Ny heilomvending for Microsoft

Opnar slusene for indieutviklarane på Xbox One.

Fram til no har Microsoft kravd at alle utviklarar må gå gjennom ein utgjevar for å få spela sine ut på Xbox Live. Dette er no historie, og alle som vil kan leggje ut spela sine for sal. Dette rapporterte Game Informer om i løpet av natta, og påstandane har blitt stadfesta av Microsoft.

Originalt var planen til Microsoft å gjere ei rekke kunngjeringar angåande indieutviklarar på Xbox One under GamesCom-messa i august, men slik blei det altså ikkje. Dei nye reglane til Microsoft vil sannsynlegvis få enormt mykje å seie for utviklarar som er interesserte i å gje ut spel på konsollen. I ein kommentar fortel Microsofts Marc Whitten følgjande:

«Vår visjon er at alle kan vere skaparar, og at kvar Xbox One kan brukast til utvikling. At kvart spel og kvar opplevinga skal kunne nytte kvar feature Xbox One og Xbox Live byr på. Dette betyr at du kan gje ut spela sine sjølv. Dette betyr Kinect, skya og prestasjonar. Dette betyr at folk kan finne deg på Xbox Live. Vi vil kome med fleire detaljar under GamesCom-messa i august.»

Kvar Xbox One blir utviklarmaskin

Marc Whitten. (Foto: Gamerscore, flickr.com)

Ein av dei mest overraskande detaljane om dei nye planane til Microsoft er at kvar Xbox One vil kunne gjerast om til ei utviklarmaskin. Dette er ikkje ei endring du kan gjere sjølv, men med ei godkjenning frå Microsoft vil du kunne bruke Xbox One til å teste uferdige spel. Slike maskiner har i tidlegare generasjonar kosta fleirfaldige tusen kroner, og å gje kvar einaste Xbox One-eigar sansen til å lage spel er definitivt eit modig trekk frå Microsoft.

Du vil derimot ikkje kunne bruke Xbox One som utviklarmaskin på lanseringsdagen, sidan denne moglegheita vil bli tilgjengeleg noko seinare.

Alle indieutviklarar vil kunne setje sin eigen pris og sine eigne lanseringstidspunkt. Kor stor prosent av sala Microsoft vil krevje sjølv må vi vente til GamesCom for å høyre meir om. Dei har derimot store planar om å korte ned sertifiseringsprosessen til noko rundt to veker. Denne har vore ei smerteleg oppleving, og Oddworld-skapar Lorne Lanning var nyleg i harnisk over korleis systemet til Microsoft fungerte.

I bøttekottet

Xbox One kommr i høst.

Microsoft si handtering av indieutviklarane har fått mykje pepper opp gjennom åra. Dei skapte Xbox Live Indie Games-portalen for ein del år tilbake, men den har gradvis blitt gjort vanskelegare å finne og bruke etter kvart som operativsystemet har sett nye utgåver. I Noreg er ikkje ein gong indieportalen tilgjengeleg.

Dette er berre den førebels siste heilomvendinga frå Microsoft i nyare tid. Då dei kunngjorde Xbox One var det med eit krav om å måtte kople opp mot nett minst ein gong per dag. Bonusen ved dette var at du kunne leggje vener til i familien din slik at dei kunne få tilgang på spelbiblioteket ditt, men nettkravet og kraftige kopisperrer møtte så sterke reaksjonar at Microsoft til slutt snudde tvert.

Resultatet blir ein konsoll som ved sidan av ei tilkopling til nett ved første oppstart ikkje krev tilkopling til Internet, er heilt sonefri, og som no i tillegg viser seg å ville kunne brukast som utviklarmaskin.

Les også: Kommentar: Sterk forestilling av Microsoft Les også: Xbox One-sjefen slutter i Microsoft

Les også
La-Mulana får oppfølger

Siste fra forsiden