Sniktitt

Halo: Spartan Assault

Microsofts storserie blir actionfylt stikkeskytar.

LOS ANGELES (Gamer.no): At Halo er Microsofts store yndling herskar det ingen tvil om. Kvart spel sel svært godt, og opp gjennom åra har Microsoft gjort fleire forsøk på å utvide publikumet til serien. Dei har laga strategispelet Halo Wars til Xbox 360, teikneseriar, samt at vi i fjor fekk ein episodisk film som leia opp til fjorårets lansering av Halo 4.

I vår kunngjorde dei enda eit nytt ledd for å fortelje historier i Halo-universet. I Halo: Spartan Assault får vi fortalt historia om Spartan-soldatar som kjempar kampen mot Covenant i tida mellom Halo 3 og Halo 4. Soldaten Sarah Palmer som var ei viktig brikke i Halo 4 – og då spesielt Spartan Ops-biten – står sentral i Sapartan Assault, men dette eventyret blir noko ganske anna enn kva vi har sett før i Halo-universet.

Eit klassisk døme på baseforsvar.
Eit klassisk døme på baseforsvar.

Stikkeskyting på farta

Halo: Spartan Assault kjem eksklusivt for Windows 8-plattformer, og fokuset er først og fremst på Windows 8-mobilar og nettbrett. Spelet er ein stikkeskytar, noko som vil seie at du styrer figuren din med ei stikke, medan du du skyt rundt deg ved å rotere den andre. Å kalle det stikkeskytar når du strengt tatt berre held tomlane mot skjermens simulerte kontrollar blir kanskje å ta litt hardt i, men spelet vil støtte tradisjonell handkontroll samt mus og tastatur om du spelar på ei plattform som støttar dette.

Om du har spelt eit stikkeskytarspel før veit du strengt tatt kva du har i vente sidan Halo: Spartan Assault oppfører seg nøyaktig slik ein kan forvente seg av eit spel i denne sjangeren. Kontrollane sit godt og responsen er god, sjølv det ikkje når heilt opp mor presisjonen vi får med fyske kontrollar. Utviklarane har i tillegg gjort nokre grep for å gjere spelet gjenkjenneleg for Halo-entusiastar.

Spelet er bygd opp gjennom 25 ulike kapittel som alle byr på sine eigne nivå med diverse oppdrag. Før kvart kapittel får du velje kva våpen du vil bruke, og du kan endre utfordringar og element ved å aktivere diverse hovudskallar, eit etablert element i Halo-serien.

Eg fekk prøvd meg på to ulike kapitel. Det eine var eit klassiske «forsvar basen»-scenario, medan det andre gav meg frie tøyler til å springe rundt på eit større område for å luke ut det som måtte finnest av Covenant. Første og fremst er det tydeleg at utviklarane har gjort ein grundig jobb i å tilpasse det heile for trykkskjermar. Alle viktige funksjonar ligg pent dandert langs sida av skjermen, og om du vil skifte våpen, byte mellom granatar, eller plukke opp noko frå bakken er alt dette berre eit kjapt knappetrykk unna.

Spelet held seg absolutt til seriens røter.
Spelet held seg absolutt til seriens røter.

Lekkert fugleperspektiv

Det aller første ein merkar seg med Halo: Spartan Asault er utan tvil den lekre grafikken. Utviklarane har gjort ein glimrande jobb i å overføre den ikoniske stilen til sci-fi-seren til eit nytt format, og både fargar og design er heilt i tråd med kva vi er vande med frå serien. Alle figurar og fartøy oppfører seg slik vi kjenner dei, og med det kjende lydbiletet på topp er det ingenting som hindrar oss frå å leve oss inn i verda.

Det er ingenting ved dei to kapitla eg prøvde som tilseier at dette blir eit veldig utfordrande spel, men det er nok av fiendar å plaffe ned, samtidig som ulike køyrety gjer seg tilgjengelege her og der om du har behov for litt meir slagkraft. Naturlegvis kan du i tillegg ta over køyrety frå fienden.

Over det heile hadde eg nokre svært solide minutt med Halo: Spartan Assault, men det er likevel ein ting som verkeleg plaga meg. I si noverande form gjer spelet ein alt for dårleg jobb i å informere deg om kva du skal gjere. Eg blei tidvis ståande utan å ane kvar eg skulle gå, og måtte springe litt fram og tilbake for å finne vegen vidare. Akkurat dette blir spesielt irriterande når vegen fram gjerne sender deg tilbake til eit område du allereie har vore i. Dette er ikkje nødvendigvis eit stort problem, men når det gjer seg veldig tydeleg til kjenne i løpet av dei to kapitla Microsoft ville vise oss, lovar det ikkje heilt godt.

Alle maskineri står til disposisjon.
Alle maskineri står til disposisjon.

Konklusjon

Halo: Spartan Assault ser ut som eit habil innslag i Halo-universet. Det finn ikkje opp krutet på ny, men leverer solid action i den velkjende stikkeskytarsjangeren. Fiendane står på tur får å bli meia ned, sjølv om eg hadde til gode å erfare dei heilt store utforringane. Litt problematisk er likevel mangelen på ein god vegvisar som fortel deg kvar du skal gå. Noko som er ganske viktig i ein sjanger så basert på konstant action som stikkeskytarar stort sett er.

Visuelt er derimot Halo: Spartan Assault ei fryd for auga. Det er eit spel som vekkjer Halo-universet til live på ein svært solid måte som står støtt ved sidan av dei andre Halo-spela. Den mest umiddelbare samanlikninga slik sett blir Halo Wars, sidan perspektivet er ganske likt.

Kor stor gjennomslagskraft spelet kan få er derimot eit ope spørsmålet sidan det utelukkande kjem i sal for Windows 8 og Windows Phone 8. Kvifor Xbox 360 ikkje er med i dette reknestykket er eit ope spørsmål.

Halo: Spartan Assault blir lansert for Windows 8 og Windows Phone 8 i løpet av sommaren.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen