Marie (29) mistar jobben i spelbransjen

– Eg verkeleg elska å jobbe med denne gjengen.

Marie Vilain har jobba for Snowcastle Games sidan mars 2022.
Privat

Denne veka fekk Marie Vilain (29) beskjeden veldig mange spelutviklarar har frykta dei to siste åra.

Ho mistar jobben.

Vilain er éin av sju som må gå i norske Snowcastle Games, som har kutta totalt åtte årsverk etter at ein avtale med Runescape-utviklar Jagex gjekk ad undas.

Vilain har ein speldesigngrad i baklomma, og bakgrunn frå blant andre Krillbite og Dontnod.

– Eg er veldig lei meg, mest fordi eg verkeleg elska å jobbe med denne gjengen, seier Vilain.

Ikkje første gong

Spelbransjen kan vere brutal, og det har Vilain erfart tidlegare òg.

– Det er ikkje den første gongen eg blir sagt opp frå ein jobb i indiebransjen. Manglande finansiering, eller tap av finansiering, er dessverre vanleg. Det siste året har berre vore endå meir tragisk, seier 29-åringen.

Ho trudde at fast tilsetting som spelprodusent ville bety tryggleik, likevel må ho altså sjå etter ny arbeidsgivar.

Vilaine ser først og fremst etter jobb hos andre utviklarar i Oslo, men er òg klar for frilansing på heimekontor.

– Eg håpar jo å finne like kjekke folk å jobbe med, men det er vanskeleg når ein konkurrerer med dei mange tusen fleire som er på utkikk etter jobb i bransjen, seier ho.

2024 har som kjend starta me dei lang rekkje av nyheiter om kutt i bransjen.

Nettstaden Obsidian, som følger situasjonen tett, meiner det var 10 500 som mista jobben i 2023, og så langt 5600 i 2024. Mørketala er nok store.

– Ikkje berre kollegaer, men sanne vener

Dei tallause nedbemanningane har skapt auka interesse for fagforeiningar i spelbransjen, verda rundt.

Vilain har ei sterk tru på at det er vegen å gå.

– Det er ekstremt viktig og nødvendig, sjølv i land som Noreg der arbeidarane har gode rettigheiter.

Når det gjeld den internasjonale industrien, er ho mindre nøgd.

– Du ser selskap som tilsett i haugar, gjer store investeringar og gjerne får rekordhøg omsetning, men som så gjer betydelege nedbemanningar rett etterpå. Det er vanskeleg å forstå det veldige hykleriet til desse aktørane, dei som kallar tilsette for «familie» og set vekst og produktivitet aller høgast, spesielt når «crunch» og utbrentheit er så utbreidd.

Vilain har lite tru på at det å true tilsette med nedbemanningar, skal auke produktiviteten på noko vis.

– Dei som er igjen får endå meir å gjere, og saknar venene sine.

Ho understrekar at Snowcastle Games har vore ein flott arbeidsplass.

– Dei er utruleg dyktige og profesjonelle folk, men òg fornuftige og omsorgsfulle. Eg forlèt ikkje berre kollegaer, men sanne vener. Det er sjeldan at ein finn eit så godt arbeidsmiljø, seier ho.

Siste fra forsiden