Titanfall er blant dei mest omtala skytespela i nyare tid. Det har blitt utvikla av Respawn som består av fleire veteranar frå Infinity Ward, studioet som skapte den vanvittig populære Call of Duty-serien. Titanfall bryt med den moderne krigføringa i Activisions storserie, og satsar i staden på ein framtidsvisjon der parkour og digre robotar blir viktige delar av spaninga.
Spelet er utvikla for PC, Xbox One og Xbox 360, men sidan Xbox One ikkje lanserast i Noreg før 26. september, er Xbox 360 det naturlege valet for spelarar utan kraftige PC-ar. Xbox 360-lanseringa har lenge vore sett til eit par veker etter lanseringa på PC og Xbox One, men i dag kom meldinga om at Xbox 360-versjonen er utsett nok ein gong. Den nye datoen er 11. april.
Treng meir tid
![](https://i.bo3.no/image/63057/original.jpg?c=0&h=281&w=500)
Sjølv om det er Respawn som står bak utviklinga av Titanfall på Xbox One og PC, er det studioet Bluepoint Games som står for grovarbeidet med Xbox 360-versjonen. Patrick Söderlund frå EA har i eit blogginnlegg i dag fortalt at dei treng hakket meir tid for å få alt skikkeleg på plass.
Bluepoint Games er ingen nykomar når det gjeld i å handtere andre studio sine spel, og har tidlegare stått for HD-utgåvene av speriar som God of War, Ico og Shadow of the Colossus, samt Metal Gear Solid.
Espen stod for vår vurdering av PC-versjonen av Titanfall. Han meinte spelet er skytespelas nye konge, og gav det ni av ti poeng:
«Titanfall er ei intens speloppleving som set spelarane i førarsetet og klampen i bånn frå første stund. Kampane føregår i eit stort og tidvis fargerikt univers, der alt frå skytekjensla til måten ein beveger seg på er gjennomført med eleganse og presisjon. Meir enn noko anna er det berre moro å spele Titanfall.»
Om du treng litt skyteaction på Xbox 360 før Titanfall blir tilgjengeleg kan du sjekke ut vår vurdering av det ferskaste Call of Duty-spelet.