Anmeldelse

Resistance 2

Stort og livsfarleg

Nathan Hale kastar seg atter ein gong ut i kampen mot hatefulle beist frå det ytre rom.

1: First page
2: New page

Resistance: Fall of Man var eit godt og underhaldande skytespel, men nådde aldri dei heilt store høgdene. Det haldt deg gåande med kule våpen, og til dels tøffe miljø, men den fantastisk kjedelege fargesettinga gjor det heile til ei ganske monoton oppleving. Difor er det ganske herleg å legge auga på Resistance 2. Fargane hoppar mot deg heilt frå første nivå, og du skal vere passe blind for å unngå å sjå kor mykje lekrare dette spelet er enn forgjengaren. Det er større, det er friskare, og alt set mykje betre ut.

Slutten for USA?

Vis større

Teaser: Resistance 2 #3

Stikkord:
  • action
  • spill
  • playstation 3
  • resistance
  • _editorialselect


I staden for å bli pressa inn i konsentrerte soner som tappert gjer eit forsøk på å framstå som svære, er det ingen tvil i Resistance 2 om at det er ein verkeleg krig på gang. Du møter enorme mengder fiendar, og utfordringa er til tider brutal.

Blendande vakkert

Den grafiske oppjusteringa kan ikkje undervurderast. Tidvis ser det nesten urovekkande realistisk ut, og sjølv om det hender at spelet avslører at det trass alt berre er eit spel, er dette spelet ein unekteleg maktdemonstrasjon for Playstation 3. På sitt beste, gir det inntrykket av at du praktisk talt kan gå inn i det. Dette, saman med ein flott variasjon i forskjellige miljø, gjer Resistance 2 til eit spel som alltid har noko nytt å vise deg. Spelet blir like mykje ei glede i å utforske nye område, som å ta opp den beinharde kampen mot illsinte romvesen.

I tillegg er presentasjonen av spelet ein heilt anna enn den vi fekk servert i Resistance: Fall of Man. I staden for stillbilde og dialog, blir vi møtt av skikkelege filmsekvensar som verkeleg demonstrerer kva grafikkmotoren til Insomniac Games er god for. Det ser heilt fantastisk ut, og det skal godt gjerast å ikkje la seg rive med. Nathan Hale er ein person med ei indre konflikt det er lett å la seg engasjere i, og sjølv om det er litt berg- og dalbane her og der, held historia jamt over høg kvalitet.

Bomber og granatar

Du blir kasta inn i direkte livsfarlege situasjonar, og sjølv om dette stort sett byr på ei herleg utfordring, er det diverre ikkje alltid slik. Dette endar raskt opp med å bli spelets eine, store problem. Kuleregnet er over deg frå alle kantar, utan at du har nokon stad å gøyme deg. Fiendane kjem i ekstreme nummer, og har du teke ein, kjem det ofte to nye. Du drep for fote, og det einaste som eigentleg tyder på at du har gjort noko som helst, er at du er i ferd med å gå farleg tom for ammunisjon.

Dette er likevel langt frå det verste med spelet, for det tek ikkje mykje tid før ein byrjar å bli irritert over banale ting som Insomniac lett kunne ha spart seg for. Ta til dømes ein gjeng stygge havfruer som sym rundt i diverse små sjøar. Først vil du nok leggje merke til det nydelege vatnet, som ser ut som ei vidareføring av Baldur's Gate: Dark Alliance-motoren, og formar seg realistisk etter korleis havfruene rører på seg. I ein lett rus over alt det vakre, skyt du nokre kuler mot beistet og tippar det vil døy, noko det ikkje gjer.

Raskt innser du at det er fordi du ikkje kan drepe dei. Dei kan ikkje døy, dei er uovervinnelege. Desse skrømta må du symje rundt. Eventuelt skal du stå der, vente til de er langt nok unna til at du kan ta sjansen, for så å symje for harde livet over til andre sida. Det sender eigentleg tankane tilbake til plattformspel, ein sjanger Insomniac likar godt med sine Ratchet & Clank-spel. Men der Mario gjerne må vente til ei eldkule er på god avstand, gir det ikkje meining at Nathan Hale skal måtte gjere det same med ei havfrue med seriøse tannhelseproblem.

Usynlege fiendar

Det blir verre. Kjapt vil du bli kjend med kameleonane. Desse beista har minst like stygge tenner som havfruene, men i tillegg spring dei raskt, og dei har store klør. Dei vil drepe deg ofte, med berre eitt slag. Problemet med dei, er at du som regel ikkje veit dei er der før det er for seint. Dei er usynlege heilt til dei er nokre få fot frå deg. Du høyrer kanskje at dei kjem, men du får ikkje gjort meir enn å snu deg i riktig retning før du ser ei klo flerre opp skjermen.

Fleire av våpna er heller ikkje raske nok i akselerasjonen til at du får fyrt av ei einaste kule før det er for seint. Du kan faktisk bli nøydd til å gå tilbake lengre distansar for å plukke opp andre våpen, om du er heldig. Våpen har ein tendens til å forsvinne etter eit nådd sjekkpunkt.

Desse patetiske beista dukkar opp igjen, og igjen, og igjen. Ofte kjem tre stykk etter kvarandre. Først blir du tatt fullstendig på senga, så blir du tatt på senga igjen, deretter er du veldig forsiktig, men blir likevel tatt på senga. Du endar opp med å liste deg gjennom store område over lengre tid fordi du ikkje vil døy grunna desse unødvendige beista. I staden for å vere ein mektig soldat, blir du omgjort til ei lita pingle, av fiendar du ikkje kan sjå. Moro. Dei er fantastisk lette å drepe når du først veit kvar dei kjem frå, men du skal døy litt før du får vite akkurat det.

1: First page
2: New page

Siste fra forsiden