Nifse Slender kjem snart til Xbox One og PlayStation 4

Nifse Slender kjem snart til Xbox One og PlayStation 4

Grøssarspelet kjem i ny versjon med meir innhald.

Slender: The Arrival er eit grøssarspel basert på internett myten om Slenderman. Denne karen er ein over gjennomsnittet høg mann med svært lange armar, utan andlete, og med tentaklar på ryggen. Slikt blir det naturlegvis uhyggje av, og det er nettopp det Blue Isle Studios har skapt med Slender: The Arrival.

Spelet har allereie vore ute ei god stund på PC og førregenerasjons konsollar, men no er tida klar for lansering på PlayStation 4 og Xbox One. I ei pressemelding får vi vite at spelet blir tilgjengeleg frå og med 25. mars.

Sjølv om Slender: The Arrival har vore ute før, blir dette ein heilt ny versjon. Spelet vil bli lengre, og byr på heilt nye historieelement. Vi følgjer hovudpersonen Lauren som må leggje ut på eit nifst eventyr for å finne venninna si Kate, som kanskje har blitt tatt av Slenderman.

Eit svært skummelt spel

Skjermbilete frå PC-versjonen av Slender: The Arrival.

Slender: The Arrival var på ingen måte eit feilfritt spel då det blei lansert på PC i 2013. Det hadde diverse småfeil og manglar, og i tillegg var historia noko vag. Desse tinga var det derimot lett å tilgi sidan spelet byggjer opp ei skummel stemning ein kunne ta og kjenne på. Vår mann enda opp med å gi det sju respektable poeng i si vurdering:

«Til sjuande og sist er det ingen grunn til å tvile: Slender: The Arrival er eit skummelt spel. Likar du, som meg, å påføre deg sjølv høg puls og tynnslitte nervar gjennom å la deg skremme av virtuelle vanskapningar, så er dette eit spel du bør prøve. Sjølv måtte eg spele i kortare bolkar, for å få pusta ut litt innimellom.»

Om du er på jakt etter fleire skumle spel bør du få med deg The Evil Within og Alien: Isolation frå i fjor haust.

Siste fra forsiden