Nytt Halloweentokt frå Double Fine

Det sukkersøte rollespelet Costume Quest får oppfølgjar.

Sidan starten med nesten legendariske Psychonauts frå 2005 har Tim Schafers Double Fine-studio skapt ei lang rekke spanande og stort sett veldig humoristiske spel. Dei har laga heavy metal-eposet Brütal Legend, vi har fått leike oss med matryoshkadukker i Stacking, og dei har nyleg servert oss det tradisjonelle peik og klikk-eventyret Broken Age.

Double Fine likar ikkje å liggje på latsida, og så seint som i desember kunngjorde dei hakk og slå-spelet med det passande namnet Hack 'N' Slash. I dag har dei kunngjor enda eit spel mange sikkert har venta på; Costume Quest 2, får vi vite via Polygon.

Maskeraden held fram

Skjermbilete frå Costume Quest.

I Costume Quest møter vi igjen tvillingane Wren og Reynold som i løpet av Halloween-kvelden må kjempe mot uhygga som luskar i mørkret. Som i det første spelet vil dei to tvillingane vandre rundt i nabolaget på jakt etter godteri. Når dei møter monster blir dei forvandla til store versjonar av det dei har kledd seg ut som. Costume Quest 2 vil naturlegvis by på ei rekke nye kostyme.

Stort meir enn dette veit vi så langt ikkje om spelet, men Double Fine lovar eit oppgradert kampsystem, og ei typisk Double Fine-historie.

Kunngjeringa av Custume Quest 2 kjem ganske kort tid etter at Double Fine fortalde at dei hadde fått tilbake rettane til Costume Quest og Stacking. Kva som ville skje vidare med desse to varemerka var usikkert etter at THQ gjekk konkurs i fjor. Nordic Games snappa til slutt opp rettane til Double Fine-spela, men overførte desse tilbake til Double Fine.

Costume Quest 2 vil kome i sal for PC og konsollar seinare i år. Nøyaktig kva konsollar det er snakk om veit vi ikkje enno.

Siste fra forsiden