Førre veke bestemte Amazon seg for å skrinlegge TV-serien The Wheel of Time. Serien er basert på fantasybøkene til Robert Jordan og Brandon Sanderson.
Den første sesongen blei møtt med skepsis blant både kritikarar og sjåarar, men tilbakemeldingane har kome seg med sesong to og tre.
Amazon har brukt enorme summar på serien, og det er visstnok økonomien som er grunnlaget for kanselleringa.
Etter nyheita om kanselleringa har rundt 35.000 signert på ein underskriftskampanje for å la serien leve vidare.
Nettsida SaveWOT har forfatta brev til Amazon om å snu.
Dei skriv også til Sony og andre strøymetenester for å la nokon andre ta over prosjektet.