PlayStation 4 får stemmekontroll

Sonys nye kamera blir ei solid oppgradering.

Microsoft snakkar gjerne om kva dei vil oppnå med neste versjon av Kinect for Xbox One. Kameraet kan lese alt frå ansiktsuttrykk til puls, men samtidig kjenne igjen stemma di. Desse funksjonane er så viktige for Microsoft at du ikkje får kjøpt Xbox One utan Kinect.

Sony har lagt seg sjølv på ei noko anna linje. Originalt ville dei selje sitt nye PlayStation-kamera saman med PlayStation 4, men valde i staden å gjere det heile valfritt for å gjere maskina billegare. Med det har dei lagt seg på eit prisnivå 500 kroner under Xbox One.

Slik ser det nye PlayStation-kameraet ut.

Stille frå fronten

I motsetning til Microsoft har Sony sagt veldig lite om kva kameraet deira er i stand til, men no skriv Eurogamer at dei har fått stadfesta frå Sony at PlayStation-kameraet vil få fleire av dei same funksjonane som Kinect. Blant anna vil kameraet kunne kjenne igjen ansikt og du vil kunne bruke mikrofonen på kameraet for å navigere gjennom menyar.

Nøyaktig kor kraftige kameraet er veit vi derimot framleis lite om, men Sony vil i følgje Eurogamer fortelje meir om kameraet sitt snart.

Ein av funksjonane vi allereie veit kameraet til Sony vil by på er at det vil kunne sjå lysfeltet på PlayStation 4-kontrollarane. Dette lyset vil kunne lese rørsler mykje på same vis som dei lysande kulene på PlayStation Move. Samtidig vil PlayStation 4 vite kvar spelarane er i rommet, og såleis kunne gjere speling på delt skjerm meir tilrettelagt for kvar spelarane sit i forhold til kvarandre. Det same kan gjerast på Xbox One sidan Kinect les eit infraraudt lys på Xbox One-kontrollaren.

Les også: Flerspillerkrig på PlayStation 4 Les også: Eit lass med nye PlayStation 4-spel på veg

Siste fra forsiden