Mobilt Halo kjem til konsoll

Spartan Assault kjem til Xbox 360 og Xbox One i desember.

I sommar lanserte Microsoft stikkeskytarspelet Halo: Spartan Assault for Windows 8 og Windows 8-mobilar. Spelet var eit solid skytespel i Halo-universet der du gjennom aktiv tommelbruk kunne plaffe Covenant alt du var god for. I motsetning til dei fleste stikkeskytarspel hadde du ingen faktisk stikker å styre med då Spartan Assault blei lansert, men i staden trykksensitive flater på skjermen.

Mange stussa nok litt over plattformvalet til Microsoft. Eit stikkeskytarspel er laga nettopp for å spelast med to styrestikker, og eit stikkeskytarspel som ikkje støtta handkontrollar var difor noko snodig. Det var først i ei oppdatering over ein månad etter lansering at handkontroll blei tilgjengeleg for PC-spelarane.

Kjem til Xbox 360 og Xbox One

Vil Halo: Spartan Assault få seg eit løft på konsoll?

I dag har Microsoft kunngjort det mange meinte burde ha vore planen frå starten. Halo: Spartan Assault er på veg til både Xbox 360 og Xbox One. Lanseringa vil finne stad ein gong i desember. Med mindre du er ein av dei som kjem til å importere eit stykk Xbox One, må du sjå deg nøydd til å vente til Xbox One-lanseringa finn stad i Noreg ein gong på nyåret.

I konsollversjonen av Halo: Spartan Assault vil vi få nøyaktig det same spelet som på PC og mobil, med eit par unntak. For det første vil spelet kome med utvidinga Operation Hydra, og vil såleis by på totalt over 30 nivå.

I tillegg til dette vil spelet kome med ein samarbeidsmodus. Denne modusen vil vere låst til kvar konsoll, og du kan ikkje spele på tvers av Xbox 360 og Xbox One. Kor mange spelarar denne samarbeidsmodusen støttar har ikkje Microsoft sagt noko om.

Les også: Sniktitt: Halo: Spartan Assault
Les også: Anmeldelse: Halo 4

Siste fra forsiden