Resident Evil-regissør lagar Monster Hunter-film

Men denne filmen blir nok ikkje heilt det fansen hadde håpa på.

Filmregissør Paul W.S. Anderson har saman med kona si Milla Jovovich gjort ganske stor suksess med sine Resident Evil-filmar. For tida legg dei den siste finpussen på den sjette og siste Resident Evil-filmen som skal lanserast neste år.

Anderson rettar difor kikarten mot nye horisontar, og igjen er det hos Capcom han finn inspirasjonen sin. I eit intervju med filmsida Deadline har han avslørt planane sine for ein serie med filmar basert på Capcoms populære Monster Hunter-serie.

Stort i Japan

Konseptkunst frå Monster Hunter-filmen.
Impact Pictures

Monster Hunter-spela er blant dei bestseljande spela på den japanske marknaden, men har ikkje heilt klart å finne skikkeleg fotfeste i den vestlege verda. I korte trekk handlar det om å lage seg ein krigar, slå seg saman med nokre vener, og deretter jakte på digre monster sterkt inspirerte av dinosaurar. I Deadline-intervjuet fortel Anderson at dette er eit av elementa som inspirerer han mest med Monster Hunter:

«Du kjemper mot desse gigantiske skapningane som kan vere like store som eit bykvartal. Dei lev under jorda, og når dei kjem opp er det som det beste frå Dune. I tillegg har du flygande dragar, enorme edderkoppar, fantastiske skapningar. Det var dette som verkeleg drog meg inn. Det er ei ny og spanande verd vi kan byggje eit universrundt, som eit Marvel- eller Star Wars-univers.»

Monsterinvasjon

Skjermbilete frå Monster Hunter Generations.
Capcom

Ut frå desse orda kan det høyrest ut som om Anderson har planar om å lage eit nytt fantasy-univers i same gate some Ringenes Herre, men det ser ikkje heilt ut til å vere planen. I staden tek vi utgangspunkt i vår eiga verd, der hovudpersonane er vanlege amerikanarar i keisame jobbar. Desse personane finn etter kvart ut at dei nedstammar frå heltar frå ei svunnen tid, fortel Anderson:

«Det handlar om ein vanleg amerikanar som blir dratt inn i ei parallell verd, ei Monster Hunter-verd. Etter kvart kjem den parallele verda til vår verd, og Monster Hunter-skapningane kjem til vår verd.»

Så langt har Anderson lagt planar for to filmar, men håpar på at Monster Hunter skal bli så populært at det kan bli mange fleire. Når den første filmen skal lanserast seiast det ikkje noko om.

I Monster Hunter-spela finn vi ingen parallelle verder. Dei byr på meir eller mindre tradisjonelle fantasyunivers fulle av farlege beist, og krigføringa skjer hovudsakleg med sverd, øks og primitive skytevåpen.

Det neste spelet i Monster Hunter-serien er Monster Hunter Stories, eit rollespel med mykje større fokus på historie enn andre spel i serien.

Siste fra forsiden