Intervju

– Mykje stoltheit står på spel

Når gigantar møtast

Street Fighter X Tekken er resulatet av eit meistermøte. Vi har intervjua skaparane.

1: Side 1
2: Side 2

– Med desse nye spela er det i praksis Street Fighter IV med Tekken-karakterar og omvendt? Eg veit det skal vere eit tag-system i Street Fighter X Tekken, men er dette hovudprinsippet?

– Det er berre ei meining med det du har sett så langt, og det er å vise deg kva vi vil gjere. Det representerer ikkje det endelege produktet på nokon måte. Vi brukte Street Fighter IV-motoren, men det er fordi det var det einaste vi hadde som kunne demonstrere kva vi ville gjere.

Kazuya Mishima i hardt ver.

– I forhold til å hente inn Tekken ser eg på ein ratio som er to til åtte, der to er Tekken og åtte er Street Fighter. Det vi prøvar å gjere er å hente Tekken-karakterar inn i Street Fighter-universet saman med essensen og grunnkonseptet i kva som er Tekken. På den måten vil fans som spelar Street Fighter X Tekken kunne erfare kva Tekken er sjølv om dei aldri har spelt Tekken før. Nokre Tekken-karakterar og Tekken-system har hatt referansar til Street Fighter før, så om vi tar dei Street Fighter-hinta frå Tekken, er det ganske enkelt å inkorporere alle desse elementa i Street Fighter. Tekken er ikkje så fjernt frå Street Fighter som det kanskje kan sjå ut til, forklarar Ono.

– Betyr dette at Street Fighter-karakterar vil handtere slik dei alltid har gjort, medan Tekken-karakterar vil handtere slik dei har gjort berre i eit 2.5D-miljø?

– Som du veit har vi forskjellige knappekonfigurasjonar for spela våre, så i Street Fighter X Tekken vil vi ivareta Street Fighter-stilen med åtte retningar og seks knappar i motsetning til Tekken sine fire knappar og venstre, høgre, venstre høgre. Vi vil behalde Tekken-karakterane som dei er, men dei vil få bruke seks knappar, og dei vil ha den same stilen som før, men med ein konfigurasjon for seks knappar, forklarar Ono.

Lang veg å gå

– Du sa det vi har sett ikkje er representativt for kva de vil gjere, og det får meg til å lure på kva du vil gjere.

– Som du veit er ikkje spelet der enno. Neste år, om du vil kome springande til intervjurommet, skal vi puste og pese for deg medan vi gjer presentasjonen. Kva seier du til det, spør Ono.

– Hahaha, OK du har ei avtale!

Både Ono og Harada ler godt av den stakkars nordmannen.

Men han veit å slå tilbake.

– Neste år skal eg kome springande inn i rommet òg, og vi kan gjere intervjuet medan vi alle pustar og pesar, seier Ono.

– Ååå ... huff, eg har drite meg ut i dag.

Alle ler, og eg kjempar i nokre sekund for å halde meg seriøs før eg stiller neste spørsmål.

– Vel, der er heilt klart litt rivalisering mellom Tekken- og Street Fighter-fans. Er dette dykkar måte å verkeleg avgjere kven som er sjefen ein gong for alle? Samtidig, er det rivalisering mellom utviklarteama om å lage det beste spelet?

– Eg synest ikkje personleg at det er så mykje rivalisering mellom samfunna at dei hatar kvarandre. Eg trur dette først og fremst kjem av at dei alle er veldig interesserte i slåssespel generelt, og er veldig hypa for dette nye produktet. Det er mitt syn på akkurat det, men når det kjem til utviklinga og haldninga til begge teama var ein av grunnane til at vi valde å lage to spel det at vi ville lage den type spel vi hadde mest kunnskap og ekspertise om, medan vi lånte det andre teamet sin IP og lisens. Når det er sagt står det mykje stoltheit på spel, og vi vil ikkje skuffe kvarandre sidan vi brukar kvarandre sin IP. Eg trur dei som tener mest på dette er spelarane sidan vi jobbar så hardt vi kan for å lage dei beste spela vi kan. Alle vinn! seier Harada

Håpet som svann

– OK, siste spørsmål går til Ono. Eg var på Street Fighter-panelet ditt på GDC i San Fransisco i fjor, og der sa du at du ofte hadde fått spørsmål om når det ville dukke opp eit nytt Street Fighter. Så eg tenkte å gjere noko liknande. Når kjem det eit nytt Onimusha?

– Du har oppnådd to fantastiske milepålar i dag! Ein, du er det første mediet på Gamescom som har kome springande og pesande inn døra. To, du nemner Onimusha! svarar Ono.

Dette blir garantert eit minneverdig oppgjer.

– Med det i tankane tippar eg ikkje Onimusha er populært blant folk. Men det neste Onimusha-spelet har faktisk protagonisten klar, og det blir David Hasselhoff.

– Hahaha, Gud betre meg. Vel, det var vel det trur eg. Takk skal de ha.

– Takk til deg også! Hahaha! Bai baaai! (av og til må ein teikne lydar med ord for å frå fram kva som blir sagt).

– No skal eg springe tilbake!

– Hahaha. God tur, ropar de begge.

Eg håpar dette litt kaotiske intervjuet med det som utan mykje konkurranse må vere dei to kulaste spelutviklarane vi har på planeten vår, gav deg litt meir å tygge på når det kjem til dei to nye spela som kryssar Street Fighter og Tekken.

For min del skal eg no grave meg ei veldig djup grop å ligge i ei stund no som denne ekstremt audmjukande episoden ligg synleg for alle og ein kvar.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden