendar om du vil leve, og er det noko du kjem til å gjere mykje av i Lost Planet: Extreme Conditions, er det nettopp det.

Lost Planet: Extreme Conditions er eit utprega japansk actionspel, men det er tydeleg at gjengen i Capcom har henta mykje av inspirasjonen frå vestlege skytespel. Om du tar gode doser med tredjepersons actioneventyr, blandar med skytespel som Halo og Half-Life, før du til slutt slenger inn store beist kun kloke hovud i Japan er i stand til å tenke fram, har du til slutt Lost Planet: Extreme Conditions i eit hardt nøtteskal.

Wayne har eit solid våpenarsenal til rådigheit. Du finn dei vanlege våpena som automatvåpen og pumphagle. Samtidig får du og kaste deg inn i store mech-robotar for å hamle opp med dei større fiendane på planeten. Desse robotane finn du i mange former. Mange av dei er store og trege, medan andre er små og raske, eller kan bytte mellom to former. Dei fleste mechane kan bruke to forskjellige våpen, og desse kan du skifte ut som du vil. Wayne kan til og med plukke opp desse våpena for litt ekstra skytekraft, noko som ikkje skadar om den siste roboten innan rekkevidde skulle bli sprengd i filler.

Blendande som sol og snø

Lost Planet: Extreme Conditions er hektisk og intens action med alt det bringer med seg. Stort sett er det ei fryd å springe rundt i det kalde landskapet, som er eit flott alternativ i både stil og design i forhold til kva vi stort sett får oppleve. Spelet er unekteleg pent ut, men nokre gongar er det så uforskamma vakkert at det nesten får Gears of War til å bleikne. Sikkelet hang godt ut av kjeften på meg i det eg vandra under jorda for å oppdage dei enorme grottene med ei lyssetting eg ikkje har sett makan til. Når ein i tillegg ser drøssevis med lysande akridar fly rundt i lufta er det vanskeleg å ikkje bli lamslått.

Uansett kor lett det skulle være å bli ståande og måpe, tar det ikkje lang tid før fienden er på deg. Dei kjem i alle former, og nokre er små og tåler lite, medan andre er store og kraftige og må angripast på svake punkt om du skal ha ein sjanse. For førstnemnde viser det seg raskt å være befriande at spelet automatisk siktar på fiendane. Når du skyt på fiendar som tåler kun eit skot, og dei er eit stykke borte, kunne det tatt land tid å sikte seg inn på kvar og ein før du skyt dei.

Det er to frykteleg irriterande ting med Lost Planet: Extreme Conditions som knallhardt kan spenne bein under opplevinga di. Det mest irriterande fenomenet du vil få erfare er kor lett Wayne blir slått i bakken, og blir der. Ved eksplosjonar kan Wayne lett miste balansen litt, eller han landar med trynet i skaresnøen. Ein ny eksplosjon hindrar han frå å kome seg på beina igjen, og slik kan du i visse situasjonar bli torturert frå sans og samling. Eit anna irritasjonsmoment er korleis du ikkje kan sikte rett opp. Siktet stoppar eit stykke opp på skjermen, noko som gjer det vanskeleg å treffe mål høgt opp. Eit ganske hardt skår i gleda som verkeleg kan få deg til å bite tenner.

At du ikkje får sjå rett opp byr også på problem for eit av Wayne sine viktigaste verkty. Han har ein gripetråd han kan bruke for å klatre opp på høgre platå, bakketoppar eller lignande. Ofte klarar du ikkje å sikte høgt nok utan å måtte ta fleire skritt tilbake, noko som kanskje ikkje er fullstendig katastrofalt, men det blir sakte men sikkert ein solid provokasjon mot god design. I visse situasjonar kjem du deg heller ikkje opp der du vil, uansett kor kort avstand det er, kun sidan du ikkje får sikta inn skikkeleg.

Fantastiske monster

Av og til blir det dog nyttig å ha denne grensa sidan den praktisk talt fortel deg at du er for nærme fienden. Dette gjeld sjølvsagt sjefskampane, som utan tvil kan seiast å være spelets absolutt sterkaste side. Nokre av beista i spelet er rett og slett enorme, og med overbevisande fysikk blir det ei rein fryd å angripe dei. Kjem du for nær kan du raskt vente deg å bli slått hardt i bakken. Sjefskampane følgjer den gamle oppskrifta med å tvinge deg til å angripe svake punkt etter tur, før fienden blir forbanna og du må angripe nye punkt. Men dette trekk dette på ingen måte vekk frå opplevinga. Det er intenst og adrenalinet kan pumpe så til dei grader at du nærmast kastar frå deg kontrollaren i eit gledesbrøl når kampen er over.

Lost Planet: Extreme Conditions inneheld også ein underhaldande fleirspelardel. Den bygger på kjende premissar, og byr ikkje på nokon måte på revolusjonerande tankar, men den har sitt eige særpreg. Det er visse forskjellar her som skiljer det frå andre storspel på Xbox Live. Først og fremst kjem dette i form av at omfanget av områda du er i, som er mykje større enn kva ein gjerne er vand med i vanlege fleirspelarkampar. Det er ikkje så mange trange korridorar, men nok av åpne sletter og store slagmarker. Her kan det og bli nyttig å ta i bruk mech-robotane, som du og har tilgong på i fleirspelardelen.

Mange scenario går ut på å ta over kontrollpostar. Desse er plassert rundt omkring på kartet, og om du skal ta over ein slik må du setje deg ned å trykke på kontrollaren ein lita stund. Dette gjer deg sjølvsagt sårbar for angrep, noko som gjer det svært viktig å springe rundt som eit lag. Andre modusar er til dømes alle mot ein, noko som lett kan gi ein inntrykket av at karta i visse tilfelle kan bli noko i overkant store, sidan ein kan springe rundt i lang tid utan å finne den som skal skytast.

Konklusjon

Lost Planet: Extreme Conditions er utan tvil eit svært underhaldande spel. Det inneheld ei kald, men innbydande verd, og er direkte smellvakkert. Visse ting kunne nok uansett ha vore forandra på for å gjere spelet litt meir brukarvenleg. Om du slapp å bli slått i bakken gjentatte gongar av rakettar som susar din veg, eller hadde litt større friheit med kvar du vil sikte, ville nok ein del unødig frustrasjon ha vore unngått. Om ein ser bort frå desse to detaljane, gjenstår eit velpolert og engasjerande spel som gir Xbox 360 publikumet enda litt meir solid action frå Capcom. Lengtar du etter litt kalde – og store sjefskampar – er Lost Planet: Extreme Conditions ikkje til å kome utanom.

Siste fra forsiden