Nye detaljar om Bulletstorm-skaparane sitt nye spel

The Vanishing of Ethan Carter blir sær grøss i førsteperson.

Etter at arbeidet med det forrykande actionspelet Bulletstorm var over for den polske gjengen i People Can Fly, fann grunnleggjarane av selskapet ut at dei ville gjere noko anna. Dei starta like godt det nye utviklarstudioet The Astronauts, og kunngjorde i februar sitt første spel; The Vanishing of Ethan Carter. I dag har dei sendt ut ei pressemelding med dei første harde detaljane om spelet.

I The Vanishing of Ethan Carter tek du på deg rolla som den okkulte privatetterforskaren Paul Prospero. Han mottek eit brev frå den vesle guten Ethan Carter, og innser at guten er i stor fare. Han reiser difor til heimstaden Ethan; Red Creek, berre for å innsjå at alt er mykje verre enn han frykta.

For å setje stemninga rundt spelet har The Astronauts lagt ut ein kort teikneserie på nettstaden sin.

Vakre landskap kan skjule mykje styggedom.

Tung historie

Ein av dei viktigaste tinga for The Astronauts er å fortelje ei god historie. Med The Vanishing of Ethan Carter vil vi sjå alt – inkludert historia – i førsteperson frå auga til Paul Prospero, men spelet blir heilt blotta for kampar. I staden handlar det heile om å finne ut av kva som har skjedd i Red Creek, og løyse alle mysteriuma.

For å få til dette kan du ta i bruk Pauls spesielle eigenskapar. Han kan visualisere dei siste stundene før eit menneske døydde. Kor nøyaktige desse visjonane blir kjem an på kor mange spor du har funne, og kor mykje informasjon du har greidd å få frå eit lik.

The Vanishing of Ethan Carter er førebels berre planlagt for PC, men The Astronauts ser sterkt på moglegheita for å få spelet over på PlayStation 4 og Xbox One. Nokon lanseringsdato er ikkje klar.

Les også: Grøss i Berlins undergrunn Les også: Anmeldelse: Amnesia: A Machine for Pigs

Siste fra forsiden