Minecraft-skaparen vil endre patentreglar

Notch opnar pengeboka for ei god sak.

Patentar har lenge vore eit vanskeleg punkt i spelindustrien så vel som på mange andre felt. Nokon finn på noko nytt, tek patent på det, og kan såleis hindre andre i å bruke denne nyvinninga. Dette kan vere alt frå korleis ein overfører data, til korleis ting blir gjort i spelet, samt diverse maskinvareløysingar.

I dei seinare åra har uttrykket «patenttroll» gjort seg gjeldane. Dette vil seie at folk tar patent på vage skildringar, og seinare går til søksmål mot utviklarar som har skapt noko som kan relaterast til dette patentet.

Dette er det fleire som har sett seg leie på. Ikkje minst amerikanske Electronic Frontier Foundation som via retten og folkeopinionen vil ha i gong ei patentreform slik at patenter ikkje står i vegen for utvikling. No har Minecraft-skaparen Markus Persson – betre kjent som Notch – donert heile 250 000 dollar til dette formålet, og han har i følgje Kotaku dette å seie om saka:

«Mellombelse løysingar er ikkje nok. Vi må ha ei gjennomgåande og meiningsfull reform som beskyttar programvareutvikling, og held den så fri og demokratisk som mogleg.»

«Nye spel og andre teknologiske verkty kjem frå å vidareutvikle gamle ting, og gjere dei betre. Dette er ein iterativ prosess det noverande patnetmiljøet kan øydeleggje fullstendig. Vi er på ein farleg kurs, og eg er glad for å hjelpe EFF med å styre oss i riktig retning.»

Persson blei i sommar sjølv saksøkt for å bryte ein patent på elektronisk tryggleik eigd av nederlanske Uniloc. Det er med andre ikkje ord så rart at akkurat han engasjerer seg på dette feltet.

Les også: Uniloc nøyer seg ikke med Mojang Les også: Tvist om musikkspill

Siste fra forsiden